fredag, juli 27, 2007

Kalvehunting og kaffimaskinvasking.

Livet mitt består for tida av to motpolar. I allefall i dag.


I dag har eg vore fin dame på parfymeriet. Eg har óg komt med formaningar om at kaffimaskina på frisørsalongen (som er i samme rommet som parfymeriet) måtte rensast med kalktablettar. Noko som mest sannsynleg heng igjen etter mi tid på kitch'n.

Dermed har eg brukt halve dagen på å vaska kaffimaskin (og ikkje minst gått rundt på Eid for å spørre etter kalktablettar).
Dumme meg skulle eigentleg berre haldt godt kjeft med tanke på rensing av maskina.

So har eg vore bondejente. Kalv nr. 4 for sommaren bestemde seg for å komme ut i Guds frie natur. Så pappa, Katrin, eg og Jørn tok beina og traktoren fatt inn mot "markja". Der venta kalven og ei "mor" som ikkje viste seg å vere mora. Men som sikkert hadde funne ut ho ville adoptere kalven.

Uansett, den biologiske mora viste seg å ha eit hjarte av stein. Ikkje holdt ho berre på å trakke på kalven når vi frakta dei nedatt te garden, men stakkars kalven fekk hovudet grotesk i klemme mellom "fraktekassa" (som vi har bak på traktoren) og den digre kroppen te mora.....

No er kalven og "mora" (ja, eg sette det i hermeteikn....for makan te mor...) trygt i fjøset. Alle er gode og mette og har det bra.

Eg stinka fjøs, men det gjer ingenting. For eg har parfyme eg kan ta på meg;)

6 kommentarer:

Linda sa...

Fjøslukt og parfyme, ein uslåeleg kombinasjon:)

jeanette_s sa...

hehe...eg veit:) E ikkje det d alle bønde gjere? Går i fjøsen fyrst, og dynka seg med parfyme ettepå?

Monica sa...

Jo også går dei på møte i bondelaget med dei litt finare kleda sine som sjølvsagt er ei fin flanellskjorte og den einaste buksa som det ikkje er møk på. Også caps sjølvsagt.

jeanette_s sa...

ja...vi har nåken sånne her i dalen...som spraya på seg litt ekstra me parfyme ette dei har vore i fjøsen..hehe. Men alle e jo ikkje sånn då...;)

Sasi sa...

Trudde no ein bonde var ein bonde eg...så feil kan ein altså ta.

jeanette_s sa...

mm, so feil kan ein ta:)