tysdag, november 20, 2007

søndag, november 11, 2007

Søndagstur og kafébesøk me buddy.

Turen til Fløyen og vidare innover "fjellet" i dag var akkurat som å komme til ei anna verd. Frå å gå ifrå ei blanding av sørpe, regn og ca. orkan i kasta, var det som å komme til vinterland ! Folk møtte mannesterke opp, med ski, termos,gamasja og godt humør:) Ein god gammaldags vinterdag!





















onsdag, november 07, 2007

Glaset.


Ein mørk haustkveld. Eg gjekk forbi glaset.

Lyset skein gjennom gardinene. Dei andre gardinene enn kva som var der før.


Bak dei nye gardinene skjular dei gamle minnene seg. Og dei kvite treveggane, saman med den trearma lysestaken og planten i glaset som alltid låg i mangel på vatten....


Nokon andre har flytta inn.

tysdag, november 06, 2007

Art.






Siddis.

So e Stavanger-turen og Siddis vel overstått! Og vi e storfornøgde med både opphaldet, resultatet og festen!:) Kjem vel ca. til å småhumre for meg sjølv i nåken veke framover no, over alle gullkorna og dei morosame situasjonanen som oppstår når so mange "qaisy" folk e samla på ein stad.

Vi har vertfall blitt veldig "flinke" i å prate Stavangersk. Det kan vel både resepsjonisten og tilfeldige forbipaserande skrive under på....Marianne og eg har vertfall øvd oss grundig på å starte alle setningane våre med "om me har lagt att nettet"..."Om du kan gje oss trrrriii glass".."Om du ve ha pastillar med lakserande effekt??".....osv. Har det på følelsen av at kanskje eit par sjeler var litt leie av oss på slutten av dagen!

Ellers har Synnøve prøvd massasjestol på narshpiel. Og ja, hon e litt blond. Tok berre ca. 10 min. med skriking og klaging over korleis i alle daga hon skulle få stolen til å slutte med alle den vibreringa(ja, heile kvinnemennesket hemningslaust opp i stolen). Heilt til ho oppdaga at eg låg ved sidan av, i latterkrampe, og styrte stolen med ein fjernkontroll....hihi...

Kvelden enda opp i Noregs største taxikø. Ca. 100 m. lang og 50 m. brei:/ Det tok oss den nette tid å vente 1,5 t. berre for å få ein taxi til 4 pers. Så i mellomtida, berre for å halde motet oppe, song vi alt ifrå Sogndalsongen, muppetshow, Bjørn Eidsvåg....you name it. Resten av taxikøen jubla og klappa då vi endelig fekk ein taxi. Trur kanskje ikkje det va på grunna av at vi song so veldig fint akkurat....

Vertfall, eg har hatt ei super helg ilag med jentene som eg sov i leilighet ilag meg og resten av Fleslandgjengen! Eg gleda meg til neste gong vi skal ut på tur ilag!:)







Kornetten fekk helse på Ina sin elefant for fyrste gong. Aurora, eller Hora. Som vi andre kalla hon.
Synnøve og Monica i ekstase over å endelig vere på veg mot Stavanger!
Ina pustar ut etter å ha overlatt ansvaret for Aurora til Marianne...
Nett reist frå Flesland!
Marianne storkosar seg med Aurora!



På tide å sprette sjampisen! Gold edition.....mmmm...22 karat gullstøv i flaska!Eg føle meg litt glamorøs:)
Marianne slokna etter sjampisen. Aurora er lys vaken og kjedar seg litt.

Robert hadde laga quizz!

Helene, Marta og Marianne i storslaget humør!
Det var Synnøve og! Berre ein får sjampis med gull flak i....
Endelig framme på hotellet der dei andre låg! Marianne jøglar med muten sin!:)
Klar for den store dagen! Jentene ete felles-frukost ilag....so koslig!


Klar for dyst! Tips frå Patrick. "For at lugna ner, eta gjerna en banan en halv timma innan ni skal på scenan" (Forsøk på svensk/skånsk) Og ja, vi følgde rådet!
Monica banan.
Eivind banan
Jan banan (Og vatten sjølvklart...veeeeldig viktig!)
Marianne og ivar banan.
På jakt etter polet, etter ein storslagen innsats på scena!


Synnøve og Monica på fransk cafe. Super go mat, men ingen av oss fem fekk det vi eigentlig hadde bestillt...:)
Ina og den fantastiske desserten....mm..
Superdeilig å slappe av på cafe etter å ha stått opp halv sju...
Synnøve ordnar sveisen hon....
Eg, Marianne og Synnøve bestillte sjokolademouss-kake.......fabelaktig go!!!!
Mens Monica fekk sin cafe-mocca....


Jubling over å ha komt på 9. plass(av 14) i 1. div. Sjølv om vi eigentlig e eit 2. div.korps:)
Marta superhappy!!
Jostein ringe rundt for å fortelle alle han kjende at vi slo Haukås!!!hihi...

Jan banan kan nesten ikkje tru det!
Marta, Monica og meg i ellevill danseglede etter å ha gjort ein super innsats!!


Dagen derpå....Ina og Aurora e litt sletne...
Og jeanette gjer jobben sin med å ta bilde på vegen heimatt til Bergen....
Utrulig fint nedover mot Stavanger....