tysdag, mars 31, 2009

Skriking, skråling og gnåling.....

Ka i alle daga e det med mannfolkgjenga, som midt på natta må gå i gjennom gata å synge ein eller anna teit fotballsong? Kan ikkje dei for helvete holde seg inne på fotballpuben, eller kor i faen dei måtte ønske å synge den stygge, teite songen?

Ok, godt dei viser entusiasme over fotballaget sitt. Men kom ikkje her og sei at dame e meir gnålete enn mannfolk, for det stemme ikkje i det her tilfellet i allefall. Og ikkje nuk med det, når det endeleg vart stille, eg la meg på ny godt til rette i senga og.......Då høyre eg..."Ein gong til!!". Joda, visst pokker. Med sine djupaste testosteron røyster tok dei slægeren ein gong til!

Avogtil føle eg meg som DEN gamle dama i velúrmorgenkåpe, tøfle, håret opprulla med sånne permanentrulla og med tørkled rundt hovudet som står å skrike ut glaset "Hold kjeft!". Men ka søren, det må no være lov for ei kvinne, midt i sin beste alder å få skjønnheitssøvnen sin!

Ja, til å få nattesøvnen tilbake!
Når ein eplekakerbaker, baker eplekake.....

Mandag, er lik eplekakedag!

Miks litt eple her, og litt eple der.....Smak litt på.......Vaske opp litt......Alt under kontroll, alt under kontroll....!

måndag, mars 23, 2009

Deilige søndag.

Drikk/festa svært lite for tida, sidan eg forsatt er sjukmeldt. So då e det deilig å stå opp til ein frisk og fin søndag utan å vere fyllesjuk! Og den var perfekt! Fekk sove ut lenge, og Ragnar lagde ein nydleg frukost til meg med ferskt brød, egg, kaffi og alt anna som høyrer med på til ein søndagfrukost med respekt for seg sjølv. Ragnar har besøk av systra si ifrå Gøteborg, så etter å ha inntatt maten gjekk vi for å møte ho og nokre venninner på 'vilvite senteret'.

'Vilvite senteret' er eit populærvitenskapleg oppleving- og læringssenter for teknologi, naturvitskap og realfag. Ein kjekk måte å lære på for både vokse og spesiellt barn om korleis forskjellige ting og tang i verda fungerar ved å prøve det ut i praksis. Og gjett om vi kosa oss! Vi var vel kanskje dei mest entusiastiske på heile senteret!:)

Etterpå møtte vi ei venninne av Ragnar og Johanna for å ete ein god middag på Naboen. Mmmmm.....Vi vart vel ca. 8-9 stk. som satt rundt borda etterkvart. Kjempe kjekt når folke som eigentleg ikkje kjenne kvarandre so godt samlast til middag! Deretter avslutta vi kvelden med film-sjåing hjå oss. Og ikkje minst MASSE snop. Akkurat so mykje som ein bør ha på ein søndag.

Kjekk og GOD dag.

laurdag, mars 21, 2009

Boktjuven.



Alltid når eg har avslutta ei bok får eg ei slags tomheitsfølelse inn i meg. Mest fordi eg leve meg sånn inn i historia som står skreve i boka. Eg tek nesten med meg fantasien ut i kvardagen. Akkurat no har eg avslutta 'Boktyven'. Boktyven er ei skildring av omstendene i nazi-tyskland under andre-verdskrig. Ni år gamle Lisel sine foreldre er blitt sendt i konsentrasjonsleir, og Lisel bur hjå fosterforeldrene i Himmelgata i Munchen. Ein dag dukka jøden Max Vanderburg opp og får holde seg skjult i kjellaren til familien. Lisel sin fosterfar lære henne å lese, og ho oppdaga fort at hon ikkje kan motstå bøker. Derfor stjele ho dei, og dela historiene med naboane i bomberomet og Max. Ei fantastisk rørane, men og ei djupt trist bok! Nåken som har forslag til fleire gode bøker eg kan lese?

fredag, mars 20, 2009

Vennar.

