onsdag, november 19, 2008

Bursdag og oppdatering.





Har sidan sist eg oppdaterte vore heime i vakre vene kjølsdalen å feira 90- års dagen til bestemor!

Kan du tenke deg det? Å ha levd i nitti år og forsatt vere minst like sprek som ein 70 åring?
Bestemor har alltid vore, og ér forsatt alltid å reikne med. Ho har tørka minst eit tonn med snør og tårer opp gjennom barndommen. Haldt oss trygt i dei små barnehender når vi etter fjøsstellet traska ut i den stjerneklare natta oppatt til huset- óg haldt oss trygt i handa ellers i livet når vi tok dei vaklande skritt ut i den kronglande vegen.

Med hennar furete hender har ho arbeida hardt for det daglege brødet på bordet. Dekka på kjøkenbordet til ein svolten munn minst ein million gongar med alt ifrå klubb til vaffler. Kome med gode råd når hovudet kverna for mykje til å halde styr på det sjølv. Trøsta oss når vi har fått hjertet knust av kjærleiksorg. Kome med "gode" råd når vi ikkje var/er interessert i å høyre hennar meiningar.

Dei får vi høyre uansett om vi ve eller ikkje. I meget klar tale.

Bestemor ve oss alltid godt uansett om vi fortjenar det eller ikkje. Og forventa heller ingenting tilbake. Som ho so fint sa den dagen eg skulle reise tilbake te Bergen med ei gråtkvalt stemme "Eg tenkje no på dokke kvar kveld før eg legge meg og ber for dokke. Eg e so gla i dokke, ja, eg elska dokke faktisk!" Det kan gje til og med eit menneske med is om hjartet til å få ei tåre i augekroken....

Når sola bak åsen forsvinner,
og himmelen tendast i brann.
Då ser du dei vakraste minner,
frå barndommens eventyrland

Bestemor, vi elska deg vi óg!

1 kommentar:

Mari sa...

Å, for eit fint innlegg! Fekk tåre i augo eg òg:)