torsdag, juni 29, 2006

Sommar sommar sommar....



No e sommaren endelig komen te Kjølsdalen! Eit teikn på det va at tante Jenny ba meg kaste gensaren då eg sa det va for varmt "du har no vel BH under!" sa ho. Alltid like dristige tante Jenny. Forresten va ho den med dristigast "splitt" i bestemor sin 86 års- dag, vertfall i følge Therese sine terningkastliste i "gjesteboka" som bestemor har ståande på bordet i stova.

Eg hadde størst utringing og kortast skjørt.
Signe frå Gloppen hadde dristigaste antrekk.
Bestemor hadde fått høgast terningkast for å vere mest glamorøs.
Geir Egil var den som maste mest (kan du tru det....).
Elise (då 4 år) fekk høgast terningkast for beste replikk: "kan du løfte meg opp for eg har so stort skjørt..."

torsdag, juni 22, 2006

No e fødselen vel i hamn, og her sitte vi igjen meg fem små makka av nåken kattungar. Egentlig synst eg ikkje katta burde ha fått meir enn to stk. fordi tre av dei kjem mest sannsynleg til å ende opp i "kattehimmelen" om eit par daga.

Eg har prøvd å komme med gode argument for at vi ska behalde allje.....som bl.a. at vi kan gje dei vekk??... men som det trauste gardsmennesket bestemor e, so seie hon med ei streng miné "e du GAlen! vi skulle vel fostre opp alle dissa!"...... "dei e no so små allikevel at dei ikkje kjenne nåke"...( då det vert snakk om avlivning) Fy bestemor!! Då som e eit kristen og rettslegt menneske burde snakke sånn!

Sånn blir ein ette 100 år som gardskjerring. Kald, umenneskleg og ALT for rasjonellt tenkande når det gjeld oppforsting av små kattedyr som eigentlig ikkje gjer nåke nytte for seg...

onsdag, juni 21, 2006

Ps.

Dei som ellers e so storkjefta og alltid har nåke dei skulle ha sagt har óg lov å kommentere. Ska ikkje nemne namn Therese og Katrin...
Ei lita oppdatering!

No har eg betrakta kledene opp og ned i mente. Det vise seg at nåken av dei ikkje e so vest allikevel.

Katten te bestemor har fått rie. Eg har kokt opp varmt vatten, og har reine kluta klar.... (veit ikkje heilt ka ein ska bruke det te, men dei gjer alltid det på film)
Vi har foreslått akupunktur som eit hjelpemiddel; slik som Marta louise hadde. Vi har diverre ikkje skikkelige nåler, men håpe at bestemor sine strikkepinnar duge. Har haurt ifrå dei konglege kretsar at rosenterapi skal hjelpe óg, men rosene i hagen til bestemor har ikkje "språtte" ut endå.

Uansett ligg katta fint på skinnfellen oppi stolen te han bestefar. Hm... kan tenke meg bestefar grmmast opp i himmelen over at "den fordøøømmmte katta" ligge opp i stolen hass for å føde. Mest trulig hadde han kasta tøffelen sin på den, før han hadde kome med nåken svært så saftige gloser som både hadde hatt bokstaven F..i.......osv. og H....e.....osv i seg!:) Bestefar, berre slapp av! Bestemor har lovd at hon ska vaske skinnfellen godt ettepå. Kanskje vi t.o.m kalla eine kattungen opp etter hon "Perneeele" i bakkjen??
Skuffa....



I dag hadde eg gleda meg til å hente pakken frå Hennes og Mauritz som låg å venta på meg hjå nærbutikken. Gla og fornøgd opna eg pakken då eg kom heim..... Eit skår i gleden; kledene som i katalogen såg so fantastisk fine ut, var slett ikkje so fantastisk fine då eg tok dei på meg....dei mangla rett og slett form, og fargen på den fine lakserosa blusen... ja, ka ska eg seie...rosa fargen samsvarte ikkje akkurat med den som var på nettkatalogen....

eg e djupt skuffa og vonbroten.....Hennes og Mauritz sucks!!!!... (vertfall når ein bestille..)

tysdag, juni 20, 2006

Kakemonster...

I dag har eg hatt fri. Ein fortreffelig dag om eg skal seie det sjølv!
Ikkje berre at eg har hatt fri, men den har óg vore ganske so produktiv- og ikkje minst, eg har fått ete kake!

Elin, Beate og meg har vore på Eid i dag. Vi har kopiert ting og tang, henta skattekort, handla matvare te bestemor, besøk Bente i "gamlebanken" (turistkontoret på Eid), og dukke kaffi på "Didriks".. ein koslig kafe som ligg midt i Eid sentrum.

Då eg kom heim besøkte eg bestemor, noko eg gjer kvar dag, det nye i dag var at katten hadde spydd på teppe... ikkje veit eg, kanskje det va morgenkvalmen??.. vertfall låg både eg og bestemor på alle fire for å vaske teppet reint. Eg har til og med raka ihop nåke gras. Deretter fekk eg ete bestemor sin VELdig gode lapskaus.

Neida, dagen tok ikkje slutt der. Elin og eg tok oss ei runde rundt Kjølsdalen... vi jogga so fint og snertent i tightsen! Etter utskeiinga av sportslege aktivitetar var det duka for kakeeting med ein riktig so god kaffitår attåt...mmmm...... skulle ha ete kake kvar dag!
Deretter satte vi oss ned med eit gamalt fotoalbum.... vi va vel ca. 16-17 år... og vi såg vellllldig morosame ut. Alle hadde kort rett av hår, med midtskill. Jannike såg ut som ein gut, eg va bleik som eit spøkelse, og Elin hadde dei "finaste" kledene i Kjølsdalen. Det va tider det. Ikkje minst kunne vi drikke oss full på ei "Hootch" eller ka det vart kalla....hangande rundt alle dei lokale heltane på flakedans i kjølsdalen, hyttetura med folk ein knapt huska kven er lenger, og det var ikkje minst veldig poppis å gå med lusekofter i alle slags fargar....

Berre vent, om ti år sitte vi å ler av kor teite vi så ut i dag.....

måndag, juni 19, 2006

Hipp hurra for Lars Jonas!



I måra, 20. Juni- 06 blir Lars Jonas 24!
For dei som ikkje veit det, e han ein av dei eg gjekk i klasse med på Høyanger vidaregåande skule, og som utan tvil gjorde året der minneverdig!

For dei som er på jakt.... Dette er utan tvil draumemannen med berre gode kvalitetar!

Håpe du får ein trivelig bursdag Larse'n :)!



søndag, juni 18, 2006


Ikkje akkurat sydenveir...

Kor e det blitt av sola? Har nåken fanga den?... Eller e det skyelaget som ligg over Nordfjord blitt permanent?
Må seie eg misunne austlandet litt..

Nei til meir styggeveir! ja til brunfarge på kroppen!


Oppsummering frå Kjølsalen:
- Flakedansen kost 150 kr.!! (Faktisk halva av ein Robbie bilett!)
- Katten til bestemor har forsatt ikkje fått unga.
- Blomstrane på marka har vokse 4 mm. på tre daga..
- Era spring ette fuglungane på marka.
- Eg har skreve meg i dei to bøkene som ligg på "Dua"
- Vi har kjøpt to pakka is på Lidel.
- Mob. tlf. min e død.
- Vi har fått ein ny støvkost på hotellet. Ser nesten ut som ei duskedame der eg svinsar med svansen....

Ps. eg kjeda meg litt.....

Kommentar til biletet:

Gla e eg og for at tida går, og at folk farandra seg... hahahahahahahahahahaha!!!!!................

torsdag, juni 15, 2006

oki oki...

No skal eg ikkje fortelje om skitne lugubre hotellrom.

