søndag, august 16, 2009

Keisaren med sine nye klede er ikkje min helt.

Kjipt å vere keisar, ha mykje penga til å kjøpe akkurat det du vil og i tillegg gå rundt naken!
Eg er vel strengt tatt ein motpol til den keisaren (Han var vel eigentleg berre stein dum. Og jo- eg veit kva moralen i historia er..). Eg får aldri nok av klede og sko. Kall meg overfladisk og matriallistisk, men kledene eg går med gjennspelgar korleis eg er som person- og ikkje mist kva humør eg er i. Sjølv ikkje den kulaste kjolen passar på ein dag då gråskyene bygger seg opp i hovudet mitt. Er eg i strålande humør unngår eg svarte kleder. Kanskje ikkje bevisst- det er tydlegvis berre noko kroppen og sinnet mitt har bestemt seg for.

Klede er for meg ein leik! Bloggar om gatemote, bilet av folk som er flinke å kombinere plagg og mennesker som tør å skille seg ut frå mannen i gata er som drops i mine auger. Det gjer meg glad. Spesiellt glad blir eg dersom plagget har ei fin historie bak seg. På ein liten butikk i Bergen selg dei bruktkle med små fine merkelappar med fine ord om historia til plagget- og eg elskar det! Det kallar eg sjel. Og sjel er det ikkje for mykje av i denne verda.


Her er eit lite utval av inspirasjon eg har kom over på reisa mi i veven i dag:


Ingen kommentarer: