laurdag, oktober 30, 2010

Den fyrste song.

Nokre songar blir i hjartet og vil ikkje sleppe taket- uansett kva som måtte dukke opp inn i mellom augeblikket du høyrer songen for fyrste gong; til dagen då du spelar den på nytt att for ørtande gong. Og du veit meg deg sjølv at det ikkje blir den siste.


Songar er som med lukt. Tonane kan frambringe nesten nøyaktig kva du tenkte eller følte då. Ein oppleve augeblikket på ny, berre i ein anna setting og gjerne i ei anna epoke. Ein ser tilbake og kjenner at ein ikkje ville vore forutan den hendinga eller perioda i livet.

'The blowers daughter' er haust for min del. Ny kåpe, varme støvlettar, lauv som fell frå treda og haustmørke. Og avstands forelsking. Ei forelsking som blussa opp att kvar tirsdag i ca. eit år. Eg fekk vertfall nytt fint smil av det.

Det rare er at ein trur gjerne alle andre vil kjenne dei same kjenslene i denne songen. Berre fordi ein har knytta sterke og personlege band til den. Men då ei venninne sa at den songen minna ho om sol, sommar og late varme dagar; så fekk eg ei sterk trong til å rope ut "Nehei! Det gjer den so visst meg ikkje". Men eg tok meg i det, og skjønte i mitt stille sinn at eg ikkje har monopol på kjenslene i denne songen.

Fin song er det uansett. 

Damien Rice - The Blower's Daughter - Official Video

Det er laurdag.

Eg har ca. to minutt på å skrive eit noko lunde veti innlegg.
Det er som sagt laurdag, og tid for jobb. Ute regnar det store dråpar. Ikkje akkurat overraskande oppførsel av Bergen på denne tida av året. Faktisk synst eg Bergen må skjerpe seg på det punktet. Kan ikkje halde på sånn. 

Det mest fantastiske er når ein er på veg til jobb på morgonen. Regnet dundra ned i mengder. Og ein gjer seg minst mogleg under paraplyen, for at ikkje skuldra og alt anna som kan stikke utanom skal bli vått. DÅ skjer det. Ein bil susar forbi og hjula treff midt opp i ein av desse dammane som har hopa seg opp.

Splæsj! Seier det. Og alle delane som IKKJE skulle bli våte har blitt dynka i godt gammaldags vatten...

tysdag, oktober 26, 2010

Det perfekte liv.

Kjennast nesten ut som har skreve eit innlegg om dette temaet allereide. Men inn i mellom slår det meg. Kva er det perfekte liv?
I jungelen av forskjellige livsstil-bloggar kjenner eg meg som eit lite usselt fjon.

Mange av dei bloggane eg les handlar om mote, reise, interiør og generell materiell lykke. Alle ser ekstremt lykkelige, rike, vakre og vellykka ut. Og då startar eg å lure; Er dette deira verkelege liv?

Er det berre meg i heile verda som kjenner haustmørket gjere noko med humøret, energien og følelsane? For akkurat no, når mørket utanfor stoveglaset ser ut som ein svart betongvegg, så får ikkje eg lyst til å hoppe rundt med kameraet mitt for å ta bileter, trene om kapp med regnet eller kle meg opp i mine finaste gevantar. Kanskje eg nettopp skulle ha gjort det- slik at haustdepresjonane ikkje snik seg inn under huda på meg. Men sorry folkens! Inn i mellom kjennast det best å berre legge seg under det lunde gode pelspleddet og la verda der ute berre vere så tilsynelatande perfekt.

No er eg kanskje over gjennomsnittet kaotisk i følelsane mine. Nettopp fordi eg er ein skorpion. 

'Ein skorpion er hardast mot seg sjølv. Dei må utforske sine djubder, kjenne seg sjølv, oppleve eksistensen sin essens- og blir like vel ikkje fornøgd. Dei søker etter å rive ned alle grensene mellom 'sjølvet' og 'universet' 

Eg ler inn i meg sjølv av dei beskrivingane! For eg kjenner meg igjen på ein prikk. Streben etter å bli "noko". Korleis kan døgnet ha plass og energi til alle dei "Må'a" som trene, jobbe og tjene mykje pengar, vere sosial, lese mange fine og intellektuelle bøker, ta bilder, male kunst osv osv. Lista er  motlaus lang! Men ein stad må ein starte.

Eg lærer sakte og sikkert at ein ikkje kan gape over alle dei på same tid. Ein må nøste opp måla ein har som eit garn. Starte i ein ende, og jobbe steg for steg innover mot kjerna. Min kjære har lært meg at eg ikkje må vere for utolmodig i livet. Men at så lenge eg har lyst og mot til å gjere alt eg vil utrette- så kjem eg til å nå dei; ikkje i dag eller i måra, men etterkvart. 

Det viktigaste av alt; Ikkje gløym å leve på vegen mot det målet.





Helg med øving.

Helga har gått med til øving. Såre lepper og dirrande tromhinner etter kraftig speling frå korpset. Straks venta Stavanger- nærare bestemt fyrste helga i november. So då blir det feiring av bursdagen min på veg til Siddis!

Gleda meg!

laurdag, oktober 23, 2010

fredag, oktober 22, 2010

Olsen sisters.

Eg har alltid digga den eksklusive, avslappa, bohem, rocka og sofestikerte stilen til Mary Kate og Ashley Olsen. Dei ser heilt fabelaktige ut begge to! Kanskje ikkje så rart, sidan dei er nesten heilt identiske.. Gjennom dei siste åra har dei designa sin eigen kollekjon med nydelige plagg, sko og smykker. Og eg lika alt eg ser! 'The row' er det eksklusive merket, 'Olsenboy' er den rimelegare og meir avslappa varianten og 'Elizabeth and James' er ei blanding av leik med dei feminine og maskuline linjene.
Diamond's are a girls best friend.

I skrivande stund har eg pådrege meg forkjølelse og halsbetennelse- igjen. Ønska meg eit litt sterkare imunforsvar til jul. Blir desverre alltid så lett forkjøla i vinterhalvåret, og er eigentlig dritt lei av kommentarar som "E du forkjøla igjen?" - ja, tenk eg er det. Og eg kan desverre ingenting for det. God eg aldri er sjuk av andre sjukdomar då!

Ute har det snøva i Bergen. I går natt når eg ikkje fekk sove, stod eg opp og gjekk inn på stova for å legge meg litt på sofaen. Der venta det eit fantastisk skue. Og eg fekk den gode gammaldagse følelsen av at eg var ein liten unge igjen! Vi har store vindaug som vende ut mot ein fin bakgård og alle hustaka i nærleiken. Dei var kvite av snøv og store flak dala ned gjennom lufta. Magisk! Så eg la meg i fosterstilling i sofane innpakka i teppe og berre stirra ut i det vakre synet.

Kan tenkast at dette blir dagen for særs mange innlegg på bloggen. Berre fordi eg ikkje kan gå ut, og dette er ein av dei måtane eg kan kommunisere med omverda på, og fordi eg har gått meg vill i verdsveven, funne mange fine bilder av både kle, interiør og alt anna som får auget til å stråle!

Fann blant anna eit bilete av dette fantastisk fine speilet! Kan lett bli litt for pompøst, men i kombinasjon med grove og robuste overflater, røff tekstur og tred- så kjem det verkeleg i sitt rette element! Det vil eg ha, takk!

fredag, oktober 15, 2010

 Ervin!

Gode, snilde, vimsete,eventyrlystne, full av historier, djupe samtalar,moroklomp- Ervin besøkte oss i byen mellom dei sju fjell! No har fuglen flydd tilbake til sørlegare strøk...:(

Fjas!







Bestefar.
(skulle leggast inn i går)


I dag. fjortande oktober skulle vår kjære bestefar ha blitt 94 år. Kan ikkje hugse å ha skreve eit heilt innlegg om bestefar i Kjølsdalen før.Og skjønna ikkje heilt kvifor. Men no, bestefar, er det på tide at du endelig får det avsnittet du fortjena!


Bestefar, gode snille bestefar. Eg veit ikkje heilt kor eg skal starte. Bestefar var på så mange måta ein enkel og nøktern mann, som i alle sine levedagar jobba hardt på garden heime i Kjølsdalen. Allikevel var han ein kompleks mann, med stort engasjement! Spesiellt var engasjementet høgt heime i stova når Anne Enger Lahnstein og Gro Harlem Brundteland dukka opp på tv-skjermen.
For han var dei likestillte med Gud og djevelen.

