torsdag, desember 07, 2006

Berre to veker att:)

No er det berre to veke at til eg ska vende snuten min heimover. Og eg kjenne på meg at det snart er jul. Ein av grunnene til dette, er at eg støtt og stadig har mamma på tlf. eller som sende melding...Eg får ta del i kva kakesortar ho har bakt, kva kakesortar ho kan tenke seg å bake, informasjon om kva dei innheld, og kva kakesortar eg kan tenke meg å ha av dei. Det viktigaste av alt; kakene kan frysast! Slik at dei ikkje vert forderva til vi kjem heim.

I tillegg har eg fått nøyaktig plan om kortid dei fjorskjellige romma skal vaskast, kva dynetrekk vi skal bruke, og at vi IKKJE skal pusse messingen i år, men VASKE den....(takk gud for meg og John!)

Samstundes får eg meldingar med systrene mine. Dei sender meg ønskeliste og korreksjonar på dei i hytt og pine... "Eg angrar meg.... eg ønsker..bla bla i stadenfor...".....jaja, tenkjer eg og ler ein ond latter. Eg har ikkje penga uansett til å kjøpe bla bla eller bla bla....

Ein ting eg lurer på midt opp i det heile....kor er det blitt av Jørn og pappa? Er det liksom ein dameting å feire jul? Eller er det berre fordi at mannfolka blir sure når dei må gå i butikkane å bruke pangar (...som eg og har fått ein tlf. om) noko som dei til vanleg ikkje likar? Eller kanskje ein kan lære litt av dei, at jula ikkje skal bli berre stress og mas, men ei tid der ein slappar av og tilbringe kvalitetstid ilag med familien. Noko som ein ellers gjer svært lite av når heile fam. er spredde for alle vindar. Men samstundes hadde det ikkje blitt den tradisjonsfylde jula om ikkje damene i huset hadde tatt i eit tak.....

Uansett, eg synst utrykket :
"som julekvelden på kjerringa....." er eit fortids og diskriminerande ordtak. Kanskje det heller burde skiftast til "som julekvelden på mannjen....."

6 kommentarer:

Anonym sa...

Ikkje råda til julegåve??? Ka du mena?? Hm..., trur eg skal bytte julegåva eg har kjøpt te deg inn i noke biliigare og ganske stygt.

T.

jeanette_s sa...

ditt matrielle svin

Monica sa...

Kom på juleverkstad og lag noko fint i staden! Heimelaga gåver er alltid best. Eller kanskje ikkje bedre enn hest..

jeanette_s sa...

hahah.... synst eg ser uttrykket til systrene mine om dei hadde fått ein heimelaga julenisse..hahahahahahaha

Sasi sa...

Du får teste det ut Jeanette:) Synst eg ser scenarioet..ho ho

Monica sa...

Du kan lage juledekorasjon i staden. Dei kan verte svært eksklusiv med glitter og band :D