søndag, november 30, 2008

Julebord i kjendt stil.




Då va året sitt fyrste julebord gjort unna. Og ikkje minst har et fortært den fyrste juleribba. Skulle gjerne vore foruten å ete ribbe før jul sia eg eigentleg har strenge reglar om kortid eg har lov til å ete både ribbe, mandarine og drikke julebrus (les: ikkje før i desember når det gjeld julebrus og mandarine. Og ikkje før i jula når det gjeld ribbe) Men no ser det ut til at eg har havna på galeien både når det gjeld mandarine, julebrus og ribbe. Sånn e det med den saken. Gjort er gjort. Og spist er spist.



Hadde min fyrste fri-laurdag på veldig veldig lenge i helga. Og det va DEILIG! Godt å kunne sove lenge og ete god frukost ute med min kjære. Deretter vart det trasking rundt i byen ilag med alle andre som sikkert var ute i samme ærend som oss. Kikke litt på julegåve, besøke pepparkakebyen (nåke vi ikkje fekk gjort sia der stod ein to kilometer lang kø med snørrete unga utanfor inngongsdøra til Pepparkakebyen) og ikkje minst få med oss den store lysfesten som vert halde ved Lungegårdvatnet. Som alltid var den til å grine av. Ikkje fordi det var trist, men fordi det e so vakkert med alle lysa, juletredet, syniginga av julesongane og rakettane som det heile vert avslutta med.



I dress og finkjole fekk eg og Ragnar med oss avsluttinga på lysfesten, før vi måtte springe avgårde til ei lita samling/forspel av ABB-folk før vi inntok julebordet. I eit lite butikklokale men indiske ting og tang fekk vi litt champagne og kanapéa . Fin start på ein lang aften:)

Stasleg vart vi tatt imot på scandic hotell med buekorpsgutta (Eg HATA buekors) og ein mann som stod i foajeen og blåste flamma ut av munnen sin. Med vakker song vart vi geleida opp i matsalen der festen skulle haldast. Flott skal der vere i ABB!:)



Eller gjekk resten av kvelden fort i kjendt julebord-stil. Vi vart servert ribbe. Fekk underhaldning undervegs. Drikke vart det rikeleg av og dei gratis drikke-bongane verna vi med nebb og klør. Ellers måtte vi sjølvsagt forville oss opp på scena. Ikkje var det min ide, heller ikkje Ragnar sin for den saks skuld....men ei oppmoding av bandet. Kunne ikkje anna enn berre spele med:/ heh... :)



No gleda eg meg te neste helg, og endå ein julefest!

Happy 1. søndag i advent folkens!

onsdag, november 26, 2008

Tida.




Kor blir tida av? No e den snart her igjen, tida vi alle går å venta på. Og det e faktisk berre eit år sia den va her sist.


Men før vi kan slenge beina på bordet, putte marsipangrisen i munnen og drikke gløgg te den tyte ut øyra...so venta vi óg de travlaste tida. Vertfall for min del. For e det ikkje jobb so e det både to og tre julebord, julefest osv osv.....Eigentleg ve eg berre hoppe over alt stresset og rett te kosen. For det lika eg best:)

onsdag, november 19, 2008

Bursdag og oppdatering.





Har sidan sist eg oppdaterte vore heime i vakre vene kjølsdalen å feira 90- års dagen til bestemor!

Kan du tenke deg det? Å ha levd i nitti år og forsatt vere minst like sprek som ein 70 åring?
Bestemor har alltid vore, og ér forsatt alltid å reikne med. Ho har tørka minst eit tonn med snør og tårer opp gjennom barndommen. Haldt oss trygt i dei små barnehender når vi etter fjøsstellet traska ut i den stjerneklare natta oppatt til huset- óg haldt oss trygt i handa ellers i livet når vi tok dei vaklande skritt ut i den kronglande vegen.

Med hennar furete hender har ho arbeida hardt for det daglege brødet på bordet. Dekka på kjøkenbordet til ein svolten munn minst ein million gongar med alt ifrå klubb til vaffler. Kome med gode råd når hovudet kverna for mykje til å halde styr på det sjølv. Trøsta oss når vi har fått hjertet knust av kjærleiksorg. Kome med "gode" råd når vi ikkje var/er interessert i å høyre hennar meiningar.

Dei får vi høyre uansett om vi ve eller ikkje. I meget klar tale.

Bestemor ve oss alltid godt uansett om vi fortjenar det eller ikkje. Og forventa heller ingenting tilbake. Som ho so fint sa den dagen eg skulle reise tilbake te Bergen med ei gråtkvalt stemme "Eg tenkje no på dokke kvar kveld før eg legge meg og ber for dokke. Eg e so gla i dokke, ja, eg elska dokke faktisk!" Det kan gje til og med eit menneske med is om hjartet til å få ei tåre i augekroken....

Når sola bak åsen forsvinner,
og himmelen tendast i brann.
Då ser du dei vakraste minner,
frå barndommens eventyrland

Bestemor, vi elska deg vi óg!

tysdag, november 18, 2008

Heimebesøk og oppdatering.



Har sidan sist vore ein tur heime i vakre vene Kjølsdalen! Bestemora feira sin nittiande dag. Kan du tenke deg det? Å ha levd i 90-år og forsatt halde seg like bra som minst ein 70-åring? Bestemor har alltid, og er forsatt alltid å reikne med. Ho har tørka sikkert eit tonn med snør og tårer. Holdt oss trygt i barnehender både då vi etter fjøstid gjekk heim i stummande mørket, og ellers gjennom livet når vi med usikre steg vakla hand i hand med

laurdag, november 01, 2008

På hotellet.

Då va vi her då. Siddis, korps, hotell. Folk som ein ve prate med, folk som ein ikkje ve prate med. Den gode gamle pussemaskina i gongen. Isbetmaskina som produsera vanvittige mengde med is(Altso du må jo sjølvsagt trykke på den, men den kan eg love deg blir gjort ein del gonga iløpet av natta..)

Litt oppdatering for dykk som ønske det:
-Synnøve og Jostein vann quizzen.
-Bussturen var prega av lavmålt humor og diskusjona.
-Hadde ei god øving då vi kom ned!

....shit...må gå. Frukosten venta!


Kjem med oppdateringa seinare!