










Kjølsdalen.
Kva gjer ein igrunn på i Kjølsdalen? For midt vedkommande er det godt å komme seg ut av byen, berre for å ta time-oute ifrå alt mas og kjas derifrå. Dei siste dagane har det igrunn vore som ein typisk sommar i Kjølsdalen. Plukka jordbær, ete mykje jordbær, vore på besøk hjå venna, ete reke, handla på Eid ilag med bestemor og mamma, kjøp maling som eg skal lage fine kunstverk med, ete rømegraut, leita ette fine skattar som eg skal ta med meg tilbake te Bergen og ikkje minst snakka om "gamle daga" med bestemor. Synst det er kjempe-spennande med gamle ting, høyre historia bak den osv. Har sett i många gamle album i dag, og prøvar å suge til meg all kunnskapen eg kan om dei svunne tidene som bestemora mi har opplevd. Ein kulturskatt for oss andre i familien:) Ta vare på den mens den forsatt er der.
Og i dag fekk eg arve den fine raude muggen med kvite prikkar på!:) I love it!
Dei fine plomstane te bestemor!
Familien Sundal et rømegraut. Mamma kastar hysterisk rundt seg med mårpølse.
Gamle fine og minnerike bileter. Pappa, bestemor og tante Jenny.
Bryllaupsbiletet til bestemor og bestefar, med kaffi attåt.
Paparazzi Jeanette innjåna glaset!
Pappa, eit år gammal!:)
MÅTTE ta bilde av den fine buska te bestemor:)
Jannike orda istand årets BESTE rekemiddag....mm....
Her og.....
Bestis et rømmegraut!
Lita avslapping etter det store måltidet.












Fint pådekka!:) Reke, avocado, aioli, salat og deilig deilig nybaka brød!
3 kommentarer:
Så koselig med kjølsdalen-bileter! Får lyst heim eg òg!
Eg trur den rutete jakka vart kjøpt på H&M- ikkje Fretex ;)
ja, faen. det vart den! hahaha......eg va sikker på når eg skreiv den at eg kjøpte den der. Dvs. har vore alt for mykje på fretex i det siste.
Legg inn en kommentar