fredag, desember 03, 2010

Hardt vatten

Makan! Gjekk ein tur ute i kalde Bergen i dag. Og til mi store overrasking GJEKK folk på Lille Lungården! Eg vart litt oppfaren og fekk pipeaktig 'tante Sofie-stemme' "Hallo? Dei kan no IKKJE gå ut på isen! Tenk om den sprekke og dei går under??!" Det var nesten like før eg ropte ut til ungane der utpå.

Men då tok eg skiltet som stod ved vatnet til nærare grasking. "TRYGT å FERDES PÅ ISEN". Eg pusta letta ut, og pulsen roa seg.
Vi gjekk litt ut på isen vi óg. Men berre litt. Er skeptisk og kjenner eg ikkje heilt stola på skiltet.

Kanskje eg våga å gå rundt juletredet på vatnet i morgon? Passe surrealistisk spør du meg.....

Ingen kommentarer: