måndag, mars 23, 2009

Deilige søndag.

Drikk/festa svært lite for tida, sidan eg forsatt er sjukmeldt. So då e det deilig å stå opp til ein frisk og fin søndag utan å vere fyllesjuk! Og den var perfekt! Fekk sove ut lenge, og Ragnar lagde ein nydleg frukost til meg med ferskt brød, egg, kaffi og alt anna som høyrer med på til ein søndagfrukost med respekt for seg sjølv. Ragnar har besøk av systra si ifrå Gøteborg, så etter å ha inntatt maten gjekk vi for å møte ho og nokre venninner på 'vilvite senteret'.

'Vilvite senteret' er eit populærvitenskapleg oppleving- og læringssenter for teknologi, naturvitskap og realfag. Ein kjekk måte å lære på for både vokse og spesiellt barn om korleis forskjellige ting og tang i verda fungerar ved å prøve det ut i praksis. Og gjett om vi kosa oss! Vi var vel kanskje dei mest entusiastiske på heile senteret!:)

Etterpå møtte vi ei venninne av Ragnar og Johanna for å ete ein god middag på Naboen. Mmmmm.....Vi vart vel ca. 8-9 stk. som satt rundt borda etterkvart. Kjempe kjekt når folke som eigentleg ikkje kjenne kvarandre so godt samlast til middag! Deretter avslutta vi kvelden med film-sjåing hjå oss. Og ikkje minst MASSE snop. Akkurat so mykje som ein bør ha på ein søndag.

Kjekk og GOD dag.

Ingen kommentarer: