laurdag, september 19, 2009

Moralens vokter.

Kjenner eg blir sint, skuffa og flau over Nina Karin Monsen sitt utsegn og oppførsel.
Kven er ho til å bestemme om to av same kjønn skal elske kvarandre eller ikkje?
I nettutgåva av Dagbladet i dag står det ei sak om kva ho meinar er den tradisjonnelle forma for ekteskap, sett ifrå dei kristne og verdikonservativet sitt synspunkt. Saman med ti andre har ho levert inn ei stevning til staten mot den nye ekteskapslova som vart innført 1. januar i år. Lova som gjorde det mogleg for to av same kjønn til å gifte seg. Eg jubla over lova- som endelig behandlar dei lesbiske og homofile på lik linje med dei hetrofile. Monsen gjer det ikkje, ho meinar lova er diskriminerande for dei som giftar seg under den gamle ordniniga.

Mange av dei kristne jobbar for å oppretthalde ekteskapet slik dei meinte Gud hadde instillt det. Men kva er eigentlig den tradisjonelle forma for ekteskap? Vrangforestillingane om at ekteskapet har vore ein uendra instutisjon i fleire tusen år er sentralt i mange mennesker si trusførestilling. Men det finnast ikkje noko klart historisk grunnlag i bibelen som støttar denne påstanden. Faktisk det motsette. Ekteskapet har vore lite omtalt i kristendomen, og til og med i strid med den. Jødedomen- som kristendomen har sitt utspring i, var polygami lov og mange av dei kjende bibelske menna hadde fleire koner.

Det var ikkje før under romersk innlytelse at ein skulle vere gift med éin om gongen. Dette har ingenting å gjere med Bilbelen. Først rundt 200 f.kr. starta myta om Adam og Eva å bli brukt i kristendomen. Denne fortellinga har blitt brukt som argument for at ekteskapet skal vere mellom mann og kvinne. Dette er eit heller lite godt idéal for ein "god" kristen. Kvinna prøvde å lure mannen inn i syndefallet. Barna drep kvarandre, og dei som overlevde driv incest.

Historia er lang, men det var ikkje før på 1200- talet at ekteskapet vart eit sakrament i den katolske kyrkja. Då deltok presten for fyrste gong i vielsen.

Skal ikkje samfunnet i den vestlege verda vere oppteken av den personlege utfaldinga, uavhengigheit og frisetting? Gud sa: "Lat alle småbarna komme til meg", og med det meinte han vel alle? Trur neppe utsegnet meinte å ekskludere dei homofile, narkomane og mørkhuda osv.- og alle dei som leve utanfor dei "normale" normene. Eg meinar at kvar enkelt person og sjel må gjere det som er til beste for dei sjølve. Det som tel er vel at folk er lykklege? Kvar einskild person har vel nok med seg sjølv og sitt liv, utan at dei på død og liv må vere moralens vokter ved å passe på kva alle andre gjer? Eg kjenner eg ikkje vil vere ein del av den verda som ikkje set pris på alle dei med forskjellig, form , farge og bakgrunn...

Alle er like, og alle er like mykje verdt.

Ingen kommentarer: