torsdag, januar 28, 2010

Sirkus og champagne.

Eg har ein rar fascinasjon for sirkus, tivolihestar og lirekasse. I ei deilig blanding med paljettar og uniformsjakker. Veit ikkje heilt kvifor. Likar nostalgien, melankolien og mystikken som er kring det.

onsdag, januar 27, 2010

Eit lite utval av 2010 sine deilige folk og opplevingar!


Jakta på det gode liv.

Kjære 2010. Det gode liv står ikkje skreve i ein fasit. 'Det gode liv' er draumar, tankar og ynskjer kvart einskild menneske har om korleis dei vil leve livet dei har fått utdelt. Og 2010 let seg ikkje skuffe. Til no har horoskopet for skorpionen utarta seg slik det står skreve svart på kvitt. Kan hende horoskopet mitt gjev meg ei slags 'placeboeffekt'; Tenk positive tankar, sei positive ord. Gjer positive handlingar, og det positive gror. Har ikkje høyrt om 'placeboeffekt' som går i negativ retning? Går det forresten? Eg berre spør.

Til no har eg samla minner som markjorbær på strå. Og eg har ikkje latt nokon sjangsar gå meg hus forbi. Ein blir ikkje millionær av å sitte i stolen og ikkje våge å gamble på spørsmåla som blir stilt deg. Ved å gje opp noko som ein berre har samla på fordi ein rett og slett trudde ein hadde bruk for det- har resultert i at nye og verdifulle opplevingar, mennesker og ikkje minst jobbar har dukka opp. Til no elskar eg 2010. Eg let meg rive med og kastar meg ut i den nye bølga som kjem.

onsdag, januar 13, 2010

Vanedannande.



Eg elska kaffi- og lukta av nykverna kaffi tidleg om morgonane. Spesiellt i helgane; ute på terassen ein solfyllt morgon akkompagnert med fuglekvitter og dagens avis.
Mykje historie og jobb ligg bak ein liten rykande kaffikopp. Etter olje er kaffi den største lovlege omsetjinga av råvarer på verdsmarkedet. Ein reikna med at over 100 millionar mennesker er innvolvert i kaffiproduksjon og handel totalt.


Det eldste sporet vi finn etter kaffi er ei 1500 år gammal historie frå Etiopia om gjetaren Kalid.
Kalid la merke til at geitene oppførte seg merkeleg etter at dei hadde ete ein plante med raude bær. Geitene fekk nemmelig ikkje sove om kveldane. Han fortalde det til ein munk som fatta interesse for dette fenomenet og helte varmt vatten over dei raude bæra. Munken hadde tidlegare hatt problem med å halde seg vaken under bønnestundande, men ikkje no lenger. Om historia kan verifiserast seiast det ikkje noko om.

Det som er sikkert er at små kaffehus dukka opp i Midtausten for litt over 500 år sidan. Det tidlegaste ein kjenner til var eit i Mekka i år 1470. Årstalet kan sjåast i samnheg med oppblomstringa av Islam, og folk kunne ikkje lenger nyte vin eller anna alkohol grunna trua si. Kaffehusa utvikla seg til å bli eit sosialt samlingspunkt for å diskutere politikk, spele sjakk og høyre på musikk.I 1647 fekk Europa sitt fyrste kaffehus. Men det var fyrst når det enda opp hjå Britane att kaffehusa tok verkeleg av.

I dag reiknast kaffi forsatt som eit sosial midtpunkt og ein grunn til å ta ein prat- "over ein kaffi". Kaffi er blitt eit viktigt midtpukt i kvardagen. Mange startar gjerne dagen med ein kaffi eller to på grunn av den oppkvikkande effekta. Og hjå meg er det ingen unntak. Ingen god start på dagen utan ein deilig rykande fersk kopp med kaffi....

søndag, januar 10, 2010

Den store badeand festen!



Ivrige deltakera!
Klart til fest!Marianne og søs.Champagne og tapas.Mona sjekka ut trøkket i magen til lykkeliten:)Engelen Jeanette bada med vingene på. Akkurat som ein ekte engel.Måling av mage! Prinsesse Jeanette oppføre seg obsternasig!God stemning på land......


