onsdag, september 30, 2009

Pleie.
Dørstokk-mila var lang for å komme seg ut å gjere mi daglege springerunde i kveld. Men når eg endelig kom meg ut, fekk regn i ansiktet og vaska vekk tankane var det forfriskande for sjela.
Spring som oftast rundt Store Lungårdsvatnet, sidan der er grus og behagelig å springe. Der kan eg sjå ut på bølgene og 'sjønen', kjenne den friske lufta og føle at eg ikkje er midt i byn. Begyndt å bli kaldt og gufsent ute, so det var godt å komme seg heim i si gode lune stove igjen.

No har eg pakka meg godt inn i pledd etter å ha tatt ein lang varm dusj, krypt opp i sofaen, tent stearinlys og drikk eit glas raudvin-all by my self. Kvalitetstid for seg sjølv er gull.

tysdag, september 29, 2009

Musikk for sjela og skrivesperre.

Det kan vel kallast 'skrivesperre'- det å sitte med eit tomt blikk inn i skjermen, trykke forsiktig på ein av bokstavane for så å trykke delet. I staden for at fingrane går av seg sjølv idét hjerna har kokt ihop velklingande formuleringar, så samlar orda seg opp som ein skitten klesvask som ikkje vil la seg reingjere. Eg har ca. tusen idéar som jobbar inn i hovudet mitt på same tid. Men ikkje éin einaste idé vil komme ut med ein raud tråd igjennom seg. Men heller som ein ball med flokar og knutar. Akkurat som bestemor sitt 'nøste' etter at den udugelige katten hennar har leika 'lag-eit-helvetes-rot-for-at-bestemor-skal-få-litt-trim-leiken'. Sikkert veldig underhaldande for katten, men jævlig irriterande for bestemor. Unnskyld språket- Bestemor ville aldri i verda funne på å hatt dei orda i hennar munn.

I dag er dagen for å tenke på musikk. Musikk for sjela, eller korps som vi kallar det;) Høyrde eg nokon le? Ok. Eg ler litt inn i meg sjølv óg. Men som alle veit- eller har lest om. Musikk er terapi. Og i desse dagar tenke eg litt for mykje. Ikkje berre på den nærmande kvalifiseringa til NM. Men óg på livet generellt. Hm, vel eg tenke no alltid på det. Kunstnarsjel som eg er. Men på tosomheita. Og kven eg vil vandre på livet sin kronglete og vakre sti med. Og finnast det nokon der ute som eg kan vandre på stien saman med? Eller har eg allereide møtt den personen?
I tilfelle- rekk opp ei hand. For eg har ingen idé lenger.

I boka eg les 'Shantaram' står det at skjebnen tildela oss tre lærara, tre vennar og tre store kjærleiksobjekt i livet. Dersom vi ser vekk ifrå dei to fyrste; lærara og vennar. Så har eg allereide passert kjærleiksobjekt nr. tre. Då tenker eg på av dei store.
Så kva betyr det, liksom? Burde eg ha teke eit steg tilbake? Kanskje der faktisk er noko i den filosofien? Kven veit.

I mellomtida får eg nøste garn og vente på kva skjebna bestemmer seg for kva ho vil med meg.
Gamle dagar.

Saknar 'gamle dagar'. Då eg var fleire en ein. Eg var minst to, og til tider tre og fire- når alle var heime. Eg saknar å ha jentene liggande vegg i vegg med meg, lange frukostar på altanen. Fjasing, baking av brød og rundstykker og klatring på dørene medan sjokkerte besøkande ser på tre apekattar, dei apekattane som budde ilag, klatre over dører og på lister i leiligheta.

Eg saknar av å vakne av at eit dyr kjem attende frå fest midt på natta, ramlande og romsterande ut i gangen mens gjerne nr. to som står ut i gangen seier "stille" ...."HHYYYSSSSSJ!" høgare ann bråket av nr. 1.

Eg har det fint no og altså. Men til tider vil eg at alt skal vere som før.

onsdag, september 23, 2009

Lure.

Lure litt på om eg er blitt so gammal at eg er gått tilbake til barndommen. Har ete blanding av smoothie og graut av frukt og grønsker til frukost kvar dag i ei veke no. Laga ei blanding av gulrot, banan, eple, valnøtte og eplejuice. Kjempe godt, mettande og sunt!

Lure og på korleis ein evt. skulle ha gått fram dersom ein skal sprenge ned nokre av fjella som gjer at det regna so mykje i Bergen. To, tre hadde vel holdt, slik at skyene kunne passére og ikkje samle seg rett over byen.

Lure og på om eg skulle ha flytta til ein varmare stad. Eller kanskje skaffa meg ein vingård i Italia. Greit med litt sol innimellom. Dessuten tek eg meg ikkje spesiellt godt ut som bleik.
Der kan eg drikke vin, kunste, ete god mat og sole meg.

Det e mangt eg lure på igrunn....

måndag, september 21, 2009

Hausten.

Hausten er mi yndlingsårstid. Men helst når den er fin då, soklart.
Eg elskar den skarpe og klare lufta som er på ein skikkelig fin haustdag. Det kjennast ut som ein får puste skikkelig, og den lukta av jord, eple og alt anna hausten sine grøder måtte by på.
For å ikkje snakke om fargane, dei nydelige raude og gule fargane på tred og plantar som gjev ein skarp kontrast til dei mørkegrøne åsane og fjella som får ein anelse blått i seg.

Men Bergen er alt anna enn det akkurat no. Regna plaska ned, nordavinden tek godt tak i paraplyen og bøyer den fint bakover i ein boge og menneska traskar i si eiga verd. For oppteken med å halde auge med kor dei skal sette beina for å ikkje trakke midt opp i ein stor dam. Eg kjenner meg ikkje klar for at mørke skal vende tilbake, for 'sollageret' mitt er på langt nær halvfullt. Etter ein våt og kald springetur i regnet i stad, tok eg meg nokre minuttar i solarium. Eg drøymde meg vekk i 15. minutt. Tenkte at eg låg på eit svaberg, bølgene lagde duvande avslappande lydar og eg haurde måkeskrik i det fjerne.......Men akk. Den følelsen varte ikkje lenge. Då var det på med våte og kalde treningsutstyr og realiteten vart ein virklegheit.....

laurdag, september 19, 2009

Laurdag kveld.

-Jogging i glimt av sol.
-Kaffi på Lille med Celine.
-Lage muffin til familiebesøk i morgon.
-Besøk av Maria og litt øl.
-Performance på verftet.
-Sushi.

Perfekt kveld:)
Moralens vokter.

Kjenner eg blir sint, skuffa og flau over Nina Karin Monsen sitt utsegn og oppførsel.
Kven er ho til å bestemme om to av same kjønn skal elske kvarandre eller ikkje?
I nettutgåva av Dagbladet i dag står det ei sak om kva ho meinar er den tradisjonnelle forma for ekteskap, sett ifrå dei kristne og verdikonservativet sitt synspunkt. Saman med ti andre har ho levert inn ei stevning til staten mot den nye ekteskapslova som vart innført 1. januar i år. Lova som gjorde det mogleg for to av same kjønn til å gifte seg. Eg jubla over lova- som endelig behandlar dei lesbiske og homofile på lik linje med dei hetrofile. Monsen gjer det ikkje, ho meinar lova er diskriminerande for dei som giftar seg under den gamle ordniniga.

Mange av dei kristne jobbar for å oppretthalde ekteskapet slik dei meinte Gud hadde instillt det. Men kva er eigentlig den tradisjonelle forma for ekteskap? Vrangforestillingane om at ekteskapet har vore ein uendra instutisjon i fleire tusen år er sentralt i mange mennesker si trusførestilling. Men det finnast ikkje noko klart historisk grunnlag i bibelen som støttar denne påstanden. Faktisk det motsette. Ekteskapet har vore lite omtalt i kristendomen, og til og med i strid med den. Jødedomen- som kristendomen har sitt utspring i, var polygami lov og mange av dei kjende bibelske menna hadde fleire koner.

Det var ikkje før under romersk innlytelse at ein skulle vere gift med éin om gongen. Dette har ingenting å gjere med Bilbelen. Først rundt 200 f.kr. starta myta om Adam og Eva å bli brukt i kristendomen. Denne fortellinga har blitt brukt som argument for at ekteskapet skal vere mellom mann og kvinne. Dette er eit heller lite godt idéal for ein "god" kristen. Kvinna prøvde å lure mannen inn i syndefallet. Barna drep kvarandre, og dei som overlevde driv incest.

Historia er lang, men det var ikkje før på 1200- talet at ekteskapet vart eit sakrament i den katolske kyrkja. Då deltok presten for fyrste gong i vielsen.

Skal ikkje samfunnet i den vestlege verda vere oppteken av den personlege utfaldinga, uavhengigheit og frisetting? Gud sa: "Lat alle småbarna komme til meg", og med det meinte han vel alle? Trur neppe utsegnet meinte å ekskludere dei homofile, narkomane og mørkhuda osv.- og alle dei som leve utanfor dei "normale" normene. Eg meinar at kvar enkelt person og sjel må gjere det som er til beste for dei sjølve. Det som tel er vel at folk er lykklege? Kvar einskild person har vel nok med seg sjølv og sitt liv, utan at dei på død og liv må vere moralens vokter ved å passe på kva alle andre gjer? Eg kjenner eg ikkje vil vere ein del av den verda som ikkje set pris på alle dei med forskjellig, form , farge og bakgrunn...

