fredag, oktober 31, 2008

Pakkesperre.

Typisk!
Tenkte eg skulle vere ute i god tid med å pakke te Jan kjem for å hente oss. Men eg har total pakkesperre:(
Prøva å vere lur, ikkje pakke so masse med andre ord. Eg er ikkje lur vise det seg. Det lure e å sette ihop antrekk frå dag til dag, men alt eg kan komme opp med e tusen forskjellige plagg som eigentleg ikkje passa ilag.

Pokker! Mens eg sitte her og fjasa på nettet, so greie eg fanden meg å brenne rundtsykke nr. 2 i ovnen. ...

Vel. På tide å vere effektiv. Kunne eigentleg ønske eg kunne dele meg i to den helga her. Gleda meg veldig te Siddis, men ve og veldig gjerne vere med min Ragnar til Berlin...

God helg folks!

torsdag, oktober 30, 2008

Ps. Igjen.

I måra reise Flesland-gjengen te Stavanger for å hevde
oss i Siddis-brass!

Gler meg!
Bikiniflausa.


Satt å surfa på nettet, kan finne mykje rart der. Her er eit bilete som eg ikkje visste eksisterte, men som låg inn på gruppa "kafé Opera lovers". Der fann eg eit avsølrande bilete av min kjære, sittene i baren med sitt frekkaste blikk!

Frå det eine frekke blikket til det andre. Men det va samme mannen som hadde det frekke blikket altso. '

I går va vi å leika på vannkanten. Hadde ein fantastisk dag, med litt trening, sauna, steam badstu og boblebad ute i det fri. Det kjekke e at på vannkanten e der ei avdeling for oss som e litt meir voksne enn badering-stadiet. Heilt aleine i badebassenget øvde vi oss på det berømte løfte-opp-frå-vatnet-løftet frå "Dirty dancing". Joda vi greidde det ganske bra. Kanskje ikkje like estetisk vakkert som baby og Mr. hot, men tilnærma lik sidan vi faktisk berre hadde gjort det ein gong. Det som skjedde då eg stupte ned i vatnet igjen etter ein luftig flygetur(Traff vatnet ganske hardt tydlegvis) va at Ragnar ga meg det mest sjokka blikket eg har sett på lenge. For der stod Jeanette med bikinien rundt halsen og ja, resten ute i det fri.....

Godt eg har ein kjapp kjærast som lynkvikt kasta seg bort for å redde situasjonen!

Takk til deg, Ragnar!

tysdag, oktober 28, 2008

Ps.



I morgon har eg fri frå jobb, korps og alt anna eg kjenne er for tidkrevjande for tida. Har ei heil liste over ting eg skal få gjort:



- Fyrste prioritert; vaske hus og kle.

- Pakke til Stavangerturen.

- Lese ferdig siste kapittel av "sveva over vatna". Forøvrig ei bok alle bør lese.

- Lage klart biletet, mitt kjære bilete av mannen som sveva i rommet som eg har fått selgt (Men som skal dekke utgiftene til min nye kjære mac.)



Resten av dagen skal eg berre kose meg ilag med min fine mann med hatt på vannkanten etterfulgt av bowling og ein betre middag for to.



love Jeanette.
Trøtt i trynet.


Kunne ønske energi kunne kjøpast på boks. Helst på Rimi, Rema eller Ica. Hadde vore greit om ein kunne kjøpe den på apoteket og altså. Berre det hjalp.

Kombinasjonen av mykje jobbing, regn som kjem sidelengs og piska seg inn i alle krinka og kroka på kroppen, mørkt frå morgon til kveld og øving på kornetten til leppene ikkje lenger har leppeform gjev utslag i totalt utmattelse. Merkeleg nok.

Ikkje blir eg berre utmatta. Men til tider om morgonen når eg motvillig krabba ut av den varme armkroken til min kjære, over golvet for å hente badekåpa og stille meg framfor badespegelen, so både ser det ut og kjennast det ut som om ein neandertalar har brukt heile natta på å slå meg i hovudet med ei treklubbe. Eg slepe meg over festplassen på jobb. Ikkje kan eg skjønne kvifor dei kallar det "festplass". Eg ser ingen fest der. Har heller ikkje lyst te å bli med på fest.

Etter å ha ekspidert dei fyrste kundane, drukke min fyrste kopp med kaffi kan eg så vidt kjenne dei fyrste teikna på at kroppen gjev microskopiske teinkn til å vakne. Og no, sånn ca. halv ti på kvelden kan eg kjenne at den faktisk har vakna. Men kjenne eg alt for lenge etter so er den på veg til å visne vekk at og bli klar til å besøke senga att.

Sånn går no dagane. God natt!

fredag, oktober 17, 2008

Fredag!

Kan ikkje akkurat åpne ølboksen og feire helga før i måra sia eg ska på jobb i
måra tidleg. Men uansett. Her sitte eg i sofaen å slappa av, ete pizza og ser "skal vi danse".

Tek turen seinare bort til Erlend, ein kompis av min kjære. Men eg ønske helga velkommen
sjølv om det kjem ein ny jobbedag i måra!
E forresten begyndt å glede meg te "Siddis". Den årlege brass-konkurransen i Stavanger.
Gleda meg te å ligge på hotell, spele og ta ein real fest med alle i Flesland, både gamle og nye
kjende:) Her e eit bilde frå i fjor.....(redigert etter snerpen kommentar av frk. Prippen;)


tysdag, oktober 14, 2008

Ting Synnøve lure på ein tirsdag.

-Korfor må ein alltid bite seg inn i kjeften?
-Korfor brenne stearinlyset midt inn i. Og ikkje på sidene?
-Korfor e Gorenje vaskemaskin so jævlig dårlige?
-Kan ein eigentlig svømme vanlig med store puppa, type silikon liksom?
-Korfor Jeanette aldri greie å drikke opp ein kopp med kaffi?
-Kor månge prikka Jeanette har på skjorta si?
-Har Aidan sin hond skabb?








Ting jeanette lura på ein tirsdag.

-Korfor ete augene raskare enn magen? Når ein eigentleg ve ha to-tre kakestykke med flytande sjokoladekake, vaniljeis og kirsebærsaus(som eg lagde te Ragnar sin bursdag)....og berre greie å ete to bet?
-Om eg og Synnøve kjem til å gå med dei nye fine og heilt like jakkene våre samtidig?
-Om Synnøve nåken sinne ska bli våksen.
-Kortid eg ska få tid te å drikke av dei nye fine koppane mine frå Saudi Arabia.





måndag, oktober 06, 2008

Skummelt synst vi.




No har då altso eg og Synnøve vore ute å jogga ein tur i nesten stummande mørke ved store lungegård vatnet. Kall oss paranoide, men vi va ein smule redde for å bli drepne voldtekne og neddopa. Eller i omvendt rekkefølge om du ve. Veit ikkje heilt kva som e best eg.



Eg må meddele at eg har blitt litt meir skeptisk til å gå aleine (eller ilag med Synnøve..hih) når det lide mot kveld. Det e nemmelig då alle dei galne kjem fram frå alle mørke krika og krokar har eg haurt. Og spesiellt ette alle dei valdtektsforsøka som skjedde i Bergen i vår. Trass i at nåken viste seg å vere usanne.



Litt trist igrunn at ein ikkje kan føle seg heilt trygge dersom ein traska rundt i Bergen på kvelds-/nattestid. Nei, pepparspray e tingen!



God natt!

søndag, oktober 05, 2008

Ny veke.

Då va mandagen endå ein gong tebake.....

Og eg ser fram te ei ny travel veke med jobb, personalmøte, øvingshelg frå torsdag te mandag(ja, faktisk...). Men mest av alt ve eg at det skal bli laurdag, sia Ragnar med hatten kjem att etter ei godt over to vekers opphald i Saudi Arabia!


Berre litt vanskeleg å sette igong med den nye dagen....


Ok. Får hoppe i det med hud og hår!
Eit halvt år med mannen med hatt!


5. april for eit halvt år sia.


I dag!




Vel, det e vertfall eit steg på vegen.

Det som e fint med Bergen (eller ikkje fint..).....


E at ein minst er innom 2-3 årstider på ein dag. Både i dag og i går vakna vi i Bergen te strålande sol frå skyfri himmel. Fuglane og bergensarane kvitra om kapp, folk (les:berre dei galnaste) gjekk i shorts og ein måtte fint ta fram solbrillene for å ikkje bli blenda av det skarpe lyset. Men ting endra seg raskt.
Det dagen/dagane til slutt enda opp i var regn som kjem sidelengs ifrå, vind og snøv på Ulrikken.


Då veit ein at ein e i Bergen.


Som avtalt seint på fredags natt, var Synnøve og eg ute for å gå tur med Tore Johnny og Griffin. Ein gal dachs som mest truleg har ADHD og som tydleg hadde ein plan for dagen. Det va å springe fortast muleg med meg og Synnøve på slep. Og bade. Nåke som resulterte i at han hoppa likegodt ut for ein bratt skrent i Nordnesparken.


Godt krabaten hadde band på seg.....







onsdag, oktober 01, 2008

Bryllaupet til Therese og Jens Marius.



















Etter mykje om og men......!


Kom eg meg inn på bloggen som eg ikkje har vore inn på sia juni. Bloggen min gjorde seg rett og slett litt kostbar....

Vel, kom meg endeleg heim etter å ha tatt oppgjeret på jobb. Og jaga ut dei kundane som ikkje veit å kjenne si besøkelsestid.
Typisk standarlinje på folk som kjem inn to minutt før det stenge "åja, stenge dokke no snart?" Og vise meg eit særs medlidande blikk, før dei legg te "eg ska berre ta ein kjapp kikk!".
Eg seie selvfølgelig "jada, du har nåken minutt på deg enda, so du treng ikkje stresse..." Sjølv om eg innerst inne brenn ette å seie "Tru meg, eg har visst meg vore bort i sånne typa som deg før!"........


Jada....klokka går, og plutseleg e det stengetid.
Eg tek inn skiltet(Det fyrste hintet at eg faktisk e på veg te å stenge).....

....Eg henta nøkkelen (Det andre hintet om at det JAFFAL e på tide å gå).....klirra ekstra høgt med nøkkelen for at dei VERKELEG skal skjønne at eg ikkje kødda....låse..


Og kunden smile fornøgd og lata som om dei ikkje skjønnar eit kvekk. Kommenterar med ei munter stemme"gud kor masse fint dokke har fått inn! ..Ka e prisen på den her?"... Mens dei bedagleg tek seg god tid...kjenne på matrialet, ser seg i speilet om dei kler fargen...(gr!)

So kjem hint nr.3 som inngår både å ta av musikken og åpne kassa for å lage "telle-lyda" (som går ut på å holde myntane i neven, og ein etter.... ein kaste dei ekstra hardt ned i kassa, og kanskje svakt seie for meg sjølv..."1...2.......3.....4..." ..men neida.... IKKJE pokker om dei ska ut av butikken før dei ve det!....

Då e vi altso komen te det puntet der klokka e 6-7 min. over tida, og røyken e starta med å sive ut av øyrene mine. Ette kanskje 3-4 spm. te, så kjem kunden med ein slåande kommentar "nei, eg får komme innatt ein anna dag eg har litt beire tid...."

Då har eg mest lyst å bokse te kunden, og eg tenke nesten litt for høgt "det ser jaggu ut te at du har go tid no og!" Mens eg seie smilande, men ein liten lattar "ja, det får du gjere"...hi..hi..h..ii......


Før eg endeleg kan geleide dei ut...og smile "hade bra!"


Det verste e kundar som faktisk startar å prøve kle, gjerne 5-6 klesplagg rett før det stenge. Spesiellt venninnepar. Og som greier å lire ut av seg nåken setninga sombåde e frekke og utruleg nedlatande mot oss som står i butikk " Har det stengt? Oi! jaja...men ho her har vel ikkje nåke imot å stå her litt over tida. Det må no dei berre tåle!"...

Seriøst. Ka med å ha respekt ovanfor andre mennesker? Tenke på at vi gjerne har stått der i over 8 tima... og gjerne har lyst å komme oss heim til det lisje som e igjen av resten av dagen? Det går faktisk an å sette seg litt inn i andre sin situasjon, og ikkje berre vere egoistisk og sjølvsentrert.

Tenk på det neste gong du handla!