søndag, november 30, 2008

Julebord i kjendt stil.




Då va året sitt fyrste julebord gjort unna. Og ikkje minst har et fortært den fyrste juleribba. Skulle gjerne vore foruten å ete ribbe før jul sia eg eigentleg har strenge reglar om kortid eg har lov til å ete både ribbe, mandarine og drikke julebrus (les: ikkje før i desember når det gjeld julebrus og mandarine. Og ikkje før i jula når det gjeld ribbe) Men no ser det ut til at eg har havna på galeien både når det gjeld mandarine, julebrus og ribbe. Sånn e det med den saken. Gjort er gjort. Og spist er spist.



Hadde min fyrste fri-laurdag på veldig veldig lenge i helga. Og det va DEILIG! Godt å kunne sove lenge og ete god frukost ute med min kjære. Deretter vart det trasking rundt i byen ilag med alle andre som sikkert var ute i samme ærend som oss. Kikke litt på julegåve, besøke pepparkakebyen (nåke vi ikkje fekk gjort sia der stod ein to kilometer lang kø med snørrete unga utanfor inngongsdøra til Pepparkakebyen) og ikkje minst få med oss den store lysfesten som vert halde ved Lungegårdvatnet. Som alltid var den til å grine av. Ikkje fordi det var trist, men fordi det e so vakkert med alle lysa, juletredet, syniginga av julesongane og rakettane som det heile vert avslutta med.



I dress og finkjole fekk eg og Ragnar med oss avsluttinga på lysfesten, før vi måtte springe avgårde til ei lita samling/forspel av ABB-folk før vi inntok julebordet. I eit lite butikklokale men indiske ting og tang fekk vi litt champagne og kanapéa . Fin start på ein lang aften:)

Stasleg vart vi tatt imot på scandic hotell med buekorpsgutta (Eg HATA buekors) og ein mann som stod i foajeen og blåste flamma ut av munnen sin. Med vakker song vart vi geleida opp i matsalen der festen skulle haldast. Flott skal der vere i ABB!:)



Eller gjekk resten av kvelden fort i kjendt julebord-stil. Vi vart servert ribbe. Fekk underhaldning undervegs. Drikke vart det rikeleg av og dei gratis drikke-bongane verna vi med nebb og klør. Ellers måtte vi sjølvsagt forville oss opp på scena. Ikkje var det min ide, heller ikkje Ragnar sin for den saks skuld....men ei oppmoding av bandet. Kunne ikkje anna enn berre spele med:/ heh... :)



No gleda eg meg te neste helg, og endå ein julefest!

Happy 1. søndag i advent folkens!