Alle er like, og alle er like mykje verdt.

fredag, september 18, 2009

Eit lite glimt av leiligheta.


I've had the time of my life.

Min kjære ungdomsforelskelse gjekk vekk for nokon dagar sidan. Eg trudde utan tvil eg kom til å gifte meg med Patrick- berre eg vart litt eldre. For på film blir ikkje menneska eldre og eg ville sjølvsagt ta han igjen på alderen. Det er då sjølvklart.

Eg hugsar godt den dagen då systra mi kom heim frå skuletur til 'Aya Napa' og kofferten ho opna med skattar ifrå dei sydlegare strøk. Plassar eg berre hadde drøymt om og sett på tv.
Eg kan ikkje ha vore meir enn sju år, men eg ser for meg augeblikket då ho tek fram ein pakke med 'turkish delight', 2 parfymeflasker og til slutt 3 videofilmar som var piratkopiert.
Slik fekk eg eit innblikk i heit dans, barlivet og korleis sioux-indianarane leve på prærien. Og sidan det var på 80- talet så seier det seg sjølv kva filmar det var; Dirty dancing, Coctail og Danser med ulver. Merkleg nok var eg ikkje så interessert i sistnemnte film.

Nokon kan kanskje meine dette ikkje var filmar som traff mi målgruppe, men dét kan eg på det sterkaste motbevise. Med store auger såg eg oppatt, oppatt og oppatt filmane- sjølv om videoane var av den dårlegaste kvalitet du kan tenke deg og utan tekst. Slik lærte eg meg å blande drinkar, blant anna 'Red-eye' og 'Orgasm', flørte og ikkje minst danse heite dansar.
For å ikkje snakke om engelsk. Sidan eg som sjuåring ikkje var spesiellt godt skolert i det engelske språket enda, så måtte eg gjette meg fram til kva dei sa. Og tru meg- eg kunne alle replikkane på rams, sjølv om eg eigentleg ikkje visste tydninga av dei.

Eg hugsa eg ville vere som 'Baby', danse som ho, og ikkje minst- finne meg ein mann som 'Johnny'. Eg og mi mellomste syster var oppslukt av alle dei magiske dansetrinna. Vi kopierte scener som då 'Baby' dansa opp etter eit gjerde, rockinga på ein trestokk ute i skogen og ikkje minst- høgdepunktet i filmen; det avsluttande løftet! Den siste scena står som ein bautastein av minner i hjertet mitt og ikkje minst som eit høgdepunkt i filmhistoria. Scena då ' Johnny' kjem tilbake for å gjere dansen som han etter tradisjonane alltid hadde gjort ved avsluttinga av sommerferien på hotellet- og som han hadde blitt nekta å gjere dette året. Barsk og kjekk kjem han inn i salen, myser sexy etter sin store kjærleik 'Baby', finn ho, går bort til bordet og seier replikken som er legendarisk; " Nobody puts Baby in a corner"!
Sukk- Og inger auger er tørre då dei entra scena og set igong med den mest fantastiske dansen som neppe nokon andre i historia kjem til å overgå.

Faktisk resulterte 'opningsmovs'a' på den avsluttande dansen, med blod, tårer og eit stort hol i hovudet for mitt vedkommande. Og, ikkje minst- ein tur til legen for å lappe meg saman att. Idét systra mi skulle slenge meg ut då hendene våre etter "oppskrifta" hadde møtt kvarandre, kasta ho meg like godt midt inn i hjørnet på eit skåp som stod i vegen. Neida- det her går fint, sa eg, heilt til eg tok meg i hovudet for å sjekke ut ståda. Handa mi var full av blod, mamma vart hysterisk og vi køyrte i full fart til Eid for å lege mine kunstneriske sår.

Så kjære kjære Patrick, tusen takk for alle tårevåte augeblikka, både i Dirty Dancing, Ghost og Nord og sør. Eg tenker, sidan du allereide har vore ein engel i den vakre filmen 'Gohst' så har du allereide sett litt av den andre sida så du slepp å vere redd. Kvil i fred kjære venn.

onsdag, september 16, 2009

Lukt, lyd og smak.




Det er rart korleis lukt, lyd og smak kan frambringe eit register av minner og kjensler som har gått forbi deg i livet. Dei kan føre deg tilbake til barndomen og få deg til å huske minna du har ifrå dine fyrste leveår, då du fekk ditt fyrste kyss, jula som vart feira hjå bestemor og bestefar, stadar du har reist til og minner om varme lange og late sommardagar på eit svaberg. Dersom eit let att augene og konsentrerar seg verkeleg, kjennast det nesten ut som om at augeblikket har gjennoppstått.

