torsdag, juli 29, 2010

Sommar anno 2010.

Skriv seg i rekka lik andre sommara. Endelig, etter månader med klaging fekk vi varme strålar på kroppen. Deilige lange sommardagar, med lukt av solkrem og bikiniskille.

Malakoff står sentralt i oppdateringa. Festivalsjefen hadde direktelinje opp til himmelen, og bestillte strålande veir. Noko vi fekk. Store band som Timbuktu, Bob Hund og Jaga Jazzist vitja scena midt i skogen. Og eg digga det. Men den som gjorde eit hogg i hjarte mitt var Egil Olsen. Med sin melankolske balsamstemme og tørr-vittige humor inn i mellom slaga. Han vil eg høyre meir ifrå! Og som han sa "I love Malakoff rockfestival. Malakoff. Malakoff. Malakoff!"

Ellers har Katrin hogd ned eit tred for mykje. Intensiv rydding i hagen. Hagesaks i den eine handa og sag i den andre. Midt i hagen, eller nærare sagt i den gamle sandkassa til min bror står der eit tred. Ei lerk. Vel, der stod eit tred. Familien blir utvida i november, og i den anledning ville det kanskje vere på sin plass at sandkassa fekk sin renessanse. Etter vel jobbing- ei lerk på bakken og seinare opphogd i passelege betar fekk vi alle eit stirrande og forbanna blikk frå pappa. Vi skulda på Jannike som var på besøk.

"E dokke klar over at Jørn planta dinnja lerka då han va liten gut?!!" Sa pappa. Altså, den stygge bustete og spinkle lerka som var vel to meter hadde vel kanskje grodd meir fast i hjartet til pappa, enn den hadde forankring i sandkassa. Vi hadde desverre ikkje nok lim til å lappe ihop den ynkelige lerka som låg fint ihop samla på plenen. Desverre er det vanskelig å bøte på skadene i slike tilfeller.

Måtte fred vere over lerka sitt minne.


søndag, juli 18, 2010

Postgirobygget - Idyll

Gamle minner....

Bonderomantikk av ypperste klasse.

Bonderomantikk kan lett bli ein klisjé synast eg. Men ut i dei seine nattetimar i går var det ein realitet.

Fekk storfint besøk frå "Davikja" i går. Og synte fram Kjølsdalen ifrå si beste side. Sjølv om regnet gjorde dalen våt.

Ut på kvelden kledde vi oss opp i våre finaste badestas og plaska opp i badestampen på 'hauane'. Himmelen var rosa, dalen vart farga i båltonar. Det kunne ikkje bli finare, sjølv om temperaturen ikkje var ei tropenatt å bekjenne. Kva gjor vel det når badestampen haldt 38-39 grader?

I godt lag, mange bein som slost om fotplass på botnen av stampen, vin og øl, vitjing av flaggermus og hjort koste vi oss utover dei seine nattetimar. I ei ramme av vakker natur og raud himmel- ved eit stabbur med torvtak.

Som Britt sa då ho kvilte haka på kanten av stampen og skula opp mot dalen "Ahh....Dette her er livet!"

fredag, juli 16, 2010

Bading under åpen himmel kan anbefalast på det varmaste. Spesiellt med eit slikt vakkert skue som Kjølsdalen.
Sommarbileter med komplikasjonar.

Eit knippe bileter frå "sommaren" so langt. Og med ny layout for anledninga, så har eg ikkje heilt fått satt meg inn i innstillingane enda.

Sommaren kjem og går her. Alle snakka om veiret. På båten oppover mot Måløy i går diskuterte vi veiret med tre forskjellige personar, opp og ned i mente. Greit nok det. For det er tydlegvis det folk bryr seg om.

Men skulle vi vere så heldige at sola dukka fram, så okka og stønna folk over kor varmt det er. Er virkelig mennesker, eller kanskje spesiellt nordmenn så vanskelige å tilfredstille? Blir vi aldri nøgd i eit av verdas beste stadar å bu?

Eg berre spør.

Synast nesten folk blir ufordragelege etterkvart. Kva med å sende alle "okkara og stønnara" til eit land med svolt, krig og veir som spenne seg ifrå total uttørring til flom? Ok, eg skal ikkje påstå eg har vore betre i det siste eg heller. Men har i det minste gleda meg over sola når den har barmhjerta seg med nokre strålar til oss.

Eg synst du skal komme fram igjen sol. Og vi skal glede oss stort over deg.

Melissa Horn - Lät du henne komma närmre

torsdag, juli 15, 2010

Love oh love.

No skal eg sommarblogge. Om lange dagar med sol, strand, kjærleik og jordbær med is. Menn i grøne t-skjorter med fint smil og doggfrisk kvitvin på altanen.

Eg skal tenke på den eine varme sommardagen og leve lenge på den. Dagen då taktfaste og muntre bein gjekk på fjellet i seks timar i steinkande sol. Sko som hadde størkna gjørme på seg, nakkar som vart lett solbrende og som lagde kvite strekar etter der smykket hadde sete på.

Aldri hadde varmt fotbad, kald kvitvin og deilig pizza smakt beire.

måndag, juli 05, 2010

Back to nature.

Yes, då var eg attende i heimbygda. Og har då på dei siste dagane ikkje fått med meg ein flakedans, men hyggeleg "laj" på Eid. Bestemor si blomkålsuppe. Handling på Eid med mamma- av til dømes måling til storproduksjon av bilder heime på garden. Siloståing, raking og storm.

Har akkurat fått rigga opp i "atliéet" mitt, som er på stabburet. Og er klar for at inspirasjonen skal dette ned i hovudet på meg. Mamma har då gått rundt å reklamert til alle på Eid i dag at; "Hon e sooo flinke å måle" at eg kjenne forventningane kvila tungt på mine skuldre. Men men. Greit å ha nokon som kan gjere litt pr for ein i ny og ne.

Endå venta eg spent på kortid den gule runde på himmelen skal dukke opp. I natt var det nesten som haust utanfor vindauga. Alle glasa i huset måtte latast igjen og treda utafor bøygde seg utrøysteleg mot stormen. Men no seie eg meg klar for at bikinien skal prøvast på.
Skal legge ut fantastiske bileter av bikinien i morgon. Badekle i "krépe"-stoff har fått sin renessanse. Mimra attende til ferskenfarga badedrakter som vart så fulle i vatten at dei rett og slett fekk hengeræv på heile greia. Då var det eit kunststykke å finne ein diskré måte å vri om badedrakta slik at alle ikkje kunne sjå rett i hekken.

Sommar, kjem du no. NO då? Ka med NOOO??!

laurdag, juli 03, 2010

Dagen sitt horoskop for skorpionen.

"Du nyt roen og freden fra ein tilbaketrukket posisjon. Familiemedlemmer er behaglige å vere sammen med"

Dagen sitt horoskop seier vel sitt?