onsdag, juni 30, 2010

It's not summer whithout a hat on the top of the head.



Eg har kjøpt meg hatt. Om eg er dame for min hatt veit eg ikkje, men forhåpentlegvis får eg testa det ut når sommaren har bestemt seg for å kome. Etter erfaring skulle eg vel strengt tatt kjøpt meg sydvest. Men eg tenkte å ose av positivitet.


Kom sol.

måndag, juni 28, 2010

Filippa K.




Då den andre butikken, 'Tøy', eg jobba i ved sidan av kunsten skal leggast ned- så har eg fått meg ny jobb på Filippa K!
Kjempe flott butikk som ligg i Håkonsgaten. Gleda meg stort til å sette i gong med jobben 1. august!

Før den tid har eg mine to siste vakter på'Tøy', noko som sjølvsagt er veldig trist. Då mista Bergen desverre enda ein nisjé butikk, som er litt meir spesiell, og sjølvsagt litt dyrare enn H&M, Cubus osv. Og eg ergrar meg litt over det- kan du seie. Deretter tek eg turen heim til Kjølsdalen for å jobbe med kunsten og hjelpe litt til heime i hus og på gard.

Blir kjekt å vere heime no kjenne eg. Har som sagt ikkje vore heime sidan påske- og no når "sommaren" er komen, så er Bergen heller ein kjedelig plass å vere. Mykje liv av alle turistane som er her, men folk reise anten heim til sine respektive heimstadar eller fartar rundt i verda.

Dessuten er det so flott veir i Bergen for tida. Torden og regn. Kjempe flott det!




torsdag, juni 24, 2010

OK.



Sommaren skal visst nok- etter kalendaren vere her. Eg ser den ikkje nokon plass, og vertfall ikkje i dag då regnet plaska ned i Bergen.
Her ein dag satt vi på terassa til Yngve. Han som bur rett ved sjønen på Hjellestad. "Hærreguud! D ser alltid ut såm en førbanna coca-cola reklame når dokka e her!" Og jo, det er visst rettleg so sant. Med tre kvinnemennesker, ein bulldog og to dyner samla opp i ein 'Fatboy'. Ein kjekk mann som spelte deilige låtar på gitar og song av si vakraste røyst. Og to andre fine menn som gjorde i stand nydelige grillspyd. Kunne eigentlig ikkje bli beire, og spesiellt ikkje etter å ha fått ein 'mango-daquiri' i handa. Ok, det KUNNE kanskje vore litt varmare i lufta. Men ein kan leve godt i kulden med varm og god kjærleik ;)
Ellers er Bergen blitt lykkelig eigar av ein splitter ny 'bybane'. Flott og fint er det. Og kjekt for dei som fekk vere med på å feire opninga i Grieghallen seinare på kvelden. Kanskje ikkje so kjekt for alle skattebetalarane som ikkje fekk vere med på den storslåtte feiringa. Men men.
No, når kalendaren viser 24. juni. Og butikken eg jobbar i snart leggast ned, so reise eg om ikkje so lenge heim til Kjølsdalen for ei stund. Kjenner det skal bli godt å komme heim ein tur. Har ikkje vore der sidan påske. Og då er det jammen på tide. Ingenting er som ein god gammaldags sommar heime.
Vel, det vart plutselig litt blogging det. På tide å komme tilbake i god gammal blogge-ånd.

torsdag, juni 10, 2010

Så skimrande var aldri havet.


Sidan butikken eg jobba i ved sidan av kunsten snart leggast ned, så leikar eg med tanken om å jobbe heime i sommar. Nokre år sidan eg har vore heime å jobba no, og eg kjenne at landslivet kallar med kviskarande rop. Tenkte å få arbeida mykje med kunsten på same tid.

Eg lengtar etter nydelige sommardagar i Kjølsdalen, med solmetta kveldar på terassen med familien; der disen frå elva ligg som eit mjukt teppe over 'myrane' og bjellene frå kyr og sau kling svakt ifrå det fjerne.Flakedans på sætra med alle dei gode gamle kjende, dansing til langt ut på natta og Bjørn som alltid tek jobben med å jage oss vekk ifrå flaken når det er på tide å gå heim. Men VI går ikkje heim kan du tru- for sommarnatta har alt for mykje å by på. Bading på lisjebrayløken etter festen- med eller utan kle på. Det siste eit meget populært val.

Lange late dagar på Revikja. Den nydeligaste plassen på jord! Antan det er sommar og sola skin frå skyfri himmel, eller dagar då sjøsprøyten tek tak i sandkorna og dreg dei med ut att i havet og himmelen er mørk og truande. Det er fascinerande korleis den same staden kan ha eit so forskjellig uttrykk. Eller kveldar ut på steinen hjå bestemor, med utsikt over dalen, gode samtalar og mysing mot sola som skin sine siste strålar før den ønske natta velkomen.

Valte er vel enkelt. Ingenting er som heime.

måndag, juni 07, 2010

Diggelo diggelei.


Svensken hadde målt neglene i dei svenske fargane for anledninga. Deilig dag å nyte kaffi og kake på terassa. Marengskake med krem og jordbær!- Og sjølvsagt heimemekka svensk flagg!

No prøva eg igjen. Berre for å komme med nokon få ord, vertfall. Deilig helg med mykje fint veir! Og fint veir lika vi. Som seg hør og bør med svenske i vennegjengen, så måtte vi feire "Svenska flaggans dag" med marengskake med store deilige jordbær som eg hadde laga- og med kaffi attåt. Markerte den lisje fine og høgtidelege feiringa på altanen min med allsong av Sverige sin nasjonalsong "Du gamla du fria". Og alle song med den vakre stemma dei hadde!

Maria som var på besøk for anledninga hadde med seg nydelige Augusta. Ein sjarmklomp utan like som smila nesten konstant. Ikkje rart dersom hon kanskje tek skade av musikkutvalet med flotte perler som "Diggelo-Diggelei" og forøvrig anna snask av Vikingarna- med tilhøyrande dansemoves. Flott det!

laurdag, juni 05, 2010

Arg.

Skrivesperre er smertefullt. Har ingenting å skrive, sjølv om eg gjer mykje kvar dag. Blir forbanna. Gidd ikkje skrive meir akkurat no.