onsdag, november 11, 2009

Energiføde.

Det slo meg rett før helga at det er lenge sidan eg har tatt turen vekk ifrå Bergen. Rett og slett fordi tida går alt for fort, og eg har ikkje tid til å sjå meg tilbake og tenke over det. Men i helga tok eg skrittet ut av den trygge sandkassa. Og eg tenker over kor deilig det er å komme seg vekk ifrå kvardagen inn i mellom.

Musikklaget tok turen til Stavanger på konkurranse- etter iherdige veker med øving. Med alt det måtte innebære. Ja,vi hadde quizz på bussen og dei mest blærete måtte sjølvsagt vinne, humoren var svært lavmåls som alltid, ting og diverse gjennstandar på hotellet vart flytta rundt om her og der, skopussemaskina var eit ynda fritidssyssel og festen var upåklageleg bra! Ei god helg med andre ord! Det vitna leggetida mi om då eg slokna klokka 20.00 sharp på søndags kvelden etter heimreise.

Men, kanskje det aller kjekkaste på turen var å få møte igjen solstrålen Sunniva. Min kjære eks-arbeidskollega som eg har jobba ilag med på Marimekko. Vi har tilbringt time etter time med fjasing og tulling på jobb (jada, vi har SJØLVSAGT og jobba!).

Sunniva har ei eiga evne til å smile og lyse opp kvardagen, uansett kor mørkt det måtte sjå ut. Ho kan virke stille og til tider sjernert ved fyrste augekast- men synet bedreg! Har du fyrst satt igong skravla så har ho knapt tid til å puste inn i mellom setningane. Og eg elskar historiene ho fortel med ei slik innleving at du føler du har vore der å opplevd det heile sjølv. Ho tek gjerne ein rekonstruksjon av det heile med ein dramatisk vri! Er det nokon son skulle ha vore skodespelar så er det vartfall ho.

Apropo skodespelar. Sunniva er ein slags kjendismagnet. Over alt kor ho er så møter ho kjendisar både i inn- og i utland. Ho har óg ein tendens til å komme midt opp i filminnspelingar. So kanskje sjebnen prøvar å seie ho noko? Bortsett frå å ha ei eiga evne til å møte på kjende, så har ho ein fantastisk kreativitet. Vi var som dynamitt ilag når slo hovuda våre saman for å lage utstillingar på Marimekko. Eit av vår stoltaste 'kunstverk' var då vi laga kyr i grøn eng.

Eg visste at Sunniva har eit fin songstemme, men har aldri skikkeleg hørt den. No, når eg var på besøk i den fine nye leiligheta deira so drog ho fram gitaren. Eg vart måpande sittande å høyre på den mjuke, såre og fine stemma akkompangnert med vakker gitar. Eg fekk høyre to sjølvaga songar, og klappa entusiastisk etter kvar song! Wow, seier eg berre. Eg skal utan tvil melde ho på x-faktor, idol eller eit eller anna talentshow!

Super kjekt å møte deg igjen Sunniva, håpe det ikkje er alt for lenge til neste gong! SMASK!

Ingen kommentarer: