søndag, desember 12, 2010

Sweets for the sweet

I julmodus! Søndagsåpe butikkar gjer stress-nivået temmelig høgt,
i alle fall dersom ein skulle vere så uheldige å forville seg inn på eit kjøpesenter. Men med knall fokus og Sol ved mi side utført vi ekstremsporten med ti i stil!

Fekk handla eit par fine julegåver med gode tankar bak. Slike julegåver er dei som varmar mest, så då lar eg heller penga være penga. Det er tanken som tel, og ikkje summen på gåva. 

Sjølv elskar eg å få gåver som er "spot on" til meg- og det sjølv om den kanskje berre kostar ti kroner. Ellers har den gule Sola og eg laga deilig snop til jul i dag! Kandisert appelsinskall dyppa i sjokolade:) So enkelt, men allikevel so godt!

Nam!

Ingen kommentarer: