onsdag, desember 27, 2006

3. Juledag, og tida flyr.

Tida flyr alt for fort no når det e jul, og ein har det kjekt ilag med vennar og familie. Ein stressar frå det eine familieselskapet til det andre. 1. Juledag var det duka for den obligatoriske julebrunchen ilag med Erdal familien på pappa si side. Medan 2. juledag tok vi den tradisjonelle turen til Stryn, for å feire ilag med Tonning familien.

I begge høve er det heilt vanleg med høglytte diskusjonar, sta argumentasjon og betrevitande haldning....

I går kveld tok eg og systa turen til Eid ilag med ein skokk med kjølsdøle. Kjekt å sjå alle att!:) og ikkje minst kjekt å ta turen til Expeditionen og treffe att alle folka frå svunnen tid. Taxituren heim var eit kapittel for seg sjølv. Karaoken har gjort sitt til at i dag har ei sexy og rusten wiskey stemme...

Her er eit par bileter frå jula..








måndag, desember 25, 2006

From all of us, to all of you a very merry christmas!

Til alle mine trufaste lesara (Og dei som ikkje er fullt so trufaste):

God jul, og godt nyttår!

Kvart år kjem vel julafta like brått på, med ingen unntak i år. Mykje har skjedd på eit år, sjølv om det ikkje kjennast slik ut. Ein har gjort nye bekjentskap, fått nye sambuera, blitt kjærast, mista ein kjærast, fått ny jobb, vore sint, vore veldig gla, vore veldig trist.

Ein har ledd så ein har fått gangsperre dagen etter, blitt kjefta på, vore tankefull, malt nye bilder og nye minner. Vi har snart utvida venneflokken (Beibi Menes), medan nokre er blitt til englar som kikkar ned til oss på jorda...

Eg har reist mage mil i buss. Ete mi kvote med fajitas. Savna heimbygda når bylivet blir for voldsomt. Sett nye stadar, høyrt ny musikk. Tenkt tanken saman med gode venner at "denne stunda vil vi aldri gløyme". Trøsta venner som har hatt det vondt. Eg har sove i telt. Blitt kjend med livsnyterar som er brun i huda....Blitt sommarbrun i huda sjølv. Fått mjuk sand mellom tær....

Alle valørane av eit liv vil vel før eller seinare dukke opp på eit år. Godt er det. Ein klok mann har lært med at ein ikkje kan oppleve lykker før ein har kjend på korleis det er å ha det vondt.

Det stemmer på ein prikk.

Forsatt god jul og ha eit fantastisk godt nyttår!... Bilder kjem som perler på ei snor etterkvart....:)

søndag, desember 24, 2006

Glimt frå dagen før dagen.


Bestemor Kåra glad og fornøgd etter at huset er klappet og klart til jul.
Bestemor sitt juletred. Vakkert pynta av meg;)
Nesten i hamn.
Era får den store gleda av å ha på seg julepynt..... Berre
vent, tenkjer bestemor...
Vakker julekule......
Bestemor har ei lita kyrkje med lys i ved sidan av juletredet. Den spelar "glade jul" dersom ein trekkjer ho opp. Kan til tider gå ein på nervane....
Era har fått på seg julepynten bestemor so lurt pønska ut....hohoho....
Katrin utanfor julehuset Sundal. Klar til å vende snuten bort til bestemor.
Hardt å vere gammal nisserfar på lisjejulafta.

To nissar tek seg ei velfjortjent matpause

torsdag, desember 21, 2006


Driving home for christmast!

No er eg endeleg koma i hus. Og det heime i Kjølsdalen!!

For å ikkje snakke om blokken min, som er oppe å går igjen:) Ikkje veit eg kva som har skjedd, men kanskje den har fått sjokk, sidan det er ei studn sia eg har oppdatert den.
Det grunna i mykje jobbing no framfor jul. Det har vore kjekt, men travelt:)

Skal prøve å oppdatere bloggen med bilder og mykje tøv og fjas frå jula, sidan kjære mellomsystra vår er i Thailand for å feire jul. Vi saknar deg allereide!

So får du/dykk og ta ein liten del av jula her, sjølv om du ikkje er i samme landet.

Eg skal prøve å ta bilete av:
-julevasken
-pyntinga (med full oppdatering kor dei forskjellige tinga skal stå)
-hovmeisteren og grevinna
-kyrkjegåinga.... med fam. Sundal på fyrste benk (kjøpt og betalt:)
-etegilde
-etegilde
-etegilde
-etegilde
-oppakking av gåve
-ribbeeting
-rølpefesta
-m.m.

So følg med i neste episode.......alt kan skje!:)

torsdag, desember 07, 2006

Berre to veker att:)

No er det berre to veke at til eg ska vende snuten min heimover. Og eg kjenne på meg at det snart er jul. Ein av grunnene til dette, er at eg støtt og stadig har mamma på tlf. eller som sende melding...Eg får ta del i kva kakesortar ho har bakt, kva kakesortar ho kan tenke seg å bake, informasjon om kva dei innheld, og kva kakesortar eg kan tenke meg å ha av dei. Det viktigaste av alt; kakene kan frysast! Slik at dei ikkje vert forderva til vi kjem heim.

I tillegg har eg fått nøyaktig plan om kortid dei fjorskjellige romma skal vaskast, kva dynetrekk vi skal bruke, og at vi IKKJE skal pusse messingen i år, men VASKE den....(takk gud for meg og John!)

Samstundes får eg meldingar med systrene mine. Dei sender meg ønskeliste og korreksjonar på dei i hytt og pine... "Eg angrar meg.... eg ønsker..bla bla i stadenfor...".....jaja, tenkjer eg og ler ein ond latter. Eg har ikkje penga uansett til å kjøpe bla bla eller bla bla....

Ein ting eg lurer på midt opp i det heile....kor er det blitt av Jørn og pappa? Er det liksom ein dameting å feire jul? Eller er det berre fordi at mannfolka blir sure når dei må gå i butikkane å bruke pangar (...som eg og har fått ein tlf. om) noko som dei til vanleg ikkje likar? Eller kanskje ein kan lære litt av dei, at jula ikkje skal bli berre stress og mas, men ei tid der ein slappar av og tilbringe kvalitetstid ilag med familien. Noko som ein ellers gjer svært lite av når heile fam. er spredde for alle vindar. Men samstundes hadde det ikkje blitt den tradisjonsfylde jula om ikkje damene i huset hadde tatt i eit tak.....

Uansett, eg synst utrykket :
"som julekvelden på kjerringa....." er eit fortids og diskriminerande ordtak. Kanskje det heller burde skiftast til "som julekvelden på mannjen....."

tysdag, desember 05, 2006

Cortney&Curt

Foto: David Lachapelle
Beiteskifte...

Eg og Synna har endelig fått oss nytt korps!! Jippi jippi jippi!

Vi skal spele i 2. div. ilag med Flesland Musikklag! So då betyr det at vi skal kjempe i NM i same divisjon som Jølster Musikklag:)

Eg og Synna gledar oss som ungar!

måndag, desember 04, 2006

Den store kjærleikstesten.

So satt vi der då, eg ,Trine og Elin. Klare med kvar sin penn og papir. Vi svarte i beste evne, og det var svært så sjølvinnsikt vi plutseleg fekk.

Sa ein klart ifrå dersom partnaren skulka sine oppgåver?

Hadde den som tjente mest den viktigaste jobben?

Hadde ein nokon sinne vore flau over partneren sin?

Trivst ein med å være singel?

Eg vart svermaren, det vart Trine óg, medan Elin og Herman Friele hamna i same bås, forføraren.....

Sant skal seiast at eg prøvde dagen etter, då vurderte eg svara mine nøye og lenge. Og havna til slutt på "Drømmekvinnen".

laurdag, desember 02, 2006


Lysfest.




I dag er dagen for å tenne lys for håp, glede og kjærleik.
Kva er vel beire enn å tenne ein fakkel på festplassen, synge julesongar, ete mandarin og sjå på fyrverkeri? Det skal vertfall eg;)