fredag, februar 29, 2008





Den store gjere-alt-dagen-som-eg-ellers-ikkje-får-gjort-andre-
daga-når-eg-e-på-jobb-dagen....

Eller nåke sånt.....
Vaske kle, vaske og rydde rommet, gjere "ærend" rundt om i byen, trene og måle bileter som
er blitt bestillt......

Så sette ein igong med godt mot....
Rydda gamle papir og reikningar. Sette ting i perm ( No blir Synnøve gla!).
Kasta ting som eg har tatt vare på, berre fordi eg meinar at eg får bruk for det seinare
(Les: Serviettar, 26 flasker med body lotion som berre er bittelitt igjen i, toppar som eg ikkje har brukt på minst 5 år som eg ikkje vil kaste fordi dei har ei historie bak seg(( Trur forresten eg skal ta bilete av dei og skrive kva historie som ligg bak dei))....

Så dukkar det eine gode minnet etter det andre:

Brev frå bestemor:
" Kjære Jeanette? (spm. teiknet bak Jeanette er fordi ho ikkje heilt veit, etter 26 år, korleis ho skal stave namnet mitt)
Sender deg ein liten skjerv i nøden, men ikkje bruk det til fest eller klesantrekk, men til mat.
Håpar det kjem vel fram.
Kjærlig helsing bestemor"

Brev frå Astrid (lite utdrag...8 sider...):
" Vers 1. Jeanette dansar balett medan Jon Ove bles i trombone.
Refr. Å du og du det ekje te å tru, Ole Tellevik rei rundt på ei ku.
vers 2. Jannike har ei voldsom hikke, medan Svein Petter spring rundt med ei smikke.
Refr. Å du og du....
Vers 3. Elin øydelegg ein fiolin, medan han Frode ligg i ein kommode.
Refr........................."

...Eller finn eg kjærleiks postkort frå Oxford, avisutklipp frå sanitetsbasar i Kjølsdalen (bilde av pappa og bestemor), avis ifrå 12. september 2002.Postkort få Lars Jonas der han fortel at han ligg på stranda med solbriller på, slik at han kan sjå på alle damene han vil uten at dei merkar det...Og ikkje minst biletet av meg sjøl der eg er utkledd som ein cowboy, lita og uskuldig....

Moralen er: IKKJE under nokon omstende rydd eller vask på rommet ditt. For mange minner, utklipp og spøkelser skjular seg under alle hybelkaninene.......

onsdag, februar 27, 2008

Overbevisande!

Deilig å ha ein heil kveld med klingande nynorsk som smyg seg inn i øyrene.....

Etter kvelden i går må eg berre legge meg flat over det fantastiske opplegget til "framtidsfylket"! Enkle mennesker som vi er frista gratis tapas og to drikkebongar meir enn Gray's anatomy. Maten skuffa ikkje. Det gjorde heller ikkje foredraga/underhaldninga som næringslivet i Sogn og Fjordane kunne tilby oss utflytterane. Eg fekk rett og slett mykje informasjon om næringslivet som eg ikkje visste om. Og det viser seg at reklame-/design miljøet i Sogn og Fjordane slett ikkje er død og begrava, men i full blomstring! Kven hadde trudd det?

Held denne positive utviklinga fram i fjordfylket skal ein slett ikkje sjå vekk ifrå at Jeanette kanskje vurderar ein gong å flytte heim.

tysdag, februar 26, 2008

Forøvrig ville eg berre minne meg sjølv, bloggen og alle andre lesara( om eg forsatt har nokon) på at bloggen min fyller 2 år om 2 daga!
Framtidsfylket?

Kjært barn har mange namn....

"Etter 2007 kan det også bli kalla tilflyttingsfylket."Trivselsfylket", "framtidsfylket" eller "fjordfylket".Folketalsutviklinga vitnar også om eit tilflyttingsfylke. Det er første gong sidan 1997 at folketalet utviklar seg positivt. For i 2007 vart det 65 nye sogningar og fjordingar. Dette takka vere innflytting frå utlandet, viser tala frå statistisk sentralbyrå...!"

I dag skal næringslivet i Sogn og fjordane vise kva moglegheitar vi "utflyttarane" har dersom vi vel å flytte tilbake til fylket. Med tapas frå Sogn og Fjordane lokkar dei unge i Bergen til å møte opp mannesterke for å høyre kva dei har å seie. Og eg må seie eg er spendt på kva dei faktisk har å tilby oss! Her hjelp det ikkje berre å lokke med mange ledige stillingar innan helsesektoren, men med håp om at dei har noko for oss "kreative"- sjeler troppar eg opp med eit opent sinn!

For tross alt, å bu i Sogn og Fjordane er eit verdival, som det seiast. Og eg er temmeleg einig. Vertfall til tider...

http://www.framtidsfylket.no/

fredag, februar 15, 2008


Global oppvarming og spiderwoman.





Kva har skjedd med Bergen i det siste? For tredje dagen på rad e det sol og nesten sky fri himmel!
Jada. Der har vi den.
Den globale oppvarminga. Ikkje lenge før Bryggen forsvinn no.

Då er det greit å kunne klatre. Slik at når flodbølgja kjem for å ta oss, så kan eg berre slenge meg frå knaus til knaus opp til Ulriken. Då er eg trygg då.


In your face Al Gore.

tysdag, februar 12, 2008

Bobla som sprakk.









Då var helga som ein hadde gleda seg til
grua seg til
øvd øvd og øvd seg til over.

Familien er vekk tilbake til der dei har slått opp telta sine
jubelscenene har stilna
naboen har fått tilbake fargen i andletet
leppene har fått kvile
Sinfionetta er lagt til sides for denne gong
og nye spennande prosjekt står for dør!

Tilbake sit vi med ein fin og blank pokal som vi er stolte over
tilbake i vår gode gamle 2.divisjon
nye gode venner
-og ikkje minst kjekke minner for livet.

tysdag, februar 05, 2008

Ein appelsin om dagen......


...er godt for magen. Sa Doktor Hagen.
Har du låk og sår hals, så gje appelsina ein kjangs.
Du vil stråle som ei sol. Det seie vert fall ho mor.
Orange, saftig søt og god. Dette er dagen då du skal ete
minst to.

Eg må gå no. For å kjøpe ei appelsin eller to.
Dette diktet burde eigentleg gått i do.

måndag, februar 04, 2008

Tjohei og hoppsann!


Oppdatering av bloggen? Ja takk. Nytt år, nye moglegheita! Har du tabba deg ut i det forrige året som gjekk. Ok, det e greit. Berre du ser deg tilbake og ikkje gjer same feilen oppatt. Men om du gjer det. Så e det ok det og. For te neste år e det eit nytt år!;) Sånn sett e det temmelig ok.

Kjære blogg. Eg veit. Eg har vore ei uskikkeleg og obsternasig jente som heller har data facebook enn deg. Min kjære blogg. Som eg snart har hatt i to år. Kva skulle eg gjort utan deg? Eg har tenkt på deg ofte. Sakna deg og hatt dårleg samvit for at eg ikkje har gjeve deg nok merksemd!

Eg lova. Eg skal endre meg. Eg skal fortelje deg alt frå no av.

Snakkas!