laurdag, august 15, 2009

Mennesker av sorga.

Livet kjem i alle fargar, fasongar og størelsar. Nokre mennesker er heldigare enn andre til å finne den fasongen som passar ein best, medan andre stiller seg sist i køen og må ta til takke med restane som er att. Sjølvsagt handlar det óg om korleis ein forvaltar ressursane ein har fått tildelt i livet. Men i visse tilfeller er dette langt utanfor mennesker si handlekraft. Kanskje ein kan kalle det sjebnen, dersom definisjonen av sjebnen nettopp er dette.

Her ein kveld møtte eg ein mann som ikkje hadde vore den heldigaste ved utedeling av roller i livet. Eller rett og slett har undervurdert seg sjølv som menneske i denne verda. Eg fekk eit anna syn på narkomanar etter denne kvelden. Ein liten skjør kropp i rullestol, tydelig påverka av stoff rulla bort og parkerte køyretøyet ved sidan av oss.
Må ærleg innrømme at tanken som slo meg ikkje er mykje til å skryte av. Han hadde eit blikk som tilhøyrte ein blind, kropp som ein 80-åring og livserfaring likeså. Trur sjølve 'skalet' ikkje var meir enn i tretti åra.

Etterkvart som småpraten om veiret hadde lagt seg, innleda han eit dikt med å fortelle om fire kompisar som ikkje ville leve lenger. Han var ein av dei.
Utfordringane i livet hadde blitt for store, og kampen om å sjå håp i enden av tunellen hadde sakte men sikkert svunne hen som dogg for sola. Dei inngjekk ei pakt om å ta overdose på heroin.
Berre éin av dei overlevde; han som satt samankrøka i rullestolen framfor oss. Sjebnen ville ikkje at han skulle døy.

Mannen i rullestol såg på oss med raudkanta auge medan han klart og tydeleg fortalde oss diktet. Det var som om alle studentane som hadde fadderveke rundt oss forsvann i eit dragsug. I siste verset brast stemma over sorga som hadde brennt seg fast under huda på denne mannen. Og eg kan med handa på hjerte seie at det var ein av dei mest intense augblikka i livet mitt.
So satt vi der då, tre stykker med tårer i augene og forskjellig sjebne i livet. Stillheita i sekunda etter han var ferdig med diktet tok oss med sorg. Sorg over korleis nokre mennesker ikkje har samme moglegheitane som andre, og skam over korleis vi behandlar medmennesker frå 'undergrunnen'. Vi tok han i handa då vi gjekk og takka for diktet og samtalen. Samtidig ønskte vi han lykke til vidare i livet. Ironisk nok er det ikkje sikkert han har mange dagane att.

Så kvar er det som bestemme sjebnen? Kvifor passerar ting som ein ønskar seg mest av alt i verda forbi som ein glatt ball som ein ikkje får tak i- uansett kor mykje arbeid ein legg i det? Medan andre ting kjem til ein på eit perfekt tima tidspunkt- då du mest av alt kanskje trengte det? På visste stadier i livet blir gråveirsdagane fleire enn solskinnsdagane. Sånn er livet!. Då kan ein lett gløyme kva som betyr mest for ein i kvardagen , og ein går på kompromiss med seg sjølv.

Av og til skulle ein tru at nokon der oppe satt å følgte med på korleis ein utdøvde rolla si ein har fått utdelt. Når ein sjølv ikkje greier å sette foten ned for kva retning livet utspelar seg i, så er det greit dersom sjebnen spelar inn og gjer deg ein peikepinn på kva som er "rett" og "gale". Ein slags 'energi- og sjølvtillitsbooster' som minner deg på kven du er, og kva du fortjener. Og ikkje minst får deg til å tenke på kva du eigentleg vil i dette livet. Her ein dag dukka det opp ein slik 'booster'. Nokon som eg gjerne ikkje hadde forventa å sjå igjen, men som ved ein "tilfeldigheit" var innom livet mitt for å helse på meg- 'etter gammalt av'. Dette på eit perfekt tidpunkt, sjølv om det på den andre sida ikkje kunne ha vore på eit dåregare tidspunkt.

Satt på spissen; den personen lærte meg sjølv betre å kjenne på ein kveld, enn kva eg har gjort på eit liv. Det var som ein 'skytsengel', for å vere pompøs, hadde satt seg på skudra mi for å fortelle meg kor mykje eg fortjenar og kor høgt verdsatt eg er. Eg kjende meg som den einaste i verda, og ting som har vore uklare vart brått mykje klarare. Som ein psykolog på tv ein av dagane sa: Senk aldri krava dine sjølv om du ikkje får det du forventar. Du fortjenar like mykje som dei krava du har sett for deg. Og det er heilt sant! Om ein gjev meir enn ein får tibake, så er det ikkje verdt det. Det gjeld på alle punkt i livet. Kanskje eg rett og slett kan høyrast litt "gla' kriste" ut, ikkje at det er noko gale i det men dette burde ha vore ein uskreven leveregel når usikkerheita kjem snikande med sine giftige trådar, og forpestar andre delar av livet ditt óg.

Dersom ein skal trekke paralellar frå dei to hendingane, så kan eg vel seie at på ei veke har eg lært korleis eg ikkje bør leve, og korleis eg bør leve. Ha trua på deg sjølv og ikkje senk krava dine, sjølv om andre mennesker kan gje deg kjensla av at du ikkje er noko verdt. For hugs at om nokon knapt vil avlyse ein fest til fordel for deg, så finnast det andre der ute som er villig å gå til månen for deg......

Tusen takk min 'energibooster' for at du dukka opp. Eg vil gå til månen for deg óg. Eg skuldar deg alt.

4 kommentarer:

Mari sa...

Takk for eit fint innlegg! Det var fint skrevet:)

jeanette_s sa...

Tusen takk:) Kjekt å høyre.

Anonym sa...

Det er ikke ofte man møter frie sjeler i dagens samfunn, i hvert fall ikke som bare er høye på livet, og ikke kunstige stimuli.

Det finnes dog noen få spesielle, og den som tar seg tid til å bli kjent med disse vil oppleve noen fantastiske mennesker. Mennesker med mye samvittighet, fine verdier, og som er en sann inspirasjon til å bryte ut for alle oss andre som bare følger strømmen. Dessverre identifiserer eller anerkjenner ikke dagens samfunn disse menneskene.. Vi er i dag altfor opptatt av å skaffe nye og fine ting, og bevege oss fremmover i livet. Det er jo liksom det vi skal.. Er det ikke ?

Etter å ha fulgt strømmen i mange år blir jeg missunelig på disse menneskene med så annerledes verdier enn mine egne. De har kanskje ikke alt det materielle, de har kanskje ikke en femårsplan, eller så mye som en ukeplan.. Men, de er lykkelige! Og er de ikke lykkelige er det vår skyld, vi som følger strømmen og forhåndsdømmer disse menneskene. Jeg har dårlig samvittighet for å bidra til at disse menneskene ikke føler at de passer inn i vårt samfunn, bare fordi de ikke deler våre implementerte verdier.. Hvorfor er det noe galt med dem, det er heller noe galt med oss..

I antikken var det plass til slike mennesker, det var akseptert å være livsnyter, og filosoferende tenker.. Folk donerte til og med penger for å høre dere syn på livet og fremtiden. I dag er det dessverre ikke plass til slike, og det er en skam.. Skulle ønske jeg også kunne leve mitt liv mer fordomsfritt, uten jantelov, og ikke minst sammen med en av disse fantastiske menneskene..

Det er forfriskende å lese slike frie tanker, stå på, du er unik, verdsatt, og aldri, aldri glem det..

jeanette_s sa...

Tusen takk, min anonyme lille venn:)