onsdag, september 20, 2006

lukta av plomme og haust.....

I dag fekk eg verkeleg haust kjensla over meg. Det skjedde då eg satt i gostolen te han bestefar. ... Tanta mi hadde akkurat tatt med seg ein pose med haustmodna plomme frå Stryn, ute på kjøkenet dekka bestemor på bordet med te, skjeve og nylaga sylte, ute va det skumring og regne piska mot vindauget.

Idet eg skulle til å ete eine plomma kjende eg plutseleg att den gode gamle lukta av modna frukt og den skarpe friske lukta av haust....og då gjekk det plutsleg opp for meg. Det e haust.

2 kommentarer:

Sasi sa...

Ja, no er det haust. kALDT OG GODT...oops, caps lock. Må sei eg synst det er litt godt ja, sjølv om det er vemodigt òg. Men takla varmen svært dårlig i år, føle eg har leitt etter skuggar i heile sommar.

Monica sa...

Haust er når det er for varmt til jakke, men for kaldt til kun genser. Også er det plommer, epler og pærer.