måndag, juli 05, 2010

Back to nature.

Yes, då var eg attende i heimbygda. Og har då på dei siste dagane ikkje fått med meg ein flakedans, men hyggeleg "laj" på Eid. Bestemor si blomkålsuppe. Handling på Eid med mamma- av til dømes måling til storproduksjon av bilder heime på garden. Siloståing, raking og storm.

Har akkurat fått rigga opp i "atliéet" mitt, som er på stabburet. Og er klar for at inspirasjonen skal dette ned i hovudet på meg. Mamma har då gått rundt å reklamert til alle på Eid i dag at; "Hon e sooo flinke å måle" at eg kjenne forventningane kvila tungt på mine skuldre. Men men. Greit å ha nokon som kan gjere litt pr for ein i ny og ne.

Endå venta eg spent på kortid den gule runde på himmelen skal dukke opp. I natt var det nesten som haust utanfor vindauga. Alle glasa i huset måtte latast igjen og treda utafor bøygde seg utrøysteleg mot stormen. Men no seie eg meg klar for at bikinien skal prøvast på.
Skal legge ut fantastiske bileter av bikinien i morgon. Badekle i "krépe"-stoff har fått sin renessanse. Mimra attende til ferskenfarga badedrakter som vart så fulle i vatten at dei rett og slett fekk hengeræv på heile greia. Då var det eit kunststykke å finne ein diskré måte å vri om badedrakta slik at alle ikkje kunne sjå rett i hekken.

Sommar, kjem du no. NO då? Ka med NOOO??!

1 kommentar:

Synna sa...

Himmel og hav- eg hadde ei slik ferskenfarga ei! :D