....og god stemning i vatnet..

fredag, januar 08, 2010

Fredag

Fekk ei fin stor interiørbok til jul. Nydlige bilder, og kjempe flott skreve- men desverre ikkje heilt min stil. Har fått tilgodelapp. Ein tilgodelapp som er blitt litt av eit problem for meg. Har vore to gongar på bokhandelen, vegd opp og ned i mente. Fantastisk mange flotte bøker, og eg har lyst til å ta alle med meg heim. Sjangeren er bestemt på. Skal ha ei bok om anten kunst, interiør eller klesdesingn. Pocket-romanar tek eg gjerne med på kjøpet, sidan tilgodelappen er ganske stor. Trur eg må ha brukt minst ein time til sammen på å finne meg den eine boka eg vil ta med heim. Den raude puffen i bokhandelen er nesten utsleten fordi eg har grubla hol i den.

Enda opp med å kjøpe berre ei lita pocketbok som heiter "Drømmehjertet". Ein historie som foregår i Cuba rundt Castro sin revolusjon. Har fått gode kritikkar, så i kveld skal eg berre sitte heilt for meg sjølv å lese ei god bok og drikke varm te. Deilig å kunne slappe av med god samvittighet etter ei knallhard treningsøkt på Vektertorget! Kan ikkje få seie nok kor godt det er å ha komt skikkelig i gong med både styrke- og kondisjonstrening. Godt å kjenne at kroppen blir fastare og at energinivået stig. Har ikkje akkurat lyst å gå heim å putte kroppen full av dårleg mat etter ei effektiv treningsøkt heller. Så trening har berre positive effekt!

God helg! I morgon blir det pool-party og rosévin!
Gamle steg.


Bergen er dekka i snø. Kvit deilig snø som ligg som eit lunt teppe over ein grå kvardag. Eit teppe som lettar sinnsstemninga og som reflekterar det etterlengta lyset frå det runde gule på himmelen. Sola helsar på oss. Og når natta kjem er himmelen stjerneklar og frostrøyken vitnar på at vi pustar og lev. Vi kjenner at fingrar og tær er der under alle laga av stoff. Anten nummen av kulde eller klamme av ull mot hud.

Alle ventar på at regnet skal komme, stirrande mot himmelen og med forundring i blikket over fråværande fall av vatten. Dei som brøyter er meir forarga. Irritert inn i sjela over at ikkje vattenet gjer jobben for dei. Dei ventar og ventar. Eit miniatyr-landskap av Nordpolen er planta på bakken. Kald, isete og klar for å ta imot varmande mennesker som plutselig ligg der.

I Same augeblikk går to gamle føter over landskapet. Små korte steg og med ein spenst som gammalt morkna gummistrikk. Fortviling i blikket over svunnen ungdom og hjelpelause. Ingen er der for å hjelpe. Urinstinktet er ute på jaktar etter mat. Mat for å overleve. Survival of the fittest. Mat må ein ha sjølv om kvikksølvet kryp forbi den nedre bottenen av termometeret.Dei gamle føtene tek steget trygt over dørstokken der heime. Gleden over å ha kryssa Nordpolen gjev føtene ein varm lunk. Så var denne dagen redda utan broten lårhals.

Ute klør brøytemannskapet seg forsatt i hovudet over manglande regn. Ein av dei kjem med ein lys idé. Kva med å måke vekk snøen frå vegar og fortau? Dei andre nikkar seg einige over professoren sitt glimrande påfunn. Dei skal berre drikke opp kaffien sin fyrst...

tysdag, januar 05, 2010

Mine nye venar- joggeskoa.

Kan melde om at joggeskoa eg fekk til jul var perfekte! Hadde ei to timers hard treningsøkt i dag- og det kjennast deilig ut å ha komt i gong igjen etter jula!2010 skal bli eit super fit år!

måndag, januar 04, 2010

Horoskop.

Herlig! 2010 kjem til å bli lykka sitt år, seier horoskopet for skorpionen. Lykkeplaneten jupiter bevegar seg i sektoren for kjærleik, kreativitet og barn. Så ikkje berre skal eg treffe draumemannen min på reise, men eg blir jammen smellt på tjukka óg!
For å ikkje snakke om det sosiale- det skal bli svært aktivt! På det karrieremessige planet vil eg sakte men sikkert lykkast, men horoskopet åtvarar meg for å leite etter den "perfekte" jobben. For den finnast ikkje for nokon. Så lenge det kreative er i sentrum, så vil eg trivast. Står det. Og det stemme jo bra.

Jula er over for min del, akkurat i dag. Strieskjorta er på, og havrelefsa er eg i gong med å fordøye. I morgon tidleg er det ingen kjære mor. Då skal tightsen på og kroppen skal strammast opp igjen etter tonn med snop, juleribbe og alt anna fråtsing jula har ført med seg.

God kvardag folkens!