Har hatt ein aldeles fin dag i sola med mi kjære Britt og den nye yngelen vår; ein søt liten bylt ved namn Malin. Malin er vel ca. 6 veker gammal no, og liknar pappaen sin på ein prikk! Då vi satt ved Johanneskyrkja å samla fregner, drakk kaffi og åt kviklunsj, funderte vi over korleis vi forsatt heng saman som erteris etter å ha kjendt kvarandre ca. heile livet. Frå dei tider då Britt ringde på døra mi kvar dag gjennom heile sommaren-"Ska eg vææære me deg?", til fyllefanteri- festar og krangling over at vi var forelska i den samme typen. Kjærleikssorg, tap over familiemedlemmar og krangling so busta fauk over kven som skulle ha den finaste barbidukka.

No, når vi begge har på ein måte gått inn i "dei-voksne-si-verd" er forsatt vennskapet på same måte som det alltid har vore:) Bortsett frå at no har visse av oss formeira seg litt til ca. to ekstra. Og vi begge har fått to staute menn som står ved vår side. Vi har fått "voksne" jobba, og tjena våre eigne penga. Men kjenne vi ekstra etter, er vi forsatt dei små frekke jentene som satt med skrubbsår på knea ned på veien, speida etter guttane og hadde dei beste ukompliserte varme sommarane du kan tenke deg......

torsdag, mars 19, 2009

Livet i motgong, og i medgong.


Å sette pris på dei små gledene i livet er noko ein lære seg etter å ha levd litt. Både i medgong, og spesiellt i motgong. Livet hadde nok ikkje vore like spennande om det hadde vore ein dans på roser kvar dag. Det trur eg alle og ein kvar kan vere einige i. For å kjenne glede, må ein og ha opplevd dei dagane som ikkje fullt er só perfekte.


Sjølvsagt er det ikkje alltid like enkelt å sette pris på dei små gledene i kvardagen med alle faktora som spela inn rudt oss. Stress på jobben, jag etter å vere den perfekte kjærest, trening og frykta for å ikkje lykkast. Då er det viktig å stoppe opp, td. ta ein tur i parken med den du er glad i, gløym alle bekymringar- og pust.



Ikkje gløym det.





laurdag, mars 14, 2009

Laurdag!

Endå meir vårstemning har kome til Bergen. Hadde ein nydleg tur ute med Johanna i stad. Fuglane song, snøven ser ut til å ha forsvunne for godt og vi plukka årets fyrste snøklokke:)

Deilig!

Ja til meir vår!!

tysdag, mars 03, 2009

Vår i Bergen.

Når derimot Oslo klaga over store snøv mengder, kan vi herifrå Bergen melde om vår, bare vegar og til tider sol. Har dei siste to dagane vakna opp til noko lyst som skin inn soveromsglaset!
Og det kjennest godt ut at vi ikkje berre i teorien veit at det går mot lysare tider, men at vi ser det skjer i prakis óg. Ironisk nok tek eg flyet til Oslo i måra for å vere ei veke med systene.

Har fått reisebrev frå min kjære i India. Han kan fortelle om luksushotell med tjenara, timar på stranda i solsteiken og eksotisk mat. Trur nok ikkje det blir berre jobbing på desse karane nei;) Misunneleg? Nei, ikkje i det HEILE! ok, litt då:)

Ellers har eg funne ut eg skal friske oppatt litt allmennkunnskapar. No har eg med godt mot satt meg til rette i sofaen med ein bunke av desse korta som finnast i spørrespel:) hih...Ikkje TP, men eit liknande som heite bezzerwizzer. Til no har eg komen meg gjennom 11-12 kort. phu, ca. berre 579 igjen då.......

måndag, mars 02, 2009

Tove og Jeanette på tivoli.

Tok ein kjapp tur på tivoli med Tove. Vi var faktisk til københavn! Skal seie vi hadde det kjekt du! Vi åt popcorn, sukkerspinn og tok karusella til vi spydde!

Det rare va at då vi etter ein lang dag med festligheitar møtte på ein av desse klovnane som går rundt der. Han gav oss eit nokre polettar som vi kunne bruke til å spele på ein av dei "ein-arma bandittane" som står der. Og gjett kva som skjedde? Vi vann 2. 000. 000. danske kroner! Så vi kjøpte like godt verdas finaste leilighet der nede. E sånn leilighet med fint gammalt tregolv, lyse fine gipsvegga og store gamle vindu som rommar ei utsikt rett ut i ein gammal villa hage. Både stova og kjøkenet hadde vakre gammaldagse peisar..,,

Kan ikkje vente med å bruke leiligheta i feriane:)

drøyme drøyme....;)