søndag, juli 12, 2009

Del tankane dine.






Ja- Eg dela ofte tankane min på bloggen min. Men til ei viss grad kan folk bli leide av at eg dela tankane mine med dei.
Eg ser på meg sjølv som ei som ikkje akkurat legg skjul på tankane sine. Eg er heller ein av dei som snakkar til tider litt for mykje frå leveren. Men då veit du iallefall kor du har meg.

For tida har det vore mykje snakk om kjærleik. Kanskje litt for mykje, etter min smak. Men for meg er det veldig viktig. Ikkje det at eg alltid treng å ha nåken med mi side, men når eg fyrst fell for ein person, så gjer eg det av heile mitt hjarte. Dess vansklegare er det dersom denne personen ikkje vil vere ilag med meg.

Kjærleik, har eg lært er eit spel av følelsar, kynisme og uthaldenheit. For dersom ein ikkje held ut i den berg- og dalbane som kjærleiken er, så vil ein heller ikkje finne ut kor godt det kan vere når ein endeleg er komen over den vonde kneika. Mange gjer rett og slett alt for tidleg opp. For kjærleiken er ikkje alltid ein dans på roser. Slik som ein ser på film.

To forskjellige individ kan umuleg ikkje vere som skapt for kvarandre! Ein vil alltid finne to puslespelbrikker som ikkje passar ilag. Heldigvis! Kjærleik består av kompromiss, gje og ta. Saman kan ein finne ein lykkeleg, god og kjærleiksfull middelveg som begge kan leve med.
Som bestemor so klokt sei: Det er betre med ei kvist som bogna, enn ei som brekke. Tydlegvis er det ein/ei som har vore med kjærleiken i både oppturar- og nedturar som har laga det ordtaket. Egoisme er som gift i eit forhald. Men for all del, ein skal gje rom for kvarandre, men ikkje så store rom at ein ikkje finn kvarandre att.


Lar med dette vere dei siste orda for i kveld.
Hjartleg helsing realisten


Ingen kommentarer: