laurdag, mars 08, 2008

Send meg heim, innpakka i ei gul sløyfe på hovudet.
La meg kjenne den friske lufta av kyr. Dei vandrande miljøsvina som slepp ut ca. 206 kg metangass i året. Som tilsvarar 4300 kg CO2.

La meg atter ein gong ete joikakaker rett ifrå hermetikkboksen på hytta. Joikaboller laga av opphakka fortapte Samer. Tilsatt rein som har beita i dei friske grøne engane utanfor Tsjernobyl.

La oss ete marsipanegg til dei tyt ut øyra. Gule som øyrevoks. "Bette" ski på beina mine, snør att min sekk. Så vandrar eg med freidig mot for å grave meg ned i tide. Husk, det er aldri forseint å snu. Ho sa so kjerringa, då ho måtte ut etter øl etter øl.

Eg gler meg te påske!