tysdag, juli 31, 2007

Jeanette is.....


Ligge i telt på dua.
Sommarpraten og rørt bestemor.


For dokke som ikkje har oppdaga det endå. So dekke eg altso siste sida i Fjordabladet i dag.
Og ikkje nuk med det, eg fekk bestemor og ei venninde te å grine av begeistring.
I knivinga om å vere "yndlings-barnebarnet" ( ei intern greie eg trur vi søskena og søskenbarna har...trur eg)so svarte eg på spm.-Kven vil du gje ros til?: Mi spreke bestemor Kåra, fordi ho er akkurat slik ei bestemor bestemødre skal vere..... Óg selvfølgelig fordi ho fortjenar det!

So alle sysjen og sysjenbonn!


IN YOUR FACE!:) hehe..... (Med eit overlegent blikk...)

Skal forresten henge opp bildet mitt på "galleri" Frisøren Eidsgata..... Jippi!

Så løp og kjøp både Fjordabladet og bildet mitt:)

måndag, juli 30, 2007

Klipp og nedtelling:)

I dag har eg klippa meg og farga håret! For ein deilig følelse... so no råkka eg på håret!


Og det passa jo bra. For no e det berre 4 dagar att til det brakar laust med god musikk!!!


What a lovely summer.....

søndag, juli 29, 2007

Snart ferdig....

Litt småflikking gjennstår...
Pop art og bestemor.



Bestemor kjem oppom titt og ofte(på stabburet), ca. annakvart kvarter for å bedømme kunstverket:/ Trur ho må vere den krassaste kunstkritikaren eg har vore bort i......Óg ja, vi har hatt man ein diskusjon dei siste dagane:)
"Eg trur du må endre fargen på øyredobbane" "nei dissa rundingane va for store" "har ikkje du fått auge på dei enda!" " Du e no ikkje komen so långt sia sist"...phu... sitat bestis......

Hovudtrekka ferdig målt....


Biletet tek sakte men sikkert form............
Får bestemor sin vilje, vil nok neste bilde i biletserien vere "guten med seljefløyta"......
In my ass seie eg...!

laurdag, juli 28, 2007



Elefant!


No har pappa gått over alle støvleskaft!
Han har nemmelig gått til innkjøp av ein elefant heime på garden i Kjølsdalen!......


Her er eit bilete frå då Therese og Jens Marius var på ferie heime i bygda for litt over ei veke sidan. Biletet er tatt inne i "markja".

Sjå på den fine kassa pappa har snekra for at vi skal kunne ta oss ein ridetur på elefanten i ny og ne!

Raud og gul.




Jippi! I dag er alt endelig i orden i mine kunstneriske saker. Raud og gul er nemmelig komen til gards. sukk, kor eg har savna dokke.


No kan eg endelig utfalde meg!

fredag, juli 27, 2007

Kalvehunting og kaffimaskinvasking.

Livet mitt består for tida av to motpolar. I allefall i dag.


I dag har eg vore fin dame på parfymeriet. Eg har óg komt med formaningar om at kaffimaskina på frisørsalongen (som er i samme rommet som parfymeriet) måtte rensast med kalktablettar. Noko som mest sannsynleg heng igjen etter mi tid på kitch'n.

Dermed har eg brukt halve dagen på å vaska kaffimaskin (og ikkje minst gått rundt på Eid for å spørre etter kalktablettar).
Dumme meg skulle eigentleg berre haldt godt kjeft med tanke på rensing av maskina.

So har eg vore bondejente. Kalv nr. 4 for sommaren bestemde seg for å komme ut i Guds frie natur. Så pappa, Katrin, eg og Jørn tok beina og traktoren fatt inn mot "markja". Der venta kalven og ei "mor" som ikkje viste seg å vere mora. Men som sikkert hadde funne ut ho ville adoptere kalven.

Uansett, den biologiske mora viste seg å ha eit hjarte av stein. Ikkje holdt ho berre på å trakke på kalven når vi frakta dei nedatt te garden, men stakkars kalven fekk hovudet grotesk i klemme mellom "fraktekassa" (som vi har bak på traktoren) og den digre kroppen te mora.....

No er kalven og "mora" (ja, eg sette det i hermeteikn....for makan te mor...) trygt i fjøset. Alle er gode og mette og har det bra.

Eg stinka fjøs, men det gjer ingenting. For eg har parfyme eg kan ta på meg;)

onsdag, juli 25, 2007

tysdag, juli 24, 2007

Berre......


Åtte dagar att til Malakoff rockfestival!

Eg gledar meg til å sjå vedunderlige Marit Larsen og ikkje minst gamlefar Åge og Sambandet!:)........

måndag, juli 23, 2007

Hallo!!!

Kan dokke komme tebake???

Lova å oppdatere meir!...heilt sant....

søndag, juli 22, 2007

For dokke som lure........







Ja, vi har vore i fjøsen. Og, ja, "kjynna" var litt sjokkert.

Tenk deg sjølv; dei e vande med pappa som går å sulla og banna litt. Plutseleg står der tre poshy jenter(eine med "hunter støvla") og ein gut ifrå beste vestkant(også kalla homofile...).


Ja, eg trur du hadde blitt litt skremd du óg.



Blir vel berre surmelk å oppdrive i fjøsen nokre veke framover... til dei e komne over sjokket...

fredag, juli 20, 2007

OK.



Mitt andre innlegg for sommaren. No e endelig heile fam. samla om nokon timar. Katrin kjem rasande i full fart frå Oslo, etter å ha vore i New York.


Eg har fått nåle i øyre mitt i dag, og massaje. Det gjorde godt både for kropp og sjel. Eg e visst ganske anspent.


Ellers, so kjem eg i avisa i måra, ei heil side faktisk. "Sommarpraten"...der prata vi om laust og fast. Kven eg ville tatt med på ei aude øy, kven eg ve gje ros til og kva musikk eg lyttar til......:) So, løp og kjøp Fjordabladet i måra!:)