Sjølv har eg ein del lukter, lydar og smakar som frambringe gode minner frå barndomen, oppveksten, familie, kjærleik og ikkje minst forelskelse. Både frå gamalt av og ifrå dei seinare tider. Lukta av nyplukka raude epler minner meg om hausten heime i Kjølsdalen. Dagar som blir kortare og kveldar som blir mørkare. Det får meg og til å tenke på hjortejakta, og kveldar då vi ungane hand i hand vandra heimatt ifrå fjøsen ilag med pappa -og stjernene på den mørke hausthimmelen som vaka trygt over oss. Og sjølvsagt, den store kassa i kjellaren med dei små og søte nyinnhausta eplene kjøpt ifrå nabobygda.

Lyden av vag bildur får meg til å tenke på bestemor i Stryn. Dersom eg let att augene kjennast det ut som eg ligg søvndrukken og pur ung under dyna på det blå soverommet. Duren frå bilane som susar forbi på vegen nedanfor svinn sakte hen idet Ole Lukkøyet kjem for å helse på meg...

Smaken av hockypulver får meg til å kjenne på følelsen av tidleg julemorgon. Vi har- og kjem alltid til å ha julekalender heime i Kjølsdalen. Faktisk heilt til vi blir gamle og fulle av rynker! Vi har hatt tradisjon med å pakke inn juleutgåvene av teikneserieblad og ferdige julesokkar som ein kan kjøpe på butikken. Dei innheld både skumgummi, fox, sure drops, slikkepinne, sjokoladenissar og ikkje minst- hockypulver. Den barnslege gleda over at snøven dalar ned i stor flak utanfor vindauget, varmen frå fyren i peisen, dei dunkle lysa ifrå juletredet og Disney på tv får oss "ungane" til å kvine av fryd idet vi kveilar oss søvndrukken opp i sofaen under eit pledd.

Eg kan i fleng nemne opp små flik av minner som eg har lagra i mitt 'sansebibliotek'. Og mange av desse 'flash-back'a' kan få meg til å smile, le eller få sommarfuglane eg har i magen til å fly i vilden sky. For tida har eg éi favorittlukt- som får meg nettopp til å gjere alle desse tinga. Den lukta får meg til å føle meg levande, lykkelig og ikkje minst vanvittig glad! Eg er blitt avhengig av den lukta- og prøver å finne alle dei stadar eg kan kanskje få ein snus av den. Det høyrast veldig rart ut, men det er sant. Kan heller ikkje stikke under ein stol at eg er veldig rar, både på godt og vondt.

Eg vil ha meir av den lukta. No, for alltid og i framtida.

fredag, september 11, 2009

Drøymehuset.

Har mange gonga tenkt eg skulle legge ut desse bildene av det fantastiske huset til oppstartarane av det norske designmerket 'Blafre Design', som lagar alt ifrå fine kort, matboksar, innpakkingspapir, flasker, kalender m.m. Hærlig dill og dall, med naivistiske trykk i leikne fargar!

Interiøret i huset har eit perfekt blanding av minimalistisk kvitmalte veggar, til maksimalistisk bugning av krimskrams i skuffe og skåp, gammalt og nytt, barnslig og voksent. Det viktigaste er at det gjenspeglar personane som bur i dette huset. Spennande, delikat og noko for seg sjølv- ingen mainstream her i gården!


http://www.blafre.blogspot.com/

Kjenne meg litt igjen her altså, her er nokon som virkelig har gått beskjærk på loppemarked. Eller evt. gamle arvestykker. Den fine azurblå 'Mariskåla' frå Marimekko, gamle og nye kokebøker, enkle raudvinsglas, gamle muggar.....Drops for auget! God gammaldags bonderomantikk og ny trendy og kul lampe. Gammalt helsar på nytt. I like! Som tatt utifrå bestefar og bestemor sitt gamle kjøken! Moderne lampe i gammal forkledning. Minimalistiske reine flater, blanda med innslag av fargeklattar. Blanding av norsk bonderomantikk og kjøkeninnredning inspirert ifrå Austen. Sarte og organiske tapetar, med eit lite og humoristisk innslag av eit gammalt baderomskilt. Den gamle stolen til bestemor blir supertrendy med fargerik pute ifrå housedoctor (Dansk merke) Nostalgiske detaljar frå barndommen og sjølvsagt eigen design! Ser godt kor dei hentar inspirasjonen ifrå. Fint å kunne variere dei kvite veggane og golva med ein dus og delikat gråfarge i trappa. Fin kontrast til den elegante tapeten.

Akk. Det vakre spisebordet med rokokko-inspirert bein, blanding av bestemors gamle stolar og krakk i hardt og maskulint metall. Mjuke og feminine linjer i fin leik med røffe og harde detaljar.