onsdag, september 27, 2006

den rare mannen ved sidan av..

Eg sitte på datasalen no, og ved sidan av sitte der ein rar mann som febrilsk tappar med negelen på bordet kvar gong han har skreve ein setning......nesten som ein hakkespett me andre ord?????..... eg trur eg blir gal....
Produktiv dag!

For ein fantastisk produktiv dag eg har hatt i dag! Stod opp kl. åtte for å lese. Deretter va eg på forelesning, hadde ein kjapp tur innom heime for so å gå på trening igjen. Gjekk litt trått me treninga i dag sia eg hadde infulensa i forrige veke, men berre vent, snart e eg i storform!:)

Og jammen det sitte eg ikkje på universitetet igjen... e eg flink eller e eg flink??

måndag, september 25, 2006




Under tre månedar att til jul!

No e det berre under tre mnd. att til jul, og eg gledar meg allereide! Då kan ein svinse seg i finestasen, ete mykje go mat, vere me familien, renne på akebrett, stå på ski.... og berre snuse inn den gode lufta av stemning og jul.

Laurdag då vi hadde forspel før vi vandra til Garage, ja då høyrte vi faktisk på Peter Ljøbakk, til Ole si store fortvilelse...(muligens derfor han vart so full og enda opp med å bli Conan....:)

Songen der han og Sissel syng duett minner meg og Synnøve veldig mykje om då vi satt å pakka inn julegåver, drakk gløgg og såg ut glaset der dei store snøflaka dala ned i Nykirkeallmenningen.... So ja, vi vart litt prega av ein go' melankoli.

Gleden te jul vart ikkje akkurat mindre då vi i går på kaffikompaniet fekk lukte på ein aldeles nydleg te, som lukta rett og slett jul....


Akk ja.....

torsdag, september 21, 2006

Staden eg likar best...

I morgon.....

I morgon skal eg tilbake til kvardagen.... Tilbake til ei traffikert gate som held meg oppe både dag og natt, til "deilige" pastarettar, til universitetet sine mølletne veggar og byen sitt mas og kjas.... Det skal bli "kjekt"....

onsdag, september 20, 2006

lukta av plomme og haust.....

I dag fekk eg verkeleg haust kjensla over meg. Det skjedde då eg satt i gostolen te han bestefar. ... Tanta mi hadde akkurat tatt med seg ein pose med haustmodna plomme frå Stryn, ute på kjøkenet dekka bestemor på bordet med te, skjeve og nylaga sylte, ute va det skumring og regne piska mot vindauget.

Idet eg skulle til å ete eine plomma kjende eg plutseleg att den gode gamle lukta av modna frukt og den skarpe friske lukta av haust....og då gjekk det plutsleg opp for meg. Det e haust.

tysdag, september 19, 2006

Forsatt syk og svak, derfor tok eg turen heim te Kjølsdalen for å slappe av. Har vore med mamma og pappa på hytta i Stryn i dag. Medan dei målte "kjellarbod" og hengde opp nye gardiner, so satt eg godt inntulla i eit pledd framfor ovnen og las i hytteboka. Det e jammen mykje rart som er blitt skreve i den opp gjennom tidene. Medan mamma og den eldre garde prøva å halde nivået noko lunde seriøst (matreferat.... kva ein åt, kven ein åt med og kva hadde ein opp i maten), so kjøyre den yngre garde på med terningkast og diplom både for dagens gullkorn og kven som har inngått fiktive ekteskap....

Nokon står mest sannsynleg ikkje for det dei har skreve, andre skulle kanskje ønske dei hadde skreve litt meir og spenstigare, medan andre angra sikkert på at dei vart med på hytta i det heile tatt;) Uansett, moro er det å lese hytteboka.

fredag, september 15, 2006

Takkforfinkonsert!

eg
og
synna
har
vore
veldig
kultivert
i
dag,
vi
va

ein
flott
flott
konsert
me
Krohnengen
brassband
i
grieghallen!:)
og
eg
fekk
høyre
ynglingssangen
min
riverdans:)
dessuten
skjedde
det
nåke
rart,
spaceknappen

dataen
funka
ikkje,
og
i
stad
når
vi
vaska
dusjkabinettet
som
har
stoooore
fine
rundinga

seg...
ja....
so
va
der
plutslig
ikkje
rundinga
på!!
dei
hadde
rett
og
slett
dette
av
i
vaskemaskina!....
Har forresten målt fire nye bileter som er til salgs, ein serie beståande av 3 små bilder + eit stort. Tenkte eg skulle male ein "serie" som eg skulle stille ut på ein eller anna kafe i byn. Men om nokon som har mykje pengar (hint hint) allereide er interessert.. so kan eg ta det opp til vurdering om den personen/personane skal få kjøpe det. Ps. om nåken år vi det vere "poppis" å ha ein "jeanette" på veggen.

Blir nuk meir måling i kveld. Har tom. sete oppe om natta for å måle. so ekje eg ein ekte bohem so veit ikkje eg. ..skal seiast at eg manglar pengar til raudvinen...

Kanskje eg legg ut bilder av bildene mine..
Må selvfølgelig ha med at etter jobb i går va eg og Elin på Hordaland politikammer sin auksjon på fråstjålne syklar. Takke meg te katteræva..... rustne sykkelar, sykkelar uten sete og hjul som ikkje gjekk rundt vart selgt til nesten tusen kroner....har verkelig folk so mykje pengar at dei gidd å bruke gryna sine på sånnt rusk??.... klart der va fine syklar og som vart auksjonert vekk til minst 3000... so der va litt å velge mellom kan ein seie. Enden på visa var at vi "tuska"(haha) bortatt til byen uten som eit fnugg av sykkel mellom beina.......

beire lykke neste gong Elin!
i dag, fredag 15. sept. Sett ein del episoda med "Six feet under" (Trine har kjøpt sesong 4). Lesing på lesesalen (sjølv om sola skinne og det e varmt i lufta). Jogging me Synnøve til Svartediken, styrketrening i stova...( gleda meg til eg får lønning, då ska eg kjøpe meg semesterkort hjå vektertorget!!) Sjå den berømte gullrekka på tv. Helg!

fredag, september 01, 2006


STONES IN TOWN!

I dag blir det sirkus i by'n. Lure litt på ka eg tenkte på, sidan eg ikkje skaffa meg bilettar før sommaren. Men men, gjort e gjort, og spist e spist. Eg får stå utanfor å høyre på dei istadenfor. Trur neppe svisketrynet har vansklegheitar med å la stemma si bere liiitt utanfor dei høge murane.....

Kven veit, kanskje gamlingane tek seg ein tur på Garage i kveld?