"Nei-dronninga" represtenterte sjølvsagt Gud og "rævholet"- såkalla Gro Harlem Brundteland var djevelen i bestefar sine auge. Tv'en hadde vore knust opp til fleire gongar om ikkje bestemor hadde roa han ned med litt småkjefting ifrå kjøkenbordet. Utifrå det kan vel alle lese at det å bli medlem av EU ikkje var noko som stod høgast på bestefar si ønskeliste- for å seie det slik!

Bestefar var ein svært rettferdig mann. Ingen skulle forskjell behandlast. Ofte 'stakk' han til oss barnebarna ein hundrelapp i neven uten at bestemor såg det, etterfulgt av eit lurt blikk og ein "husj-ikkje-sei-det-til-bestemor"-finger framfor munnen. Bestemor var nemmelig litt irritert over at han ikkje brukte nokon pengar på seg sjølv, men gav vekk alt han hadde. Og det var bestefar i eit nøtteskal.

Sjølv om bestefar og eg hadde våre diskusjonar. Så var det rett og slett fordi vi var like sta begge to. Og eg skjønnar kor eg har den "flotte" eigenskapen ifrå. Sjølv om han kunne hisse seg veldig opp til tider, var det akkurat som han ikkje kunne hugse kvifor han hadde hissa seg opp ca. to minutt etterpå. Noko som kanskje var like greit, sidan ansiktsfargen kunne gå ifrå å vere kvit til signalraud på eit sekund. Men vi barnebarna hadde sjølvsagt stor respekt for vår kjære snille bestefar, for sjølv om han var godheita opp av dage, så var han sine avgjerdingar ikkje til å rokke ved. Noko vi tett og ofte fekk erfare i siloen når han ropte "heimover med grabben! HEIMOVER!!" Og vi ikkje heilt visste kor 'heimover' var (?)

Ei historie eg hugsa klarast om bestefar, var då han låg å kvilte middagskvila si på divanen på kjøkenet. Divanen og han stod saman i tjukt og tynt. Bestefar hadde det som fast rutine at han låg på ryggen med hendene falda i hop på magen, munnen open og dura i veg som eit lokomotiv. Det var rett før kveldsstellet i fjøsen og bestefar tok ein av kvilane sine på divanen. Eg satt rett ved sidan av som eit lys- med auger glødande av faenskap. Ikkje visste han det; då han var komen i sin djupaste søvn. Eg satt å strauk bestefar litt på kinnet, då eg såg bestemor sin leppestift ligge å slenge på kjøkenbordet. Då såg den 'blendavaska' djævelen sitt snitt i å finne på litt djævelskap med bestefaren sin.

Eg tok den raude leppestiften og smurte godt på- både rundt munnen og ellers litt andre plassa i andletet. Der det måtte passe liksom. Eg hugsa den barnslege gleda over at han ikkje vakna, og kunstverket mitt kunne utførast med stor presisjon!

Bestefar vakna omsider. Eg smilte kanskje litt meir enn kva som var normalt, men han tenkte ikkje noko over det, sidan eg i grunn var eit svært lukkeleg og humoristisk barn. Han tok på seg six-pencen, den blå sletne jakka og dei store brune støvlane meg kyramøk på, og tok fatt på dei tjue metera ned til fjøsen. Nede i fjøsen var sjølvsagt pappa i god gong med forbreidingane til melking av kyrene. Han lo høgt då bestefar kom inn på 'kontoret' og såg bestefar med raud leppestift over heile andletet...

"Trur kanskje du bør ta deg ein kikk i speilet"- sa pappa. Og bestefar gjekk til toalettet. " Nemmen, inn i heeeelvete!"- sa bestefar (som banna svært ofte, men ikkje meinte noko med det).
Sjølvsagt lo han godt etterpå, og kunne ikkje fatte korleis eg hadde fått til eit slikt "godt" arbeid på berre nokre minuttar. "Eg trudde no at du berre satt å strauk meg på kinnet eg!"- sa han. Og, jo, det var no i utgongspunktet det er hadde gjort.

Det er utallige av gode historier eg kan fortelle om bestefar. Og mange av dei elska han å fortelle oppatt og oppatt sjølv!

Bestefar, vi tenke på deg kvar dag og saknar deg stort! Du er med oss i alt vi gjer, og eg vil gjerne heve eit glas med 'vooooka' og sitronbrus for ditt gode og kjære minne!

tysdag, oktober 12, 2010

Våkn opp!

I går, på veg til jobb vart eg søren meg overfalt av fem gamle damer, med store runde briller, kvitt hår og ekkelt smil rundt munnen. -Ja, for eg synast dei rett og slett er ekle. Dei gamle damene og menna som går rundt med "Våkn opp!"- blada som blir utgjeven av jehovas vitner.

For det fyrste; kven i alle dagar er dei, som trur at andre mennesker synst det er kjekt å bli prakka på religion? Går der som fromme jomfruelege lys utsendt av Gud for å vende om alle som lever i "synd" dvs. alle som ikkje leve som dei sjølve. Eg mislikar sterkt måten dei nærmar seg uvitande folk på gata. Held bladet tett inn til magen, og idét ein person nærmar seg så pressar dei nesten det forbanna bladet opp i andletet. Ser ut som hjernevaska små opptrekksdukker! 

For det andre er tittelen til bladet svært provoserande. "Våkn opp!". Våkne opp av kva? Trur dei deira levemåte er den einaste rette vegen?

Eg trur og håpar der finnast meir mellom himmel og jord enn kva vi mennesker anar. Så eg kan vel kalle meg religiøs på ein eller anna måte. Men eg trur ikkje på ein religion som er fordømmande, som seier kva som er rett og gale- eller som grensar til det pietistiske. Det må vere opp til kvar enkelt sjel å bestemme kva som er til det beste for ein.

Om der finnast ein Gud, så er det i tilfelle ein god Gud. Ein som tenker at så lenge personen har det godt så er det ikkje så viktig om han leve på det rette viset. Anten det gjeld å ta seg ein fest i ny og ne, være samboer eller ha sex før ekteskapet.


Gamle ekle rotter på gata, eg synst jammen det er på tide at dokke vaknar opp!

fredag, oktober 08, 2010

onsdag, oktober 06, 2010

Springe i regnet.


Nok er nok. No skal det springast! Etter ei litt slapp periode med trening er det på tide å piske kroppen sin til "blods" igjen (mentalt sett vertfall).
Motivasjonen er ikkje akkurat på topp når eg kjem heim frå jobb i sju tida. Då har kroppen eigentleg berre lyst å krølle seg inn i eit teppe, ete sjokolade og sjå smørmjuke filmar på tv. Men kroppen veit ikkje sitt eige beste.


I går var eg mentalt forbreid på at eg skulle ta meg ein springetur etter jobb. Og uansett kva dårlege unskyldningar tankane måtte komme med skulle springeskoa på. Det funka som faen det.


Sjølvsagt er dei fyrste minutta eit helvete. Kroppen er kald, stiv og ropar berre om at eg må stoppe. "Vel, er det eg eller du som bestemme!" sa eg til kroppen min. Og vi kom til einigheit om at det er eg som er sjefen.


Ute var det mørkt, det regna sidelengst og blada som fall i går laga sleipe små feller på vegen. Men etterkvart som eg nærma meg Lungårdsvatnet kom god-følelsen. Det bles skikkelig kraftig- ikkje av den kalde harde sure vinden, men ein mjuk fønvind. Då kom eg på at eg eigentleg likar å springe i mørket, for verda er ikkje så stressande då. Det kjennast nesten ut som eg er i mi eiga lisje boble. 


Då eg nærma meg enden av brannstasjonen kunne eg snuse inn bållukt, for der satt ei gruppe med mennesker som hadde laga tre små bål på ei slags mini strand som ligg langs vatnet. "hm" tenkte eg. Det var kanskje ein litt rar ting å gjere no som det bles så mykje. Men drøymane kræsja fornufta då eg såg dei hadde kontroll, og eg smilte for meg sjølv der eg raudsprengt passerte dei.


Etter ei lita stund starta det sjølvsagt å regne kraftig. Men herremin, eg har gløymt kor forfriskande det er å springe i regnet. Det er faktisk ein av mine favorittsysselar. Og eg lyg ikkje, for det står i beskrivinga av bloggen min. 


Den historia her har eigentleg ingen høgdepunkt. Ikkje anna enn at eg ville fortelle kor godt det i grunn er å springe i regnet. Vinden som piskar deg kraftig i andletet, og sjøsprøyten som kastar forfriskane dråpar av saltvatten på ein svett kropp.


No gjeld det berre å oppretthalde den gode "flowen". For eg nektar at kroppen skal bli eldre. Sånn er det med den saken.

måndag, oktober 04, 2010

Jentene.

Gløymte å ta med at helga ikkje berre har vore Danskar, Sol, Maria og salsa. Fine Kristine besøkte oss "bergensara" berre tre helgar etter sist ho var her- kor heldige er ikkje vi? Cathrine åpna sin flotte heim for oss jentene.

Her er ripsa før vi skal gå ut på byn!
Siddis.


Berre ein månad att til vi skal på konkuranse i Stavanger! Mi stavangerdialekt er blitt ein anelse rusten sidan sist gong vi besøkte byen. Så kanskje på tide å øve litt på " Om dåkk har trrriii glass?"


Teit, men kult. 


Ps. Marianne, eg set mi lit til deg. 

søndag, oktober 03, 2010

Arie.

Lat att augene og nyt denne Arien på ein sein søndagskveld...

Giacomo Puccini - O mio babbino caro

            
Søndag.

Eg let att augene og tenke tilbake på kvelden i går. Den minne meg om dagen vi baka pepparkakehus. Meg, Sol og Mona. Det fine trekløveret. Alt var berre perfekt; Vi hadde mengder med snop, ei lun og koselig leilighet med dunkel belysning og stearinlys. Og det viktigaste av alt, vi var tre stykk som passa som hand i hanske i lag. Latteren satt laust og eg kjende at vi virkelig var glad i dei menneska eg var saman med.

Ein slik kveld hadde vi i går. Var på middag med Sol, Andreas og eit dansk vennepar av Andreas. Vi åt deilig pizza. Faktisk fire forskjellige! Alt ifrå pizza med potet, rosmarin og rødløk- til pizza med ansjos og ein sort med pære og camenbert. I fin kombinasjon med deilig raudvin vart det perfekt smakseksplosjon i ganen! Vi skravla om laust og fast og det kjendes ut som om alle hadde møtt kvarandre tidlegare. Det er slik eg alltid vil ha det!


Til dessert fekk vi ein sjokolade-mousse i tre lag. Eit lag med rein sjokolade, eit med bailys og med cointrau. Om eg kjenner etter kan eg forsatt kjenne korleis moussen smelta på tunga. Rusen av desserten gav ein svak bris i hovudet og kaffien roser på kinn.


Vi avslutta dagen med ikkje mindre enn to konsertar. Machine Birds består av to flinke jenter som til vanleg går på Griegakademiet; Marte og Maria. Deilig electronica jazz. Med litt pling og plong som er til å drøyme seg vekk i. Og til slutt tok vi turen til Dubliners kor vår kjære Maria- som óg går på Griegakademiet, spelte heftige salsarytmer ilag med bandet ho spelar i.


Og der dansa vi tett inn til kvarandre heile natta....

fredag, oktober 01, 2010

Den kvite altanen.


I går, i pjuskheita sitt namn fekk eg innfall i å måle altanen vår kvit. Vakna opp med sår hals og feberaktig kropp. Fekk servert deilige pannekaker og ein kopp med kakao- berre fordi eg var sjuk! Når ein får slik behandling kan eg gjerne vere sjuk oftare.

Sola skein og det var ikkje ein stråle å gå glipp av, så eg pakka meg inn i teppe, surra skjerf rundt halsen og satte meg på altanen med ein kopp kaffi, litt plommer og eit blad. Haustdagen var var perfekt.

Har lenge tenkt eg skulle måle den kvit. Og etter ein time eller to vart eg alt for rastlaus. Eg er kanskje den personen på mange mils omkrets som er dårlegast til å vere sjuk. Så med litt kvitmaling og ei rulle var den plutselig til mi store begeistring kvit!

Hurra for fin, ny altan :)