måndag, november 30, 2009

Sushi, piker, vin og sang!


Nydelig og absolutt kjekk helg! Overnattingsbesøk av venninner er lenge sidan eg har hatt, og det vart ein heilaften som ein kan minnast i lang tid framover. Fekk besøk av fina Mona! Vi har laga sushi til ein heil armé frå bottenen av, drukke god vin, leika oss, rocka med rockering og sjarmert med å gå utkledd som eit juletre på by'n.

For å ikkje gløyme 'Lysfesten' på laurdag formiddag. Kjende tårene i augekroken då vi song 'Deilig er jorden' med alle fakelane og lysa i treda som omsveipa oss i den mørke november kvelden. Fekk óg høyre vakker musikk av Ole Edvard Antonsen. NYDELIG speling! O' deilige helg! No gleda eg meg stort til jul!

Ventetida.



Advent, og i måra er det allereide 1. desember. Tida går alt for fort! I mellomtida pynta vi litt og venta på at jula og juleferien skal komme over oss......

fredag, november 27, 2009

Jeg vil ha en liten hund!



Eg vil ha ein hund. No! Savna å ha 'tassande' labba over parketten, lydar som eg er vand med heimaifrå.
Vil ha nokon som alltid der for å trøste meg, nokon som får meg til å le uansett kor dårleg humør eg måtte vere i og som alltid er supergla for at eg kjem heim. Sjølvsagt finnast det berre ein hund for meg; Era, men ho er alt alt for langt vekke.
Derfor. Eg vil ha meg ein hund.

Lysfest!




Då var det atter duka for ein av mine favorittdagar i året! I morgon blir det feiring av lyset i mørketida her i Bergen. Det blir feira med tusenvis av fakelar, lys i treda, allsong av julesongar, tenning av julegrana i Lille Lungårdsvann og avslutta med eit spektakulært fyrverkerishow!
Det er min tiande lysfest, og for kvart år som går blir eg berre meir og meir gla i denne dagen.
Atmosfæren og gleden rundt det å stå ilag i mørket med kvar sin fakel- godt innpakka i skjerf, hue og vottar og synge 'deilig er jorden' medan ein skuar utover eit hav av små lys gjer meg varm i hjertet.


I fjor stod eg i festantrekk og var klar til å gå på julebord då eg stod på festplassen og song 'jul med din glede' av full hals. Og der, sjølv om eg trudde eg skulle fryse meg i hel, gløymde eg kulden og dei forfrosne tena i små pumps. Eg var berre ifrå meg av kjærleik, lykke og barnseleg fryd. Og når rakettane glittra over himmelen i dei mest fantastiske fargar og formasjonar så håpte eg at eg ville kjenne det slik for alltid og at ingenting ville forandre seg. Eit fantastisk augeblikk som eg aldri kjem til å gløyme.

torsdag, november 26, 2009

Kvelden då vi laga det katastrofale pepparkakehorehuset.

Skisseteikning av horehuset.Mekking av glasur. Eller "Cumshots" som vi kallar det.Skitne idéar blir sett ut i live!Mona happyface. Ivrig etter å få pynta sjøgehuset!Jabba må bestikkast for å legge seg til ro.Sol laga den finaste "sjøge-gulen" eg nokon sinne har sett!Nymodens husmor. 'Posing' -Deretter baking. Ergo; bakinga kjem i andre rekke.Sleiking av kjevle. Berre for å lade opp til horeriet.Husmora set i gong med horehuset!Her er altså gardinene som skal hengast opp i horevindauget. Der seighorene skal vise fram varene.Trekant logistikk på 'puffen'Jabba gøymer seg, og vil ikkje ta del av dei skitne leikane.Skitten aktivitet på 'loungen'Og Mona dokumenterar.Sol overraskar med ein 'handy' måte å dele opp pepparkake deiga på!Ja!! Morro å lage pepparkakehorehus!Meg, skjær ut vindu med mord i blikket!Nyaste mote innan horekolleksjonen. Og den fine dicokula til Sol.Mona let seg hypnotisere.Utprøving av 'poledancing' av den frekkaste seigdama i bygget.Mona si side blir inngongen for dei som er 'dragqueen'. More is more!!Lei? Kan det vere grunnen til at glasuren tok litt av?Lady GaGa tøffar seg i vindauget. Berre fordi Herman Friele kjem på besøk.Fest i horehuset!Siste finishe'n på verket!Det "swingar" i horhuset...humre.Dei skitne jentene betraktar det katastrofale huset.Naka seigdame.Seigdama gjer seg deilig for fotografen.Jo fleire kokkar......Dokumentasjon av horehuset.
Frekke seighorer lokkar med 'poledance'. Burlesque dance!

tysdag, november 24, 2009

Jakta på kjærleiken.







' Menn er frå mars kvinner er frå venus' seiast det. Ofte kan det verke slik.
Ler meg skakk av desse tre illustrasjonane. For sjølv om dei er satt på spissen, so treff dei vertfall meg med spikaren på hovudet. Eigentlig bør eg berre la bileta tale for seg sjølv. Men kan ikkje stikke under ein stol at eg skulle ønske eg hadde vore meir- eller éin mann inn i mellom. Trur nok ting hadde vore litt enklare. Både for meg sjølv og for andre.
Og då var plutselig nyårsforsettet mitt satt ut i live.


tysdag, november 17, 2009

Nytt bilde til salgs!

Akryl på lerret 50cm*50cm
Jeanette.

Og transemålaren. Kjenner på kroppen at hausten set sine spor i tankar, fysikk og sinn. Aktivitetar eg gjer no utførar eg som i ein transe. Står opp, et frukost, måla, spring og treff folk på kveldstid. Deretter måla eg igjen. Har sett meg som mål å lage ei utstilling før jul eller berre selge mange bileter gjennom forskjellige kanalar. Og då treng eg vel ca. 10-15 bileter. Har no komt opp i 5. So eg skal faen meg stå på uansett om regnet kjem til å pøse ned i enorme mengder i løpet av dei neste dagane. Dessuten har det blitt ein del bestillingar dei siste dagane, og då kan eg ikkje skuffe folk.

Ser fram til dagen i måra. Då blir det bikini og oppvarma vatten i det nye bassenget i Sandviken! Deilig å få ein liten smakebit på sommar og sol:)

måndag, november 16, 2009

ARRRRRRRG!

Sint, forbanna og lei.

Eg går i hi og kjem ikkje ut att før våren kjem.