tysdag, mars 30, 2010

Music is what feeling sounds like.

I lykke over å lese alle dei fantastiske artistane som kjem til Malakoff Rockfestival i år! Drøyme meg vekk i varme sommardagar, bare føter på gras, kald øl, deilig musikk, grilling og gode vennar. Akkurat slik eit perfekt minne skal vere. Minner er til for å huskast- og til for å lagast. Og i perfekte omgjevnadar slik som Malakoff gjev deg, så slår det sjeldan feil at nye gode minner blir laga som perler på ei snor.

Her er nokre av dei eg gledar meg ekstra til å sjå (Juhuuu!!):

Bob Hund, indierockeband frå Sverige. Kanskje det eg gleda meg mest til; Jaga Jazzist(!!!) Fantastisk elektronikapopjazz. Blir ei oppleving utan like! Ferskingen Lucy Swann. Original og magisk pop! My love; Sivert Høyem. Nydelig fløyelsmjuk stemme, eks vokalist i Madrugada. Ta med din kjære og klin til musikken. Då vil han/ho bli din for alltid. Bli sjarmert av Susanne Sundfør sin deilige røyst......

Og min store kjærleik; Thomas Dybdahl. Neil Young'ish. And i love it!

Og mange, mange fleire........Drops!

Sjekk ut linken HER: http://www.malakoffrockfestival.no

Dust og deilig

-Akryl/tusj på lerret og papir 60*60

-Teikning blanda med akryl.













Nytt bilete til salgs! 1,30*60 cm. (ca) 2 cm djubde.

Klikk inn på bildene for å sjå dei i større format!

fredag, mars 26, 2010

Pjuskete fredag...


Akk, vil ikkje vere pjusk til helga. Men det er desverre ein realitet. Får ta c-vitamin, drikke tran, ete blåbær og det som er.

Amen.
Dagen.


Dagen for å klikke på annonsene til ein stakkar skarve kunstnar.

torsdag, mars 25, 2010

Hope i don't fall in love with you.....



Well i hope that i don't fall in love with you.
'Cause fall in love just makes me blue.
Well the music plays and you display,
your heart for me to see.
I had a beer and now i hear you
calling out for me.
Well i hope that i don't fall in love with you.

Tom, mannen i mitt liv som eg alltid kjem til å elske.

In need of inspiration.

Kjenne på meg at eg bør gå ut for å få litt inspirasjon i dag. Litt smågroggy etter deilig jazzkonsert på Kvarteret i går. Og kva passa beire enn å få litt frisk luft under vingane? Driv å måla fire bileter- eller kanskje fem samtidig. Eigentlig ganske greit. For då slepp eg bli så lei av kvart enkelt bilete.

Skal legge ut foto av bileta om ikkje så lenge. Men fyrst: Ut å gå tur med kameraet.Har eg gløymt å seie at eg gledar meg til påske? Då skal eg heim å ete meg feit.

onsdag, mars 24, 2010

Sol.

Veit ikkje heilt om eg har sagt ifrå, kjære Gud, at no kan Bergen gjerne få litt sol. Og ikkje berre det våte som dryppe ned frå himmelen. Steng av kranene og sett på varmelampen.

Håpe du kan tenke på saken.

Ærbødigst helsing Jeanette.

tysdag, mars 23, 2010

Påske.

Ikkje lenge att til påska. Den gule høgtida vi alle venta på- berre fordi den innheld raude dagar. Gult og raud blir oransj. Og appelsiner er oransje- noko vi et mykje av i påska. For påska er den høgtida då appelsinene er best.

Berre ei lita anekdote, no før den gule høgtida.

Ps. Høgtida blir på tradisjonellt vis feira i vakre Kjølsdalen. På garden mellom dei steinete fjell og nutar.
The day today. Tirsdag.


søndag, mars 21, 2010

Tolmod-ein dyd.Nasa rynka seg, augebryna fell ned i augene- og spørsmålsteiknet surra rundt i hovudet. Då gjeld det å ha tolmod. Vente å sjå kva som skjer. Eg er ikkje spesiellt god på det. Vil helst alt alt skal skje i mitt tempo. Tydeligvis går ikkje det.

I dag, søndag. Siste dagen av helga. Dagen etter laurdagen då eg hadde fri, sprang til Svartediken og var på innflyttingsfest. Innflyttingsfest med punsj, raud leppestift og sko med høge hela.

Søndagen har eg óg benytta til å helse på Svartediken. Deilig å springe ute i dag. Kjenne våren komme med eit friskt pust og vi kan på ny sjå bakken igjen her i Bergen.

I mellomtida venta eg.

torsdag, mars 18, 2010

By the way.

Har heilt gløymt å feire min fire årsdag til bloggen min.Tenke seg til. Eg har hatt den i fire år! Ser no at både eg og bloggen og ikkje minst måten min å skrive på har endra seg gjennom dei fire åra. Godt er det.

Happy ex B-day bloggen min!
Anthony og eg.
Det er torsdag. Og alt eg vil er at det skal bli fredag. Grunnen er "uviss".

På høgtalarane strøyme det ut såre vakre tonar av 'Anthony & The Johnsons'. Han bør helst nytast ilag med ein kopp rykande varm kaffi og eit drøymande blikk. Som passar fint for dagen i dag.

Eg kjenner eg går litt inn i meg sjølv når eg høyrer dei mjuke melankolske tonane. Kanskje ikkje heilt på sin plass når eg sit å ventar på kundane skal komme inn og eg skal dresse dei opp i dei flottaste antrekka.

Å gå inn i seg sjølv er ein fin ting. Det er ein trygg stad- og irriterande moment som trafikkdur og mennesker som hastar forbi verda forsvinn i ein skoddeheim.

På tide å gjere entré i den verkelege verda og eg gjer eit musikkskifte. 'The Beach boys' og meg er klare for å selge.
(Ps. Svært svært dårleg på "klikking" på annonsene nedanfor!)

onsdag, mars 17, 2010

Vakre lille klompen.


Tights.


Aleine.Tunge regndråpar treff andletet. Mørket favnar kroppen idét joggeskoa treff vegen dekka av sørpe og morkna jord. I ei verd for seg sjølv saman med Bo Kaspers på øyret. Avhengig som ein narkoman.


Eg og vatnet spring side om side. Eg spring om kapp med det- men har ikkje sjangs på å nå det att. Det har allereide kome til enden før eg er der. Det er rart med vatten. Det kan sjå stille ut- men det ligg der som eit lunefullt djup i mørket. Etterliknar lysa og byen. Det etterliknar til og med meg.

Ein sleten kropp med raude kinn kjennast som lykke. Lykke som dampar av vatten mot glovarme hud. Dråpar som lagar elv av mascara. Svarte striper som er ein motpol til tårer av sorg.


Lungegårdsvatnet eg elskar deg.Du er mi oase av bygd- midt i ein hektisk by. Ein oase som eg har delt mine tankar med. Men dei er mellom meg og deg. Og du tystar ikkje.

tysdag, mars 16, 2010

Babytimen.




Fekk deilig besøk av Sara og Tuva på butikken i dag. Tuva er snart tre mnd. gammal, og eg har enda ikkje fått meg til å besøke dei. Men endelig! I ein liten klomp på mamma sitt bryst låg ho og såg på meg med store vakre auger.
I dag gleda eg meg til å sjå enada ein liten yngel. Karl Elias som berre er sju daga gammal.
Skal seie dei står på, desse venninnene mine! Kan tenkast at det kjem fleire biler av små kryp på bloggen i løpet av dei næraste dagane.


måndag, mars 15, 2010

Ps. Klikk på annonsene. Fine annonsene.
Det var ein gong.

Det var ein gong eit lite frø. Som spira inn i magen og vart til ein liten bolle. Alle skulle trykke og klemme på bollen- og var svært nysgjerrig på kven som skjulte seg der inne. Alle visste det var ein vakker liten skatt. Men det var jo ikkje spesiellt lett å snakke med nurket når den var på innsida av verda.

Nurket let vente på seg og kom ikkje ut før han ville det sjølv. Han likte seg alt for godt inn i mammaen sin mage. Éin dag etter at skapningen skulle melde sin ankomst såg lille Karl Elias dei store augene til mammaen og pappaen sin for fyrste gong. Og det var kjærleik ved fyrste augekast.

Det høyrer med til historia at mammaen og pappaen fekk den vesle vakre skapningen til odel og eige resten av livet sitt....

tysdag, mars 09, 2010

onsdag, mars 03, 2010

Once upon a time there was a moose



Ein vakker dag skal det henge eit lysande elgehovud i stova mi. Den skal vere kongen av stova. Og eg skal vere dronninga.
Kryss fingerane og klauvene for at eg vinn i lotto i dag.
Ps. :Ikkje gløym å klikk.