onsdag, oktober 01, 2008

Etter mykje om og men......!


Kom eg meg inn på bloggen som eg ikkje har vore inn på sia juni. Bloggen min gjorde seg rett og slett litt kostbar....

Vel, kom meg endeleg heim etter å ha tatt oppgjeret på jobb. Og jaga ut dei kundane som ikkje veit å kjenne si besøkelsestid.
Typisk standarlinje på folk som kjem inn to minutt før det stenge "åja, stenge dokke no snart?" Og vise meg eit særs medlidande blikk, før dei legg te "eg ska berre ta ein kjapp kikk!".
Eg seie selvfølgelig "jada, du har nåken minutt på deg enda, so du treng ikkje stresse..." Sjølv om eg innerst inne brenn ette å seie "Tru meg, eg har visst meg vore bort i sånne typa som deg før!"........


Jada....klokka går, og plutseleg e det stengetid.
Eg tek inn skiltet(Det fyrste hintet at eg faktisk e på veg te å stenge).....

....Eg henta nøkkelen (Det andre hintet om at det JAFFAL e på tide å gå).....klirra ekstra høgt med nøkkelen for at dei VERKELEG skal skjønne at eg ikkje kødda....låse..


Og kunden smile fornøgd og lata som om dei ikkje skjønnar eit kvekk. Kommenterar med ei munter stemme"gud kor masse fint dokke har fått inn! ..Ka e prisen på den her?"... Mens dei bedagleg tek seg god tid...kjenne på matrialet, ser seg i speilet om dei kler fargen...(gr!)

So kjem hint nr.3 som inngår både å ta av musikken og åpne kassa for å lage "telle-lyda" (som går ut på å holde myntane i neven, og ein etter.... ein kaste dei ekstra hardt ned i kassa, og kanskje svakt seie for meg sjølv..."1...2.......3.....4..." ..men neida.... IKKJE pokker om dei ska ut av butikken før dei ve det!....

Då e vi altso komen te det puntet der klokka e 6-7 min. over tida, og røyken e starta med å sive ut av øyrene mine. Ette kanskje 3-4 spm. te, så kjem kunden med ein slåande kommentar "nei, eg får komme innatt ein anna dag eg har litt beire tid...."

Då har eg mest lyst å bokse te kunden, og eg tenke nesten litt for høgt "det ser jaggu ut te at du har go tid no og!" Mens eg seie smilande, men ein liten lattar "ja, det får du gjere"...hi..hi..h..ii......


Før eg endeleg kan geleide dei ut...og smile "hade bra!"


Det verste e kundar som faktisk startar å prøve kle, gjerne 5-6 klesplagg rett før det stenge. Spesiellt venninnepar. Og som greier å lire ut av seg nåken setninga sombåde e frekke og utruleg nedlatande mot oss som står i butikk " Har det stengt? Oi! jaja...men ho her har vel ikkje nåke imot å stå her litt over tida. Det må no dei berre tåle!"...

Seriøst. Ka med å ha respekt ovanfor andre mennesker? Tenke på at vi gjerne har stått der i over 8 tima... og gjerne har lyst å komme oss heim til det lisje som e igjen av resten av dagen? Det går faktisk an å sette seg litt inn i andre sin situasjon, og ikkje berre vere egoistisk og sjølvsentrert.

Tenk på det neste gong du handla!

3 kommentarer:

Linda sa...

Jey! Så kjekt med oppdatering!

Og når det gjeld treige butikkundar så kjenner eg fenomenet frå mi tidlegare karriere som kassadame på matvarebutikk. Strengt tatt kunne det gå timesvis utan kundar (dette var så klart på bygda), men når ein skulle stenge, kunne ein vere ganske sikker på at det kom nokon!

Anonym sa...

AH! Endelig ei oppdatering. Har venta på d:)

jeanette_s sa...

har på ein måte venta på det sjølv og:)! ENDELEG!