torsdag, mai 27, 2010

Mensen ut øyre.


Eg veit no utan tvil korleis det må vere å føde. Vel, ut øyret då. Eh, ja. Akkurat.

Den verste smerta eg har hatt i mitt liv, nokon sinne, fekk eg i går. Etter å ha vore tett i bihule, øyre og det som måtte vere av hovud i det siste- så tok eg skeia i eigne hender. Noko eg ofte gjer når eg er sjuk. Lege er so oppskrytt!

Hadde noko øyreskyll liggande frå forrige år. Og tenkte med mitt kloke hovud at eg skulle fikse biffe. Ja, eg skylte grundig eg. Etter skylling fekk eg smerter som MÅ ha oppkome ifrå helvete. Sol, mi kjære venninne og reddande engel kjøpte både paracet og ibux. Og etter å ha ringt til legevakta (medan Jeanette gjekk rundt i ring som ei hysterisk høne) fekk eg beskjed om at eg berre måtte ta ein god coctail med begge sortane av tablettar.3 paracet og 3 ibux.

Etter vaktskifte og Mr. Kjønås overtok som lege på vakt, så toppa verkeleg smertene seg. Litt komisk- men eg hylte, grein og var steike forbanna på same tid. Slo gjerne handa hardt i veggen. Berre for å overgå smerta som romsterte inn i øyret.

Vel, enden på visa var at etter nokre timar ga dei verste smertene seg. Då eg plutselig kjende noko som rann ut av øyret. BLOD!- Kjende hysterien breia seg over kroppen. Og kasta meg over telefonen for å ringe til Jannike. Kanskje kunne hon vete kva slags lidelse eg hadde. Jannike visste det ikkje. Men råda meg til å ta i bruk internett.

Internett har alltid svaret. Og joda, eg kunne lese at dersom eg hadde mensen ut øyret, så var det nok trommhinna som hadde røke med. Eg valgde å utelate det siste punktet som stod at dersom det rann gult puss ut i tilegg, så hadde eg nok mest sannsynleg brot på hjerneskallen. Trur ikkje det nei.

Og i dag den dag, valgde eg å bite i det sure eplet. Eg tok turen til legen, som seg hør og bør. Og har no fått ein hestekur med antibiotika. Lenge leve øyreverk og mensen ut øyret! Eg vurdera å amputere hovudet uansett.

tysdag, mai 25, 2010

Klok mann-
Han der Peter McWilliams.
"My hard is yours"


For ei herlig oppvarming til laurdagen sin finale av Grand Prix! Endelig har GP fått sin renessanse etter nokre år med tørketider. Ser fram til festivitas på Griegakademiet laurdag, med grilling, storskjerm og Grand Prix kledning! Trur eg skal ta på med paljett-jakka mi for anledninga. Ikkje i rosa, men blått. Nesten som bobysock- men berre nesten.

Men alle ønsker om at vår kjære Didrik syng med britisk aksent under sendinga.

Amen.

måndag, mai 24, 2010

Øyreverk.


Tidenes øyreverk i natt. I håp om å sove den vekk då eg la meg, vart den berre verre. Og eg sov ikkje eit sekund fram til klokka var sju. Gjekk rundt i sirkel på golvet, grein ein liten skvett over dei intense smertene, såg på klokka og venta på at nokon skulle forbarme seg over meg å komme med ein paracet eller to- som eg ikkje hadde i hus.

Sovna av total utmattelse i sjutida. Flott natt med andre ord.
Eg føyer øyreverk til på lista over ting eg ikkje likar i det heile.

søndag, mai 23, 2010

Christopher.





Eg ler.

Eg ler av all reklameposten eg til tider får på mail. "Bekjemp dårlige gasser, Jeanette" "Hvor langt kan du gå på fylla, Jeanette?" "vinn en reise til Andalusia, Jeanette" "Bli kvitt handtakene over linningen, Jeanette" Alle mailane får ein personeleg touch ved å bruke namnet mitt på slutten.

Eg starta å tenke 'HÆ? Har eg dårlege gassar?' Ser på magen min om eg EIGENTLIG har handtak ovanfor linninga, og blir super happy over at eg kan vinne meg ein tur til Andalusia! Men det er sjølvsagt for godt til å vere sant. Normale oppgåande mennesker skjønnar sjølvsagt det. Og eg ser på meg sjølv som eit noko lunde normalt og oppegåande menneske. Men kva med alle dei som går rett på. For eg reiknar med det ikkje er gratis å bli kvitt både gassane og dei overføldige kiloa. For å ikkje snakke om turen til Andalusia.

I tillegg blir eg litt forbanna. Forbanna over at all reklama tek plassen i innboksen MIN. Og at eg må bruke tid på å sjekke kva maila eg har fått, for å ikkje slette noko viktig. Og at eg faktisk må gå igjennom alle dei 140 mailane for å slette dei ein etter ein. Og til meir eg skriv om det, dess meir forbanna blir eg.

Kanskje på tide å slutte no.

torsdag, mai 20, 2010

Dagen i går-

Bør vere akkurat sånn som ein dag i resten av ditt liv skal vere. Ein dag fyllt med grilling, glede, spontan samling av mennesker som ikkje kjenner kvarandre, speling av fotball, triksing med basketball, badminton(-og shuttelcocks), barnslig leiking og sjølvsagt deilig musikk som strøymer ut av ipoden i dei seine nattetimar. Alt under vakker mai-himmel med stjerner og måne på. Gløymte eg å nemne korthusbygging?

Bergen er ekstatisk når det er fint veir. Mennesker ligg slengt over alt. På fortau, i grøfter, på hustak. Alt dette berre for å komme nærare sola. Utlendingane kallar det "sunchasing". Kanskje ikkje så rart sidan vi har fleire mørke dagar enn lyse. No. Ut og nyte kvar ein solstråle.

fredag, mai 14, 2010

Bilder til salgs.





17. mai er vi så gla' i!

Endelig, etter nokon kalde dagar fekk vi helse på sola igjen! Og sidan det snart er 17. mai, min favorittdag i året- så håpa vi på at sola held seg der oppe, og ikkje ramla ned eller blir vekke bak tunge regnskyer.

Tok turen opp Svartediket, Isdalen, Rundemannen og enda til slutt opp på Fløyen i går. DEILIG tur med berre rein glede i bagasjen. No er det tid for å gjere seg klar til 17. mai! Bunadskjorta skal strykast, potetsalat og kake skal lagast, leiligheta skal vaskast og lugg skal klippast! Dersom nokon tilfeldigvis skulle elske å stryke bunadskjorte frå helvete, så er dykk hjarteleg velkomne til å hjelpe meg.

onsdag, mai 12, 2010


Leik i parken.

Bergen har vore så heldig å hatt fint veir i det siste. I forskjell til resten av landet som hadde snøv og hagl på menyen.

Då måtte vi grille og leike i parken, sjølvsagt......


måndag, mai 03, 2010

Bergen i mitt hjerte.



Festivalstemninga osa av Bergen i helga. Og eg vil ha meir!
Heldigvis er det ikkje lenge til 'nattjazzen'.
Ok, vi fekk ikkje kanskje med oss så mykje som vi hadde håpa på. Men det var berre fordi det tok totalt av i det lokalet på verftet vi haldt til.

Vart skikkelig snurt etter å ha stått i kø alt for lenge utanfor Verftet. Vi som stod på gjesteliste og alt, trudde det var bankers at vi kom oss inn- Men nei. Lokalet var stappa til randen og dama som stod i inngongsdøra var ikkje spesiellt samarbeidsvillig. Men inn kom vi etter litt sleipe triks, do-gåing og vaktar som tok oss på fersken, men som faktisk fann ut at vi stod på lista. In your face!

Karpe Diem var virkelig hett. Folk stod som sild i tønner, og stemninga tok verkeleg HEILT av. Magdi rocka! Derifrå skulle vi liksom få med oss Lars Vaular pluss ein del andre band. Men kven takka nei til hundre gratis øl, godt selskap, rocking på dansegolvet og til slutt ei FANTASTISK avrunding med "The souljazz orchestra"! Ikkje dei jentene nei.

Vandra heim i dei seine nattetimer, under ein blå himmel og med sola på god veg til å komme opp. Lykkelige over ein deilig kveld og med autografar på handa.

Litt sleten i dag gitt.