torsdag, august 27, 2009

Snart flytteklar!

Etter å ha " låge rundt" i fleire veker er det endelig klart for innflytting i morgon! Gleda meg stort til å få ein plass for meg sjölv, som eg har heilt aleine. Har vore ein tur bortom leiligheta i dag for å få litt instruksar over korleis ting og tang fungera. Er ekstra fornögd med dör-telefonen som har kamera, slik at eg kan sjå kven som ringer på döra:) Fekk og ei omvisning på takterassa, og terassa som ligg utanfor stoveglaset mitt. Litt synd at sommaren er over, men gleda meg til å kunne ta den i bruk for fullt til neste år med grilling på den store felles-grillen og slikking av sol!

Håpe det blir LENGE til eg flytta neste gong. For det unne eg ikkje min verste fiende ein gong. Ein trur gjerne at det ikkje tek spesiellt lang tid. Men eg kan love deg at eg har erfart noko heilt anna. Vertfall sidan eg eig ein del möblar og andre ting som eg har samla opp gjennom ni år.
Ellers er musikksesongen i gong for fullt igjen. Har savna vanvittig å spele i korps, men no er det på an igjen og eg stortrivast med det!



På tide å legge seg ilag med katta, min beste venn.....
Berre så du veit det, eg er godt i gong med mål to i trappa;)

tysdag, august 25, 2009

Leilighet!

Etter nokon veker med leiting etter passande leilighet har eg ENDELIG funne meg ein perfekt plass midt i hjertet av by'n. Nyoppussa, vakker og fin. Ikkje minst har den både takterasse og terasse utanfor vindauget til stova. LOVE IT!

søndag, august 23, 2009

Sushi og rosé.

Nydeleg veke med god mat, latter, glede, konsertar og kribling i magen!;)
Sjølv om det har regna ute, så er det sol inne.

Onsdag var eg så heldig å få oppleve Coldplay live på Kohengen. Eg fekk gåsehud, tårer i augene og følte meg vannvittig lykkelig over å faktisk sjå dei i levande live. Chris Martin hadde ein eineståande energi på scena, der han sprang rundt i si kule uniformsjakke. Det var rett og slett magi å sjå utover folkemengda med anten mobilar eller lightera i handa viftande over ein mørkelagd Kohengen, opplyst med gigantiske ballongar det det sto "viva la vida". Sjølvsagt toppa det heile seg då dei spelte 'yellow' og dei slapp ut mange titalls store gule ballongar. Sukk. Det kan eg leve lenge på:)

Hadde ein fantastisk kveld i går med ein god venn. Gjekk på by'n, åt sushi på Sumo og drakk god rosé-vin medan vi snakka om livet og leika oss med andre på Pingvinen utover kvelden.

I dag skinne sola over Bergen og livet er GODT å leve!
Gledar meg stort til tirsdag!

Ha ein fin fin søndag kjære folk! I kveld har forresten Bergen Improlaug oppstart igjen på Ole Bull scene. Verdt å få med seg.

tysdag, august 18, 2009

Fix you.

Varmar opp morgendagen med Coldplay på høgtalarane. Gler meg innerst i hjertet over at dei faktisk kjem til Bergen i morgon, og at eg faktisk skal vere der!
Håpe meg, Chris og alle andre som skal vere der får kjenne solstrålane varme i andletet.

Ellers er det på tide med ein liten springetur i sola rundt Lungeårdsvatnet. Deilig å få strekku ut beina litt å når ein har gongsperre i dei!

Ha ein fin kveld kjære lesara;)
The music in my life.

Keane:

http://www.youtube.com/watch?v=hmXY2MSrguE


Grizzly Bear:

http://www.youtube.com/watch?v=tjecYugTbIQ


David Bowie:

http://www.youtube.com/watch?v=xtrEN-YKLBM



http://www.youtube.com/watch?v=j-wvgmZxbe8


Killers:


http://www.youtube.com/watch?v=rCE1MeUZgNk


The sountrack of our lives:

http://www.youtube.com/watch?v=9ypGMqogMq0


The shins:


http://www.youtube.com/watch?v=OkITsv3Nk6M







måndag, august 17, 2009

Lite utval nydelige songar....:


http://www.youtube.com/watch?v=u3ppoX4bVTQ


http://www.youtube.com/watch?v=rzrKlEtxTx4


http://www.youtube.com/watch?v=HAZK4aVpGwE


http://www.youtube.com/watch?v=xO0gSJGJ7Fs


http://www.youtube.com/watch?v=bcrEqIpi6sg


http://www.youtube.com/watch?v=-kbdCDeKSoI


http://www.youtube.com/watch?v=MXF_Jpq2aXA
Te, pledd og motorsykkeldagbøkene.

Kva er deiligare enn å pakke seg inn i eit mjukt pledd, holde ein god varm kopp med te i handa og sjå ein 'feelgood- film'? Motorsykkeldagbøkene er kanskje ein av mine yndlingsfilmar. Ein nydelig poetisk film med nostalgiske tilbakeblikk om revulosjonslegenden Che Guveras si reise gjennom det søramerikanske kontinentet....

Mandag, mandag, kjære mandag. Kva skulle eg gjort utan deg?



søndag, august 16, 2009

Keisaren med sine nye klede er ikkje min helt.

Kjipt å vere keisar, ha mykje penga til å kjøpe akkurat det du vil og i tillegg gå rundt naken!
Eg er vel strengt tatt ein motpol til den keisaren (Han var vel eigentleg berre stein dum. Og jo- eg veit kva moralen i historia er..). Eg får aldri nok av klede og sko. Kall meg overfladisk og matriallistisk, men kledene eg går med gjennspelgar korleis eg er som person- og ikkje mist kva humør eg er i. Sjølv ikkje den kulaste kjolen passar på ein dag då gråskyene bygger seg opp i hovudet mitt. Er eg i strålande humør unngår eg svarte kleder. Kanskje ikkje bevisst- det er tydlegvis berre noko kroppen og sinnet mitt har bestemt seg for.

Klede er for meg ein leik! Bloggar om gatemote, bilet av folk som er flinke å kombinere plagg og mennesker som tør å skille seg ut frå mannen i gata er som drops i mine auger. Det gjer meg glad. Spesiellt glad blir eg dersom plagget har ei fin historie bak seg. På ein liten butikk i Bergen selg dei bruktkle med små fine merkelappar med fine ord om historia til plagget- og eg elskar det! Det kallar eg sjel. Og sjel er det ikkje for mykje av i denne verda.


Her er eit lite utval av inspirasjon eg har kom over på reisa mi i veven i dag:


laurdag, august 15, 2009

Mennesker av sorga.

Livet kjem i alle fargar, fasongar og størelsar. Nokre mennesker er heldigare enn andre til å finne den fasongen som passar ein best, medan andre stiller seg sist i køen og må ta til takke med restane som er att. Sjølvsagt handlar det óg om korleis ein forvaltar ressursane ein har fått tildelt i livet. Men i visse tilfeller er dette langt utanfor mennesker si handlekraft. Kanskje ein kan kalle det sjebnen, dersom definisjonen av sjebnen nettopp er dette.

Her ein kveld møtte eg ein mann som ikkje hadde vore den heldigaste ved utedeling av roller i livet. Eller rett og slett har undervurdert seg sjølv som menneske i denne verda. Eg fekk eit anna syn på narkomanar etter denne kvelden. Ein liten skjør kropp i rullestol, tydelig påverka av stoff rulla bort og parkerte køyretøyet ved sidan av oss.
Må ærleg innrømme at tanken som slo meg ikkje er mykje til å skryte av. Han hadde eit blikk som tilhøyrte ein blind, kropp som ein 80-åring og livserfaring likeså. Trur sjølve 'skalet' ikkje var meir enn i tretti åra.

Etterkvart som småpraten om veiret hadde lagt seg, innleda han eit dikt med å fortelle om fire kompisar som ikkje ville leve lenger. Han var ein av dei.
Utfordringane i livet hadde blitt for store, og kampen om å sjå håp i enden av tunellen hadde sakte men sikkert svunne hen som dogg for sola. Dei inngjekk ei pakt om å ta overdose på heroin.
Berre éin av dei overlevde; han som satt samankrøka i rullestolen framfor oss. Sjebnen ville ikkje at han skulle døy.

Mannen i rullestol såg på oss med raudkanta auge medan han klart og tydeleg fortalde oss diktet. Det var som om alle studentane som hadde fadderveke rundt oss forsvann i eit dragsug. I siste verset brast stemma over sorga som hadde brennt seg fast under huda på denne mannen. Og eg kan med handa på hjerte seie at det var ein av dei mest intense augblikka i livet mitt.
So satt vi der då, tre stykker med tårer i augene og forskjellig sjebne i livet. Stillheita i sekunda etter han var ferdig med diktet tok oss med sorg. Sorg over korleis nokre mennesker ikkje har samme moglegheitane som andre, og skam over korleis vi behandlar medmennesker frå 'undergrunnen'. Vi tok han i handa då vi gjekk og takka for diktet og samtalen. Samtidig ønskte vi han lykke til vidare i livet. Ironisk nok er det ikkje sikkert han har mange dagane att.

Så kvar er det som bestemme sjebnen? Kvifor passerar ting som ein ønskar seg mest av alt i verda forbi som ein glatt ball som ein ikkje får tak i- uansett kor mykje arbeid ein legg i det? Medan andre ting kjem til ein på eit perfekt tima tidspunkt- då du mest av alt kanskje trengte det? På visste stadier i livet blir gråveirsdagane fleire enn solskinnsdagane. Sånn er livet!. Då kan ein lett gløyme kva som betyr mest for ein i kvardagen , og ein går på kompromiss med seg sjølv.

Av og til skulle ein tru at nokon der oppe satt å følgte med på korleis ein utdøvde rolla si ein har fått utdelt. Når ein sjølv ikkje greier å sette foten ned for kva retning livet utspelar seg i, så er det greit dersom sjebnen spelar inn og gjer deg ein peikepinn på kva som er "rett" og "gale". Ein slags 'energi- og sjølvtillitsbooster' som minner deg på kven du er, og kva du fortjener. Og ikkje minst får deg til å tenke på kva du eigentleg vil i dette livet. Her ein dag dukka det opp ein slik 'booster'. Nokon som eg gjerne ikkje hadde forventa å sjå igjen, men som ved ein "tilfeldigheit" var innom livet mitt for å helse på meg- 'etter gammalt av'. Dette på eit perfekt tidpunkt, sjølv om det på den andre sida ikkje kunne ha vore på eit dåregare tidspunkt.

Satt på spissen; den personen lærte meg sjølv betre å kjenne på ein kveld, enn kva eg har gjort på eit liv. Det var som ein 'skytsengel', for å vere pompøs, hadde satt seg på skudra mi for å fortelle meg kor mykje eg fortjenar og kor høgt verdsatt eg er. Eg kjende meg som den einaste i verda, og ting som har vore uklare vart brått mykje klarare. Som ein psykolog på tv ein av dagane sa: Senk aldri krava dine sjølv om du ikkje får det du forventar. Du fortjenar like mykje som dei krava du har sett for deg. Og det er heilt sant! Om ein gjev meir enn ein får tibake, så er det ikkje verdt det. Det gjeld på alle punkt i livet. Kanskje eg rett og slett kan høyrast litt "gla' kriste" ut, ikkje at det er noko gale i det men dette burde ha vore ein uskreven leveregel når usikkerheita kjem snikande med sine giftige trådar, og forpestar andre delar av livet ditt óg.

Dersom ein skal trekke paralellar frå dei to hendingane, så kan eg vel seie at på ei veke har eg lært korleis eg ikkje bør leve, og korleis eg bør leve. Ha trua på deg sjølv og ikkje senk krava dine, sjølv om andre mennesker kan gje deg kjensla av at du ikkje er noko verdt. For hugs at om nokon knapt vil avlyse ein fest til fordel for deg, så finnast det andre der ute som er villig å gå til månen for deg......

Tusen takk min 'energibooster' for at du dukka opp. Eg vil gå til månen for deg óg. Eg skuldar deg alt.

fredag, august 07, 2009

Hepp Hepp!

Det e fredag, den beste dagen av dei alle. Og eg e strakt tilbake i Bergen!

Har ca. funne meg ein ny stad å bu:) Gleda meg til å bu for meg sjølv, og lage ein liten heim. Akkurat slik som eg sjølv vil det! Mannfolk, gå heim å vogg. Vi treng dokke ikkje. HA!

torsdag, august 06, 2009

Svineinfulensa.

I dag skal Jeanette ta prøve på om ho har svineinfulensa.

onsdag, august 05, 2009

Havreskjorte og strielefse.

Fredag bære det tilbake til Bergen. Og sjølv om eg har leita meg etter ein plass å bu i evigheit (kjennest vertfall slik ut) Så har eg enda ikkje funne ein som er ok, og med grei pris. Boligmarkedet i Bergen er totalt sjukt! 9000 for å bu i eit lite kott??

Send gjerne ei melding dersom nokon er klare for ein øl, to eller tre fredags kvelden! For eg er SÆRS klar for ein aften med fyllefanteri;) Ellers, COLDPLAY! VI GLER OSS!!!! Berre litt over to veker att no. Det blir MAGISK!

tysdag, august 04, 2009

Med nostalgi i kvart eit hammarslag.

Av og til i livet må ting rivast ned. Sjølv om vi eigentleg ikkje vil. Berre fordi at noko rett og slett er for skralt og øydelagt til at det skal kunne rettast opp att. Fordi det er best slik. I visse tilfelle må fornufta gå framfor kjenslene.

Slik var det med vårt godt over 100- år gamle "bekkhus" i dag. For dei som ikkje veit kva Bekkhus er, så er det enkelt og greit eit lite hus- med ein bekk i, som ein gjerne brukte i gamle dagar til å oppbevare melkespanne eller til å vaske melkespannene som hadde vore i bruk.
Vi som har vokse opp på garden av oss "unge" har vel ikkje akkurat sett bekkhuset i den bruk det eigentleg skulle brukast til. I all den tid eg har levd på garden, så har bekkhuset vore i pensjon. Berre for å få nyte sine siste år til fulle, reise til Syden, eller måle kunst. Som visst nok er SVÆRT populært for dei som går av med nettopp- pensjon.

Vi ungane har brukt det lille gule huset til leikestove, fødestove og rehabeliteringssenter for kattar som anten nettopp har blitt fødd, eller som fekk ein vanskeleg start i livet. Då tenke eg på kattungen som endte sine dagar i surmelk-baljen, fordi Jørn so gjerne ville gje han noko å drikke. Eller vi har brukt det som gjøymestad for magiske skattar, fyrstikke, steinar som var for fine til å gå ifrå, eller tampen brenner. Bestemor og bestefar, då han levde, har i alle år brukt huset til å henge ifrå seg nøkkelane til huset. Phu, flaks at det no ikkje finnast sidan då alle som les dette mest sannsynleg ville ha brote seg inn i huset til bestemor.

Ellers har ikkje "bekkhuset" berre vore heilt gult. Ei periode var det veldig "in" med prikkar på alt. Og vi tenkte- kvifor ikkje? Så i rein ekstaste over å ha kome på ein slik glimrande idé, så malte vi bekkhuset gult- med kvite store rundingar. Vi var SÆRS nøgde. Men det var desverre ikkje bestefar. Så det var ikkje lenge bekkhuset fekk behalde dei fine prikkane.


Men dei siste åra har bekkhuset vore med skral helse. Veir, nordavind og tidas tann har sett sitt spor på det. Bestemor ville ikkje lenger ha bekkhuset. Ho ynskjer seg heller ein fin platting. Så bekkhuset vart desverre nedstemt. Eg ser den altså. Det var desverre starta å skjemme ut det fine tunet til bestemor.

Så, kjære bekkhus! Takk for alle gode minner og alle kattane du har gjett ly til. Eg skal behalde deg som eit kjært minne innerst i hjartet. Måtte du kvile i fred der du er no.



Koooor e kalvane??Ser berre blåbær eg. Og IKKJE kalva......Må forresten få med at Jeanette "the kalvehunter" var ute for å gje kalvane noko godt å bite på i dag. Men etter å ha endevendt heile beitet, både ein-to-og tre gongar kunne eg ikkje sjå snurten av ein einaste kalv. Joda- Dei hadde tatt seg ein liten spasertur litt lenger nede i bygda. Men no er smådjævlane trygt på plass i sitt eige beite. Enn so lenge......Traska vegen oppatt med mjølpåsen......Vi fann ei fin teikning på eine planken! Er det der eg har kunsttalentet mitt ifrå?Sersjant- kommandant!.......Har bestefar eller oldefar gøymt "pjolter"-flaska si i bekkhuset?

måndag, august 03, 2009

Meir glimt.

Katrin er sladda grunna forskjellige årsaker.
Vaniljesaus og bringebær!På middagbesøk hjø tante Jenny:)

Mmmmmm....antioksidantar
I've still got the blues for you.



Kaffi med twist attåt:)Meg, bestemor og Bjørn Tore:)Svineinfulensa, gå heim og vogg!Litt Michael Jackson.Ingvill, frisk i kjakane etter tur på Gryta.Pappa et blåbær. Kanskje, kanskje ikkje dei e gjæra?RRÆÆge!Endte opp med dansing på bordet, og RÆge-dansen!På hytta! Vel og merke den gamle som skal selgast. Litt av det vakre, fine interiøret på gamlehytta....Nostalgi i kvar ei krå.Den finaste ovnen.Boksane, som snart er mine. Må berre finne ein stad å bu fyrst....Titt!Blåbær-plukking!Malin, Britt og Martine på besøk!

Bestemor helser på den "nye", Malin.