Fem ting eg gleda meg til i sommar:
- Flakedans.
- Slikke sol på Refviksanden (og grilling).
- Til systre, slekt, venna og kjæreste kjem på besøk.
- Malakoff rockfestival.
- Danse rundt i lett sommarkjole.

Fem ting eg har lyst å ete i sommar:
- Is, is, is og is.
- Grill mat, gjerne fisk og kylling med masse stæsj!
- Pastasalat.
- Tortilla og guaqemole.
- Melon og jordbær.

Fem ting som er eit must om sommaren:
- bikini.
- Solseng.
- Flippfloppa.
- solbrille.
- Flagrekjole.

Eg har fleire femtingpåmiliste.... men det ska eg komme tebake til i måra:)... no e det natt, og eg ska legge meg.

tysdag, juni 13, 2006

Pus.




Pusen te bestemor e blitt ei dundre. Det e vel like før hon nedkjem med kanskje femlinga eller sekslinga. Etter størrelsen å bedømme blir det nuk nåke sånnt ja...

Problemet e berre at katten har for "vane" å gjøyme seg vekk før den får unga. So dukka den plutselig oppatt etter nåken veke, med ein skokk med ungar som e so livredde at ein skulle tru dei hadde sett sjølvaste Jon Bolstad. Ditta lika ikkje bestemor. So no har hon eit prosjekt på gong. Bestemor har laga ei kasse meg eit teppe i, so ho so fint har plassert under stovebordet. Der e det meininga at katta ska føde dissa ungane sine. Ikkje nuk med det. Katten får ei heller gå ut lenger- "Den får jammen det holde seg inne til ho har fått kattongane" seie bestemor.

Hon ekje so dom hon bestemor. No venta vi alle i spenning......

måndag, juni 12, 2006


Fyrste dag på jobb...

Jaja, då va eg i gong. Kom heim frå Bergen i går, og i dag hadde eg min fyrste dag på jobb. Hotellet såg ut akkurat sånn eg huska det. Forsatt va det like travelt. Og forsatt vart eg like lei på slutten av dagen som eg alltid har vore. Kjekt å sjå igen alle dei gode gamle! Nokon gamle var erstatta me nye. Kokka vart forundra over å sjå meg att. " ALDRI meir!" hadde eg visst sagt i fjor. Vi kom fram til at det har eg igrunnen sagt kvart einaste år. Vaktmeisteren meinte eg sikkert kom til å "gå igjen" på hotellet, då eg sa at det vart ikkje riktig sommar utan at eg har jobba på hotellet. Det kan jo godt hende.

Uansett. Kjølsdalen e avslappande... Veit liksom ikkje heilt ka eg ska ta meg til når eg e ferdig på jobb. Litt uvaneleg å ikkje ha mas og kjas rundt seg. Eg må på ein måte venne meg til att på nytt å ikkje kunne springe ut døra for å gå på rimien, ikkje kunne gå på cafe når eg måtte ønske det, og ikkje ha venna rundt meg til alle døgnets tider. Men på same tid veldig godt og befriandes!

I stad va eg ned på grava for å besøke og vatne min kjære bestefar. Der fekk eg litt av eit sjokk. Mamma hadde forbreida meg på det utan hell. På nedsida av kyrkja, der alle dei eldste gravene ligg, hadde dei faktisk tatt vekk alle gravsteinane. Området der det hadde stått minst 50 graver var no ein stor moldhaug. Grunnen til dette makabre "fritidssysselet" var at dei trengde å legge mold på toppen av all leira som var i dette området. Leira gjer nemmelig at rotningsprosessen tek mykje lenger tid. Og dette resultera i at når dei gamle gravene er "utgått" på dato, og der skal leggast nye oppat på der igjen, kan dei vere så uheldige å støte på likrestar.... usj...

Gravsteinane ska visst på plass att igjen, både oldemor og oldefar!godt e no det. Håpe berre dei har laga ei god skisse på kvar dei forskjellige låg hen..... blir litt trist om Olina Hatlegjerde plutselig skulle fått gravstøtta til Josefine Sundal.. osv....

onsdag, juni 07, 2006

Her e litt reklame for Malakoff rockefestival på Eid. Det kjem uten tviltil å bli fantastisk bra i år óg! Festivalen vann faktisk prisen for beste rockefestival i 2004. So ta turen!:)


Program - Malakoff 2006



Fredag 4. august:
Tim,The School,Serena Maneesh,Animal Alpha


Laurdag 5. august:
MagnetTurboneger,SilverThe Goo Men,Briskeby,Superfamily,Svelene,Bjørn Berge,The Vinyards,BOB,Rauma Rock/ØresusEggstock
Tatt av vinden.

No e det sommarferie for min del.

Eg ser fram til lange daga på hotellet med min kjære venn "tvåga"(klut... til dei som ikkje skjønnar slikt språk...), busslaster med sleske spanjolar som ser på rompene til stuepikene...amerikanara med store kvite "basketsko" og mage i tilsvarande størrelse, franskmenn som nekta å prate engelsk, laken med bremsespor og div. andre kroppsvesker, menn som tydlegvis har for lang manndom-eller som trur dei har det.. sidan dei ikkje med kjangs i havet greier å treffe det fordømte holet som befinne seg på badet (les:do)....uff ja... gledene er mange på Nordfjord hotell....

Men det merkelige e at det ikkje blir sommar utan lukta av hotellkorridorar og mennesker frå fjerne land....som ein liten eksotisk oase midt i traustaste bondeland. Sjølv om det blir min 8. sommar på hotellet(!!!) ser eg faktisk fram til enda ein sommar med påklistra smil, og hyggelige utvekslande fraser til turistane...(ikkje spør meg om eg synst det samme på slutten av sommaren)

Det nye i år er at eg skal jobbe ei tre vekes periode på parfymeriet på Eid. Trur det kan bli eit kjærkomment avbrekk etter hektiske veker på hotellet!:)

No venta eg berre på at sola ska gjere sin ankomst...slik at vi kan nyte fridagane med bading og grilling på Refviksanden, turane opp på sætra, flakedansane og ikkje minst Malakoff Rockefestival...som utan tvil kjem til å bli eit stort høgdepunkt i sommar!

-og for dei som e i Jølsterområdet neste helg.....pass opp.....Kjølsdalen e laus.

måndag, juni 05, 2006

Min båt er så liten og havet så stort, men Jesus har grepet min hand. Når han styrer båten da går det så bra, på veien til himmelens land...

Ja, det stemme. Eg e blitt gal.

Oii... der mista eg Christian som kjærest... oi, der for jammen det Kotsasi óg! hihih.....

Eg ska brenne bøkene mine, trakke på dei, spytte store slimkyse på dei, legge dei ut på motorveien so dei blir overkjøyrd.... og til slutt danse seierdans rundt dei. Eg hata kunnskap.

søndag, juni 04, 2006

HMF......... Ja, eg har vore veldig sløv i det siste til å skrive på bloggen min..

Kan du tenke deg følelsen av å endelig ha sommarferie, kasta bøkene bakerst i bokhylla, pakka med skulesekken... so vips...; so finn du plutselig at du har ein eksamen igjen... MUNNLEG!...

Satt so glad og fornøgd ein morgen, hadde fri, sola skein, fuglane kvitra og eg hadde kaffikoppen, med rykande fersk kaffi i handa... ting kunne ikkje bli beire.. Heilt til eg TILFELDIGVIS sjekka på "Mi side"(universitets side) at eg faktisk hadde ein eksamen igjen...jada.. eg skulle ha munnleg i det fage eg leverte heimeeksamen!!

So.. ette ein dag med "fri", va det berre å sette igong å lese att. Onsdag e visst ein fin dag for munnleg har eg haurt... ska tru om det stemme...
Legg ut eit bilete frå "gamle" daga. Blåtur med musikklaget 1999....