laurdag, mai 30, 2009

Laurdagskos!

Grilling, raudvin, stearinlys, potetsalat, venner og MYKJE kos på altanen. Bob Dylan er allereide komen:)
Hipp hipp! NYDELEG dag!:):)
Basillar!

No har eg lært det. Alkohol drep ikkje alle basillane, som sykepleiar Johnsen seie. Etter nattas rangling har eg fått ei svært hes og kanskje ein smule sexy stemme;) Vel, innimellom høyrest eg ut som ein kols-hostande mann på 90. Men det set ikkje ein stoppe for denne jenta! I Bergen e det SOL SOL SOL og det skal nytast til det fulle! Grilling i Nordnesparken, kos og leik!

Hipp hipp!:)

torsdag, mai 28, 2009

I eit bilete.

Miks eit kamera med leppestift, eit tonn med rouge, fedd augeskugge og ein god strek med eyeliner så får ein dette resultatet. Bon apétit!








onsdag, mai 27, 2009

Den som trur skal sjå...

Etter mykje prøving og feiling har eg tilsynelatand klart å bli venna med den onde gjæren! Den gjæren eg har kjend i alle år som verken ville formeire seg, la deigen heve og som har latt alle bakeverk eg har laga bli til drapsvåpen. Harde nok til å slå ihel med andre ord....
For fyrste gong kan eg sitte å nyte dei påsmurde rundstykka mine til frukost, med appelsinmarmelade på og kaffi attåt! Og ja- det e ein deilig følelse. For no kan eg klare alt! Til dei/den som ikkje trudde eg ville klare dette: "Begynn å grin'a!!!



Og her får dokke sjå korleis det går med urtene mine på altanen. Vel, dei står ikkje lenger på altanen grunna særs dårleg veir i Bergen, so eg har tatt dei inn i varmen til oss. Ser ut til at dei trivast godt med det! To av dei som har kikka opp er solsikka og basilikumen!



Ellers er det ein solfyllt dag i Bergen i dag, for fyrste gong på ei stund. So dagen skal benyttast til å jogge ute i det fri:) Hipp hipp!

tysdag, mai 26, 2009

Fantastisk bok!



For alle som elska gamle lopper, kunst og interiør. Løp og kjøp!:)
Feel the flow.

Jentene har kome inn i ein god steeam med jogging og klatring på tapeten. Kan seie vi har ein litt ukonvesjonell oppvarming og uttøying. Men som mannen sa då han bygde korthus "Ein har ikkje det meir moro enn kva ein gjer det til sjølv!" Plukking av blomster på vår veg (les: busk), jodling, dansing og hopping gjer alt så mykje meir moro!

Før:


Etter:


It's hard to be a rock'n roller!

Etter at eg gjekk til anskaffelse av rockering, har den vore eit ynda underhaldningsmoment i stova vår. Både av vi som bur her, og dei som kjem på besøke. Nokon av 'rockarane' har betre stil enn andre.......




So....ein pust i bakken etter ei hard rocke-økt.
GODT husmoremne!

Grunna ein mann som ler HØGT av mine ferdigheitar innan baking av gjærbakst, har eg i det siste øvd meg særs mykje. Og nei, eg e ikkje manisk-depressiv sjølv om eg baka til halv elleve på kvelden!:) Har baka horn, brød og sjokoladekake (den deilige mousse-varianten). Brøda vart ok, horna nydelege og like så vart kaka! Og no har eg køpt inn litt grovbakst for å lage grove rundstykke.

Ragnar, in your face!


Dokumentasjon av heving av deig.


Eit lite triks eg har lært av mannen som ler. Til venstre fersk gjær, dei to til høgre er tørrgjær. Måtte berre sjekke ut kva som utvikla seg mest. Berre for å vere på den sikre sida. Ingenting skulle gå gale under denne bakinga nei.

Resultat!
Glimt frå 17. mai.

Vart ikkje heilt det store utvalet av bileter frå 17. mai, grunna ein sleten fotograf som skorta unna jobben sin. Det kan tenkast at det hadde med feiringa av Rybakken dagen før;) Men ei flott feiring vart det uansett! Med frukost på Pingvinen, lunch med Lene og Kent, og ikkje minst kake hjå 'De vakre'


Mannen festklar! Sleta Jeanette tek med siste rest av den STORE skåla med potetsalat heim. Levde på potetsalat ei veke etterpå.... Direksjonsmusikken med si årlege underhaldning i fontena på Olebull's plass. Litt seint ute med å ta biletet. Gjestane var i allefall nesten vekk.
Malin, Britt og Jeanette ute på tur.



fredag, mai 22, 2009

Moods of Norway og banansplitt.

Sitte å nyte siste rest av banansplitt-isen eg kjøpte her hin dagen. Eg elska is og kan gjerne ete ein heil boks når eg fyrst er i gong. Trur pistasie-is er min favoritt, nei kanskje banansplitt eller
brownies. Uansett; is er godt både til frukost, middag og kvelds!
Måtte få med meg reprisen av Moods of Norway dokumentaren. Heilt fantastisk konsept! Vart nesten rørt til tårene då eg såg opptaka ifrå vakre Stryn og den deilige klingande nordfjord-dialekta! Kjenne inspirasjonen boble opp i kvar celle av kroppen min og det er på tide eg går for å få det ut på lerretet. Dei er rett og slett fantastiske representantar for Sogn og Fjordane!
Kom mai du skjønne milde!

-Og det gjorde den. Mai er ein av dei månedane i året som gjer det godt å leve. Ikkje berre gjev den forventningar om lysare tider, men er óg ein månad som er til for å feire Noreg, frigjeringa og ikkje minst Grand Prix! Alexander Rybak gjorde 16. mai til ein folkefest utan like! Dagen vart som hør og bør feira med fest hjå ein kamerat av Ragnar og sambuare til kameraten som er ifrå Australia. Det som gjorde festen ekstra spesieiell, var at mange av dei som kom til festen var ifrå forskjellige nasjonar. Frå Storbritania, Russland, Litauen, Frankrike og Canada. Så alle hadde nesten kvar sin nasjon å heie på:) Sjølv om ikkje alle var like tilfreds med nasjonen sitt bidrag som Noreg (og resten av Europa) var. Felespeling og song om ekskjærasten var tydeligvis ein hit blant folket! Og eg må innrømme eg ikkje synst songen er det verste eg har haurt. Fengande spør du meg!

17. Mai vart litt rusten i kantane tidleg på morgonen i og med at vi MÅTTE feire sigeren til Rybakken. Men dagen tok seg sakte men sikkert oppatt etter å ha inntatt eit kraftig rekesmørbrød på Pingvinen. Traska litt rundt i byen for å få med det obligatoriske på denne dagen. Ropte litt HURRA, for så å hente potetsalaten eg hadde laga og ta den med til Kent og Lene som stellte i stand lunch. Veldig koselig! Deretter vart det servering av kaker og champagne hjå 'De vakre'. Kvelden vart avslutta med ein tur på Logen og sjåing av fyrverkeri.
Ein perfekt dag!

Bilde kjem seinare!

torsdag, mai 14, 2009

Planting og fanting.

Då var krukkene på altanen fulle av jord og markens grøder. Vel, det gjenstår no å sjå om solsikkene, basilikumen, ringblomstane og sukkerertene er interesserte i å komme opp å helse på verda og på meg. Kan nemmeleg ikkje skryte på meg å ha grøne fingra. Heldigvis, for grøne fingra er ikkje spesiellt attraktivt. Trur ikkje du på meg, so spør orkidéane som IKKJE står i glaset mitt lenger men som har teke vegen til himmelen.

Og ja, bortsett frå planting har det óg vore ein del fanting. Fantinga låg berre ein times busstur ifrå, nærare nestemt Milde. Ja, på landet utafor Bergen. Som i gamle dagar då flakedans var eit ynda fritidssyssel, tok meg og min sambuar med oss eit par øl i sekken for å besøke Pånni og Griffeluren. Det er han som bur i det vesle raude huset, ilag med den velse hunden og som køyre rundt på ein liten Smart-bil. Ellers har fruene ete ein del lunch på Opera i det siste. Det fine veiret ser ut til å ha kome for å bli hjå oss ei lita stund no, so får håpe det held seg til 17. mai!
Gleda meg til å valse rundt i bunad, ete lunch med kjærast og vennar, drikke litt champagne og nyte kaker. Etter scene-skiftet blir det raud med kvite prikkekjole, blått silkebånd, blå sko og Norwegian country på Logen!