fredag, desember 31, 2010

Det nye.

To tusen og ti er på veg til å komme i mål med sine oppturar og nedturar. Stafettpinnen skal med glede, æresfrykt og spenning overleverast til to tusen og elleve.

Med forfrosen nasepipp, sternesprut som lagde umennenskleg vakre konturar i den stjerneklare natta, og med smil om munnen ønskte vi det nye året velkommen på akkurat samme dag i fjor. Og sjølv om vi ikkje sa det- så tenkte vi vel på akkurat det same; Kva utfordringar, gode minner, hjarterå opplevingar og pur lykke ville det nye åre bringe? No har vi erfart. Og uansett kva det måtte vere, så veks ein på det. Livet er greit sånn sett.

Årskavalkaden må vente til dagen i det nye året er smakt på. To tusen og elleve; Bring it on!

Med ønsker om eit godt nytt år, kjære lesera!

   

laurdag, desember 25, 2010

fredag, desember 24, 2010

Winter wonderland
Nydeleg julestemning i Kjølsdalen. Våkna opp med mange blå kuldegrader, endå meir snøv og måne på himmelen. Kan det bli beire julestemning? No vil eg ut å leike litt i snøven!

torsdag, desember 23, 2010

onsdag, desember 22, 2010

Saudehaud

No er eg vel på plass i winterwonder Kjølsdalen. Og det er storvegs! Har ikkje sett dalen sidan den var i si finaste sommardrakt- så det var rart å kome attende til eit vinterlandskap med snødekte tred og høge brøytekanta. Eg vart godt teken imot av familie óg ein hund med hale så logrande at rompa svinsa ukontrollert fram og tilbake. Det er lykke!

Då eg la meg i går undrast eg på kor stille det var. Eg la ifrå meg boka eg les i, pusta inn eit djupt andedrag og lytta til stillheita kring meg. Og det var godt. Eg kunne ikkje høyre anna enn snøven som landa mjukt på rekkverket utanfor og mine eigne hjarteslag. Eg sovna som ein stein.

Eg smilte inn i meg i dag tidleg då eg vakna og såg ut vindauget. Snøv! Julestemninga kraup under huda då eg fekk tendt i peisen, laga meg ein kopp kaffi og sett 'God morgen Norge'. Ellers har eg vore på besøk hjå mi kjære bestemor, som igjen hadde besøk av tante og nokon andre slektningar frå bygda. Eg fryda meg over å høyre folk- ikkje berre ein eller to, men alle andre snakkar same dialekt som meg. Det er lenge sidan. For å ikkje snakke om lufta, som er 100% reinare enn 'smogen' i Bergen.

Som tradisjonen hør og bør, et vi saudehaud søndagen før jul. Men sidan mamma og pappa faktisk gløymde å tilbreide saudehaud den søndagen, så åt vi det i dag istaden for. Og som alltid smakte det fortreffelig! Huset er blitt vaska, den siste av dei heimkomande søstrene kjem att i natt og i morgon blir huset pynta...so no kan snart julefreden senke seg over garden.........

Ha ei trivelig natt!

torsdag, desember 16, 2010

Hurra!

Fekk den gledelege nyhenda om at eg vann gårsdagen Cecilie Melli julekalender. Vart dermed den heldige eigaren av ein kul ring!
Besøk bloggen hennar her: http://ceciliemelli.blogspot.com/

Ellers forbreidar eg meg til jul og heimreise om ikkje så alt for lenge. Vart ferdig med eit par julekort på Baran i kveld. I lag med ein varm kopp kakao og med snøv som dala ned i store flak utanfor vindauget, så prøvde eg trylle fram dei finaste ord eg kunne! Stod ikkje på stemninga akkurat, men eg følte meg totalt ubrukeleg til å skrive julekort. Så eg bestemte meg for å ikkje skrive julekort før eg ein gong får ungar, volvo og labrador.

Sånn er det.

onsdag, desember 15, 2010

Made with love.

Lagde mjuke karamellar i går. Dei vart nydelige! Litt harde i starten, men som smeltar på tunga etter litt bearbeiding. Passar perfekt som ei lita gåve under juletredet.

tysdag, desember 14, 2010

Sitt, for pokker.

Vi er på kino og ser 'Hjem til jul'. Ein film om håp, savn, kjærleik, litt svette nakne kroppar- og ellers om små enkle gleder.
Ok, filmen var kanskje ikkje heilt som alle forventa då der ikkje var nokon fantastiske høgdepunkt eller hylande komiske scener. Men den var sart, vakker og til ettertanke. Noko folk treng i førjuls-tida.


Ikkje alle ser den tydlegvis. Avsluttninga har vakre bilder, fin stemning og nydelig musikk.....men nei, folk MÅ reise seg opp nesten før filmen er ferdig! Kva med å nyte den heilt ut? Kjenne etter og la stemninga synke inn? 


Eg blir forbanna. I "protest" satt vi i kinosalen til neste alle var gått ut. Dustefolk!
Jul i heimen.

Sakte men sikker dukkar julepynt opp her og der i leiligheta. Her er nokre små glimt av fine skattar! Har til og med pynta juletredet. Må nyte det før vi reiser heim til jul:)

Ellers er dagen i dag til å lage ladning med vaniljefudge nr.2. Nr.1 vart desverre ikkje spesiellt vellykka. Sjølv om eg laga dei med mykje velvilje og kjærleik.