fredag, juli 31, 2009

Min nye hobby!

Har alltid elska alt som har med interiør å gjere. Spesiellt har eg lagt min elsk på gamle fine møbla. Fekk ein del møbla av mamma, som ho har arva av bestemor i Stryn. Endleg har eg fått dei til Bergen! Eg berre ELSKA dei nye retro puffane mine!


Før(og litt etter..):
Etter:
SJÅ kor fine dei vart, og eg har gjort det heilt sjølv. Men skulle no berre mangle, har no tross alt gått møbelsnikkar. Gleda meg til å bruke dei i min nye heim:)

Pussa óg opp ein gammal kommode som stod på kjøkenet vårt. Ein matt kvitfarge, som ikkje reflektera nåke lys i det heile. Likna veldig på gips igrunn.Fann dei finaste knottane på ein av yndligs butikkane mine i Bergen:)Nydeleg, gammal og nostalgisk:) Eg ELSKA den:)
Rasling i eggstokkane.


måndag, juli 27, 2009

søndag, juli 26, 2009

Såmmer, såmmer, såmmer!



Smil-

Frå øyre til øyre! Fetivalen er avslutta, og kan ikkje anna enn å ta av meg hatten, bøye meg i støvet og gje meg ende over: FOR ein FANTASTISK festival!
'Headlinera' heile vegen, god stemning, MYKJE folk, GODT øl, kjendte folk for kvart steg ein tok, fine mannfolk, latter, dans og leik! Nesten litt tris at det heile er over, men trur neppe kroppen hadde tålt ein dag til. Godt å avslutte på topp!

Eg har berre ein ting å seie: KATZENJAMMER e FANTASTISK! Gå ta' bane for nåken sjarmerande jenter, som tok publikum med storm får song éin! Og ikkje minst, FOR ein energi!
Ei deilig blanding av contry, nostalgisk sirkusmusikk, vals, jazz, soul.
Kinderegg- Gå heim å legg deg! Her får ein oppfyllt meir enn tre ønsker på ein gong!

Tilbake te Bergen i måra for ein par dagar INTENSIV leiting etter plass å bu.

Helsing Jeanette, meir enn godt nøgd!

fredag, juli 24, 2009

Klar for:

Malakoff, god musikk, øl, sol, fine mannfolk, klining og FESTIVAL!!!!!!!!:):)

torsdag, juli 23, 2009

Lakrisbåtar.

Den store lakrisbåt-dagen i dag! Lakrisbåtar er so seigt, nostalgisk og vanvittig godt. Eit snop som er sterkt undervurdert (Ikkje av bestemødre) og so ufattelig trist at den nesten har gått i gløymeboka. Men EG har ikkje gløymt den. Kall meg gjerne bestemor.....men eg elskar den slags snop!

LENGE LEVE LAKRISBÅTANE!

Ps. Har ikkje berre snopa lakrisbåtar i dag, men og godt øl som vert kjøpt på den lokale matbutikken! Butikken har minst15-20 sortar med øl, ikkje verst for ei lita bygd:)



onsdag, juli 22, 2009

Husvær? Anyone?

Med Jeanette sin flaks, so sitte eg forsatt utan plass å bu til hausten. Ser ut til at alle dei plassane eg gjerne vil bu, aldri går i boks for meg( gjeld forsovidt alt i livet, syner det seg). So, om nåken kjenne nokon som har ein fin plass å bu. So tek eg det gjerne imot med glede! Snart berre 15 dagar til eg må vere ute....

HJELP!!!
Smoothie in the sun!

Deilig med sol, og ein smoothie i handa på morgenkvisten. Ein føle seg ekstra pigg og opplagt med ein slik kick-start på dagen! Ikkje minst e det deilig å sleppe den konstante motorduren ifrå byen, men heller lade opp dagen med fuglekvitter og bjellene som klinga frå dyra i det fjerne.
I dag e det min tur å lage middag heime, og på menyen står jegergryte og ris med tyttebærsylte attåt. Ellers er eg ferdig med det fyrste biletet eg har laga i stabbur atliéet mitt, har starta på nr. to, og gleda meg til å forsette på det no. Alltid kjekt når ein føle ein får til eit bilete.

Ha ein god dag godtfolk! Berre to dagar att til MALAKOFF!:)