tysdag, mars 25, 2008



Då va vi i Bergen igjen!

Påska vel overstått, og vi er alle einige om at den har vore flott!

For min del var vel påska ein smule kortare enn kva den ellers bruka å vere. Men skal ikkje klage. Har fått mi dose meg snøv, ski, hyttekos, familie, appelsin og ikkje minst store mengder med kvikklunsj!

Med håp om å forlenge påska nokre dagar har eg tatt med meg skia nedatt til Bergen. Satsa på flotte solrike daga på Voss:) Ellers e vel det snart på tide å så vidt starte med årets fyrste utepils på Zacken......

Berre så det er sagt. Etter det biletet av meg vart tatt fekk eg både jubel, applaus og ein seksar i stil hjå bestemor som ivrig fylgde med i kjøkkenglaset....!:) Ikkje den verste honnøren ein kan få!

laurdag, mars 08, 2008

Send meg heim, innpakka i ei gul sløyfe på hovudet.
La meg kjenne den friske lufta av kyr. Dei vandrande miljøsvina som slepp ut ca. 206 kg metangass i året. Som tilsvarar 4300 kg CO2.

La meg atter ein gong ete joikakaker rett ifrå hermetikkboksen på hytta. Joikaboller laga av opphakka fortapte Samer. Tilsatt rein som har beita i dei friske grøne engane utanfor Tsjernobyl.

La oss ete marsipanegg til dei tyt ut øyra. Gule som øyrevoks. "Bette" ski på beina mine, snør att min sekk. Så vandrar eg med freidig mot for å grave meg ned i tide. Husk, det er aldri forseint å snu. Ho sa so kjerringa, då ho måtte ut etter øl etter øl.

Eg gler meg te påske!

fredag, mars 07, 2008

Ps. Håpe du ikkje gløymer att det rosa pannebandet ditt heime. Eg kan ta på meg mi rosa truse, slik at vi matchar!

Koz og klemz.

Boblejakke-land=NHH
I'll be there!:/
Men eg tek ikkje på meg boblejakke om det e greit, jævla wannabe!
For meg kan du putte Bergans jakka di langt opp i der sola aldri kjem til!

torsdag, mars 06, 2008

Dag to sjuk.

Trine:Berre tuppen altså.

Ole m.: Ka tupp e det snakk om??

Trine: Det bankande lemmet vel!

Ole m.: Har det klikka for dokke??

Trine: Nei, berre ta med deg tuppen, so kjem eg med blomsten.

Ole m.: Ka blomst?

Trine: Rododendrohn vel.


"Tuppen og lillemor"- songen får plutseleg nye dimensjonar......



Tuppen og Lillemor Tuppen og Lillemor bor gård i gård;
begge har øyne blå, lysegult hår,
sløyfer i flettene, sløyfer på sko,
forkle med lomme på har de begge to.


Hjem i fra skolen pent hånd i hånd
daglig de knytter "evig vennskaps bånd".
Men plutselig en dag kom de opp å slåss,
"Nå får du aldri mere komme hjem til oss!"


Du få'kke leke mer i våres gård! Jeg er'kke venner med deg mer.
Jeg skal skli på kjeller-lemmen, mens du står utenfor og ser.
Du får'ke klyve mer i våres trær for jeg er'ke glad i deg!
Du får'ke leke mer i våres gård, når du er så slem mot meg."


Veien til skolen var fryktelig lang da de gikk hver sin vei for første gang.
Time på time gikk - ikke et ord! Begge var på gråten. Sorgen var så stor.
Men i det siste store frikvarter kan ikke Lillemor greie det mer.
"Tuppen! Jeg angrer så på det du vet. La oss være venner i all evighet.


Kom å bli med bort i våres gård! Vær'ke sinna på meg mer!
Vi skal skli på kjellerlemmen, mens de andre står og ser.
Du kan gjerne klyve i våres trær. Det skal bare du og jeg.
Kom og bli med bort i våres gård, for jeg er så glad i deg!"
Trur eg.


"I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,trur eg.
Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus,men synge åndelege sanger i Zions bedehus,trur eg.
Alle kvinnfolk(mannfolk) som eg møtar skal eg sky som bare fan,trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan,trur eg.
Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring,og drikka kaffe medandrøset går om andelege ting,trur eg.
Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt,trur eg.
koma ruslandepå heimveg utan stivety og hatt,trur eg.
Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol,og stå opp når hanen flakserog gjel i morgonsol,trur eg.
Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,trur eg.
Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrstat eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,trur eg."
(Jakob Sande)

onsdag, mars 05, 2008



Marimekko+H&M=Drops for auget!

Overveldanede mykje aktivitet inn på bloggen min no. Det skuldast i at eg akkurat i dag er sjuk. Og når eg ikkje har moglegheit til å gjere noko anna enn å sitte i sofaen å snyte meg, så renne kreativiteten over.......(bokstaveleg talt)

So, litt reklame for butikken.....(-og H&M..)

Sommaren 2008 får vi ein smak av både 50-, 60- og 70- talet når H&M kjem med sin Marimekko- kolleksjon! Kolleksjonen består av rundt 50 plagg, og er å finne i butikken i april. Kjempe spennande!

Sjå og http://www.marimekko.com/

Heim.
























Jason Mraz


4 dagar att til go'guten
skal halde konsert!!!

tysdag, mars 04, 2008

søndag, mars 02, 2008









Tur i skog og mark.


Kakao, Torstein Helstad, Brann-laget,

appelsin, 3 tima, raud nase, frisk luft,

Landås, princess, line, klatring, grønske på knea.


Søndag.

laurdag, mars 01, 2008

Berre so det er sagt.

Det e snart påske alle mann. Eit år er gått sidan storbonden vart myrda på storgarden heime hjå fam.Sundal.


Previously on the farm.......


Forsettelse følger i påska.....
Smooth.

Det e helg!

Sett tenna i tapeten and let it begin!;)