tysdag, august 04, 2009

Med nostalgi i kvart eit hammarslag.

Av og til i livet må ting rivast ned. Sjølv om vi eigentleg ikkje vil. Berre fordi at noko rett og slett er for skralt og øydelagt til at det skal kunne rettast opp att. Fordi det er best slik. I visse tilfelle må fornufta gå framfor kjenslene.

Slik var det med vårt godt over 100- år gamle "bekkhus" i dag. For dei som ikkje veit kva Bekkhus er, så er det enkelt og greit eit lite hus- med ein bekk i, som ein gjerne brukte i gamle dagar til å oppbevare melkespanne eller til å vaske melkespannene som hadde vore i bruk.
Vi som har vokse opp på garden av oss "unge" har vel ikkje akkurat sett bekkhuset i den bruk det eigentleg skulle brukast til. I all den tid eg har levd på garden, så har bekkhuset vore i pensjon. Berre for å få nyte sine siste år til fulle, reise til Syden, eller måle kunst. Som visst nok er SVÆRT populært for dei som går av med nettopp- pensjon.

Vi ungane har brukt det lille gule huset til leikestove, fødestove og rehabeliteringssenter for kattar som anten nettopp har blitt fødd, eller som fekk ein vanskeleg start i livet. Då tenke eg på kattungen som endte sine dagar i surmelk-baljen, fordi Jørn so gjerne ville gje han noko å drikke. Eller vi har brukt det som gjøymestad for magiske skattar, fyrstikke, steinar som var for fine til å gå ifrå, eller tampen brenner. Bestemor og bestefar, då han levde, har i alle år brukt huset til å henge ifrå seg nøkkelane til huset. Phu, flaks at det no ikkje finnast sidan då alle som les dette mest sannsynleg ville ha brote seg inn i huset til bestemor.

Ellers har ikkje "bekkhuset" berre vore heilt gult. Ei periode var det veldig "in" med prikkar på alt. Og vi tenkte- kvifor ikkje? Så i rein ekstaste over å ha kome på ein slik glimrande idé, så malte vi bekkhuset gult- med kvite store rundingar. Vi var SÆRS nøgde. Men det var desverre ikkje bestefar. Så det var ikkje lenge bekkhuset fekk behalde dei fine prikkane.


Men dei siste åra har bekkhuset vore med skral helse. Veir, nordavind og tidas tann har sett sitt spor på det. Bestemor ville ikkje lenger ha bekkhuset. Ho ynskjer seg heller ein fin platting. Så bekkhuset vart desverre nedstemt. Eg ser den altså. Det var desverre starta å skjemme ut det fine tunet til bestemor.

Så, kjære bekkhus! Takk for alle gode minner og alle kattane du har gjett ly til. Eg skal behalde deg som eit kjært minne innerst i hjartet. Måtte du kvile i fred der du er no.



Koooor e kalvane??Ser berre blåbær eg. Og IKKJE kalva......Må forresten få med at Jeanette "the kalvehunter" var ute for å gje kalvane noko godt å bite på i dag. Men etter å ha endevendt heile beitet, både ein-to-og tre gongar kunne eg ikkje sjå snurten av ein einaste kalv. Joda- Dei hadde tatt seg ein liten spasertur litt lenger nede i bygda. Men no er smådjævlane trygt på plass i sitt eige beite. Enn so lenge......Traska vegen oppatt med mjølpåsen......Vi fann ei fin teikning på eine planken! Er det der eg har kunsttalentet mitt ifrå?Sersjant- kommandant!.......Har bestefar eller oldefar gøymt "pjolter"-flaska si i bekkhuset?

Ingen kommentarer: