onsdag, februar 27, 2008

Overbevisande!

Deilig å ha ein heil kveld med klingande nynorsk som smyg seg inn i øyrene.....

Etter kvelden i går må eg berre legge meg flat over det fantastiske opplegget til "framtidsfylket"! Enkle mennesker som vi er frista gratis tapas og to drikkebongar meir enn Gray's anatomy. Maten skuffa ikkje. Det gjorde heller ikkje foredraga/underhaldninga som næringslivet i Sogn og Fjordane kunne tilby oss utflytterane. Eg fekk rett og slett mykje informasjon om næringslivet som eg ikkje visste om. Og det viser seg at reklame-/design miljøet i Sogn og Fjordane slett ikkje er død og begrava, men i full blomstring! Kven hadde trudd det?

Held denne positive utviklinga fram i fjordfylket skal ein slett ikkje sjå vekk ifrå at Jeanette kanskje vurderar ein gong å flytte heim.

Ingen kommentarer: