måndag, mai 29, 2006

Sommarferien e her!

Til dokke som trudde eg va begyndt å skrive korte innlegg.....der tok dokke feil:)!!!

Vil berre understreke at eg ikkje skreiv førre innlegg....

Men folkens... DET E SOMMARFERIE!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
I dag leverte eg bacheloroppgåva mi. Det va både ein lettelse og litt vemodig. lettetse fordi eg knapt har hatt eit normalt liv dei siste to vekene, skriving frå morgon te kveld, heim og ete ogso rett i seng! e det mulig å få eit kjedligare liv??? vemodig fordi det mest truleg e siste gongen eg har satt mine bein på min "kjære" skule...... tenk.. aldri meir ei pause i kantina, aldri meir do uten konstant mangel av dopapir... og aldri aldri meir........ åi... no gløymte eg ka eg skulle skrive... sånnt som skjer...


ENDELIG

Oppgåva er ferdig. Eg e ferdig... ingenting meir å gjere: det e sommar. Eg har sommarferie!
gratuler meg gjerne!! aaahhh..!!!

laurdag, mai 27, 2006

jajajaja.... det hadde vore godt me ei "brun".......Den som kunne leve livet, feste, ete god mat, slappe av akkurat no.................

onsdag, mai 24, 2006

Versace og Medusa.

Versace og MedusaI går leverte eg 7 dagers eksamenen min, og eg kan fortelle deg at eg slett ikkje synst det har vore nåke fest desse dagane eg har sete inne å arbeida for harde livet. No har eg berre igjen ei.

Tru det eller ei, i dag synst eg det har vore fantastisk moro å skrive!... Lure på om det e gleden over å kunne skifte til eit nytt emne igjen, eller om det faktisk er eit snev av akademisk intelligens som glimtar igjennom?????

Det kan faktisk hende seg at det e pga. at eg faktisk lika det emnet eg skriv om. Problemstillinga er: Designera og massemedia sin bruk av klassiske element- med spesiell utdjupning av Versaces sin bruk av Medusa og meanderbort.

Kan du tenke deg for ein fryd? eg har store bøke med kle frå Versace og eg får t.o.m. lov til å analysere reklamebileter der Madonna e frontfiguren!! jippi jippi! universitetet e so kjekt!:)

Kom til å tenke på ein ting. E litt gla for at vi ikkje har ein politistasjon i Kjølsdalen eg, for då hadde nuk både eg og ein del andre blitt putta sporenstreks på cella, både ein og to og femhundre gongar i løpet av vårt liv.

Eg og Jannike hadde nuk mest sannsynleg blitt drege inn p.g.a. dyreplageri; då vi i gamle dage hadde som hobby å kle på kattungane i dukkekle, springe rundt me dei opp i ei dukkevogn, og, uppss..... der låg dei visst i grøfta gitt.......arma og bein og gudane veit ka låg å sprella ned i grøfta...

Eller kanskje vi hadde blitt sperra inne for bigami??...Eller rettare sagt: dei bokmålssnakkande barbidukkene våre, som ALLTID hadde ein rik og berømt mann som jobba i Nordsjønen, 2 veke "på", og 4 veke "av". I dei fire vekene han va "av" hadde dei slyene te barbidukke alltid ein HAUG me elskara..... so kom mannen tebake, og dei vart ein kjærnefam. uten like igjen...

Hm... lure på om det forekjeme mykje misting- av- spedbarn-på-haudet i Kjølsdalen eg.....eit eller anna må det no vere vertfall....

Ps. Det e STOR forskjell på å skrive akademisk, og det å skrive på ein blogg. Berre nemne det.

tysdag, mai 23, 2006

Hmm.... Såg nettopp på nyhendene at ei ni år gammal jente hadde blitt funn fastbunden til eit tred i Kristiansand. Politiet etterforska no saka.

-Kan ikkje huske at politiet i Kjølsdalen etterforska saka då eg vert fastbunde til ein container, eller då eg fekk ein stein midt i haudet etter at eg hadde krangla me søskenbarnet mitt Bjørn Tore, eller då systra mi putta meg opp i ein vask og skrudde på kokvarmt vatten, eller då eg datt ut av øvste hylla i kleskåpet og pådrog meg hjernerysteles, eller då eg slo hol i haudet og måtte sy UTEN bedøvelse- etter at eg og systra mi Therese hadde dansa ála "dirty dancing" då Patrick Swayze tok imot Jennifer Grey og holdt hon høgt opp i lufta*sukk*, eller då eg fekk ei gravstøtte over foten ette å ha balansert på den.......


onga no te dags.... tåle ikkje å få seg ein støyt....

søndag, mai 21, 2006

Eksamen!

Korfor i alle daga blir alt so rasandes festlig når ein sitte å ska skrive oppgåve. Har gjort det i nåken dag no, og... eg ler av alt.....!!

t.o.m. teite ikkje morsomme spøka som eg ellers aldri ve ha ledd av.


Til alle som går på lykkepillen! Slutt å gå på det, start heller med å skrive ei SÆRS morosam eksamensoppgåve! då blir alt so mykje kjekkare!!!!:)

små gleder....

Uansett.... kjekt at Finland vann i Grand Prix i går! Kjekt at endelig nåken når til topps ved å gjere narr av heile konseptet, som faktisk e blitt ein parodi av parodien...:)
Eg berre undrar.... har dokke andre som eg va me å drog "blogg- lasset" med ramla av??

Helsing underfundige jeanette

laurdag, mai 20, 2006

5 daga igjen!




Jada, eg helde nedtellinga!

Blir snart galen av å sitte inne, vertfall i dag når det e laurdag, og eg har mest av alt lystå leike me alle vennane mine, fare på forspel, drikke øl og føle at eg e fri som fuglen!!!!

Men friheita smaka vel best ette at ein har arbeida litt for det...phu..

Ska tru om duene og måkene har paringstid no??
Dei bråka vertfallnåke so inni h...... om morgonane, kan ikkje dei vente te kvelden me å "hoppe te køys"? sånn som alle andre gjer.....

Uansett, so har eg tatt fri frå kveldenmed oppg. mi, trur eg vertfall....om eg ikkje får eit innfall av hysteri....

So då blir det nuk sofaen og litt nostalgisk tv-sjåing... :Grand prix!

Håpe egentlig at Christine Guldbrandsen ikkje får so mykje som eit einaste poeng. So kan dei sjølvgode oppblåsbare bergensarane få smake sin eigen medisin!: Dokke e ikkje verdensmestera i alt! Dokke trenge ikkje skrike høgare enn alle andre!Og, hallo??? Fisketorget dokka e jo berre ein flopp, med roten fisk som er helsefarleg og som det nesten går makk i! Dessuten, Herman Friele, han e eit kapittel for seg sjølv.....har han vore dame ein gong??eller er han berre så feminin,eller har hanrett og slett voreigjennom eit kjønnsskifte??

ken veit.... bergensara sjokkera ikkje meg lenger...

og,no kjeme alle bergensara eg kjenne til å bli sure på meg....men men... shit happends...


Ha ei TRIVELIG helg.......

fredag, mai 19, 2006

Vakre vene Kjølsdalsbygda!


Når eg ser dissa bildene heimaifrå, so angra eg på at eg ikkje feira 17. mai heime!
Då hadde eg ikkje trengd å fryse, eller bruke paraply, ikkje minst hadde eg sluppe å krangle meg vei mellom aggressive bergensara med store "body shop" paraplyar.......

Då hadde alt berre vore sol og sommar, is, korpsmusikk, gull og grøne skogar..

Ska tru korfor eg har fått eit Kick av å skrive på bloggen min i det siste? Kan det vere pga. eg har heimeeksamen, og at ALT anna e mykje kjekkare enn å skrive på oppgåva???

LA DET BLI SOMMARFERIE!!!!!!

Midt inn i toget kan dokke sjå mamma som bære flagg, og pappa som går i solbrille og spela euphonium!:)

torsdag, mai 18, 2006

Mannen.

No e det berre 20 daga til eg skal hente denne mannen i Stryn!
Altso 480 tima!

onsdag, mai 17, 2006

Hipp hipp huuuuuuuuuuuuuurrrra!!!

Gratulera og til Kotsasi som har bursdag i dag!!!









17. mai og "kåneemne"



Gratulerer me dagen godtfolk!

I dag har eg og Synnøve, bortsett frå å ha vore ute å traska, vore skikkelige "kåneemne"!

Dagen starta med potetskrelling, husvask og stryking av bunadskjorte. Stryking av bunadskjorte må uten tvil vere ein syssel som e funne opp ev djevelen sjølv!!

Etter ei runde rundt i byn, eting av vaffel, underhaldning av Handelhøgskulen sitt korps som bada i ei fontene- vendte vi nasa heim for å stelle i stand ein ekte bondelunsj!

Vi dekka på me potetsalat, loff, mårpølse, lefse, flytande sjokoladekake, is,smågodt, kjeks og ei deilig kake Elin kom med!

Både Elin, Synnøve, Vegard, Jon Dale(fann deg i årbokji), Maria, Ane og meg åt so vi trilla!mmmmmm.....

For dei som ikkje veit det hadde me juksa litt, for vi hadde ei flintsteik på lur, som vi meska oss med etter alle var vekk!;).... vel, vi måtte selvfølgelig ta eit par timars pause før vi fortærte den!

No e vi godt nøgde me dagen. Og rundar det heile av med fyrverkeri på festplassen!

Lenge leve Noreg og fedrelandet!!!!!


tysdag, mai 16, 2006

Ballejazzzzz.........

På ein måte gått litt lei av å skrive på bloggen min. Men ska atter ein gong ta meg i nakken!

Vi va på jentetur til balestrand i helga! Å du å du so vi koste oss.
Meg, Kotsasi og Trine var skjønnt einige i at det var slik ei ekte draumehelg skulle vere:)


Synd at det gjekk so fort!



Fredag ettermiddag forlot eg og Kotti Bergen bystasjon med buss til Vadheim. Atter ein gong plukka Trine oss opp i verdas styggast vegkryss... med fare for å få folk frå Vadheim på nakken...


Kotsasi og Fam. har eit ekte kunstnarhus. Eg har allereide vore der før, men vart like overraska dinna her gongen óg kor fint der e!!

Ikkje minst var eg godt nøgd me "hagevandringa" vi hadde:)!! Utstyr deg med raud boblejakke, fine brune strømper, hotpants og termodress so har du oppskrifta på eit perfekt "hagevandringantrekk".





Fredagskvelden starta med brask og bram. Vi kasta pizza i ovnen, helde "vatten" i glasa og kakkla til den store gullmedaljen!! For vi skulle rekke bussen til Balestrand city, der Minor Majority venta på oss!

Ette å ha inntatt ein del "brune" på det som var "Balholm bar (?)", krabba rundt på golvet for å finne ringen til Trine og snakka med ein del lokale heltar; tusla vi fint på rekke og rad ned til "natthuset" der bandet skulle spele.

Ein fin fin konsert, med ein vokalist som trilla augene bak i bakhovudet, slik at det såg ut som om han hadde orgasme e.l. kvar gong han nådde "klimakset" i songen!! DET va litt meir enn vi trengde å sjå!:0

Jentene på fyrste rad va dei kjekkaste (og hon som stod litt lenger bak)! Bortsett frå røya med ein stor "ting" i trynet (red. anm. ein fødselsflekk) Trine tok "notatar" av "songane" som vart spelt. Ho fell og ei lita tåre. Bra jobba! Sa ho, og klappa alle bandmedlemmane på ryggen då dei gjekk ned av scena:)

Vokalisten midt i ei orgasme!

nemmen.... hihi

Oi, sjå kven som er her óg!:)

Laurdag var det duka for ein kjekk "svigersmiddag" ! Kvikne hotell hadde fantastisk mat! Synd eg ikkje hadde moglegheitar til å nyte det heeiiiilt, sidan gårsdagen tok på.......

Kotsasi og Martin va i, tru det eller ei, 100 års dag! Og Trine koste seg "heime" i Kvamsøy. Men det tok ikkje lenge før gjengen atter va samla, og klar til nye og spennande eventyr!

Vi koste oss me snop i bøtte og spann!

Leika....i uanstendige antrekk....

Sminka oss...
Leikte teletubbies....
Hadde yoga-kurs...........

Va fine fruer...

Slost....

Og ikkje minst va julius....

Til slutt enda vi opp på konsert med Ravi og DJ Løve! Det tok uten tvil hheiiilt av!!! .....Kvelden var heller ikkje slutt då konserten var det. Vi tok festen "vidare", fekk oss hamburger, mingla oss me kjendisane og vart nesten tvinga med på etterspel med dei....

Men vi ville mykje heller heim å ete cheese doodles....

Tusen takk for ei flott snupper!!!! Det her må vi gjere ofte ofte!!!!!

måndag, mai 08, 2006

jepp,jepp! Då har eg etter mykje om og men lagt ut bildene! Synd dei kom i omvendt rekkefølge....men men......

Ka faen du stirra på???...
Wow! Sjå ka vi fekk!!
Ut på by'n
Då va dei komt seg opp i tredet....
Eg og Ole studera kvaliteten på skoen!
Syke syke menneske!:)
Tripp, trapp, tresko..... opp i tredet
crazy diamonds in the air!
Alle e godt på plass i parken! Ole, Trine, meg og Kotsasi. Synna tek bileter.
Frk. Pinne kom på besøk!

søndag, mai 07, 2006


MAGISK ....aften....

Til dei som ikkje har lagt merke til det: Sommaren e komen! Enn so lenge vertfall!......Det e berre å nyte det mens dokke kan.

So godt å slikke sol igjen, so godt å ete pistasje is, so kjekt å grille, ta på seg sommarskjørt og solbriller!

Trinemor va her i helga. Det e ein god nuk grunn til å ta ein stor fest!

Fredag samla eg, Kotsasi, Trine og Velaug oss hjå meg. Varmen gjer nåke me oss menneske. Vi blir mykje gladare, snakka høgre og fortare, og ikkje minst blir vi ein smule meir "tylne" enn kva vi allereide e:) Vi va ikkje nåke unntak. At vi tok Garage med storm e vel ikkje til å stikke under ein stol. Både menn og kvinner fall for vår uimotståelige sjarm............

Ettter opplesing av dikt frå visse ex-typar, enda vi forspelet medein slags "kult" der vi tok farvell med denne mannen ved å brenne cd m. tilbehøyr. Vips va vi kvitt både sangen dei hadde ilag, minner og anna snusk. Slik skal det gjerast.

Laurdag va meg og Synnøve litt spirituelle. Vel, vi serverte vertfall i konfirmasjon. Søskenbarnet til Trine vart konfirmert, og vi fekk det ærefulle oppdraget i å servere pjokken som trådde inn i dei vaksne sine rekker.Alle va so fine i bunad! Eg gleda meg te å gå med min 17. mai!!! då kan eg svinse og svanse med den flotte stakken... akkurat som ei prinsesse!

Vi tok festen vidare vi....:) Ette å ha sumfart byen, fann vi endeleg vår etterlengta eingongsgrill.
Alle hadde tenkt det samme som oss. Det rett og slett aula i parken! Alt som kunne gå og krype hadde tatt turen!:)
Dei va både høgt og lågt.

Eg, Trine, Kotsasi, Synnøve og Ole satt trygt ned på bakken.Vertfall ei stund:) Vi koste oss me grilla hamburgera, øl, potetgull, raudvin, galliano med kaffi og krem. Snakka om magiske stunder (.....) og ting og tang. Song "ståo no påo" og Rosenborgsongen. Ergo erta vi på oss diverse grupper som satt rundt om kring i parken...vi kunne vertfall høyre brannsongen"gjalle"i det fjerne .

Vi fekk besøk av FRK. Pinne og MR.Pusekatt. Dei va blide og glade. Vi fekk óg besøk av ein oppblåsbar drittsekk, som sa fy og nei! Ikkje tiss i parken! Eigentlig va han berre ein ekkel kikkar, som lika nakne damerumper!.....

Kvelden vart avslutta oppe i eit tred.Bildene tala vel for seg sjølv.....Prøv ikkje dette heime!

måndag, mai 01, 2006

Langhelg!


No e det endelig blitt mai! Sola skinn, fuglane kvitra og vårkåte bergensara spring rundti gatene å ropa; HEEEIIIA BRAAANN! Ikkje so rart kanskje, sidan dei vann over Vålerenga i går. Kjende nesten eg måtte trekke på smilebåndet. Eg lika jo tross alt ikkje "Klanen". Ette eit halvt år i Oslo so har eg dei langt opp i halsen!!

Torsdag hadde eg, Kotsasi og Ingvill ein morsom oppleving! Vi gjekk frå ein utestad pga. ein gjeng me KRIK-folk....
Vi hadde tatt turen til Skotsman, berre fordi dei hadde veldig billig øl der. Vi satte oss innerst i eit hjørne, prata og koste oss me kvar si øl.

Brått vart vi invadert av ein skokk med desse gla kristne folka. Det va so vidt dei ikkje satte seg opp på fanga våre, tok frå oss øla og stemmte i med ein allsong!!

Aldri har eg sett nokon danse so heftig swing utan å ha alkohol innanbords! Arma lår og bein flaug veggeimellom. Vi tre satt berre der og måpte, ute av stand til å kunne ha ein samtale med kvarandre!

Til slutt sa ein av oss: "eehhh.... ska vi gå?"

Då gjekk vi.

Ellers har langhelga vore ganske roleg. Utan om visse krumspring med cheesedoodles eting me gaffel, feiring av Brrrrrrann sinn siger mot Enga, heftig smågodt eting på hybelen te Ole (Ole synst meg og Synnøve va øsne!..??)kronekasting på Finnegans, joggetur på fløyen og dvd sjåing.

Med andre ord ei vellykka helg!