fredag, november 27, 2009

Lysfest!




Då var det atter duka for ein av mine favorittdagar i året! I morgon blir det feiring av lyset i mørketida her i Bergen. Det blir feira med tusenvis av fakelar, lys i treda, allsong av julesongar, tenning av julegrana i Lille Lungårdsvann og avslutta med eit spektakulært fyrverkerishow!
Det er min tiande lysfest, og for kvart år som går blir eg berre meir og meir gla i denne dagen.
Atmosfæren og gleden rundt det å stå ilag i mørket med kvar sin fakel- godt innpakka i skjerf, hue og vottar og synge 'deilig er jorden' medan ein skuar utover eit hav av små lys gjer meg varm i hjertet.


I fjor stod eg i festantrekk og var klar til å gå på julebord då eg stod på festplassen og song 'jul med din glede' av full hals. Og der, sjølv om eg trudde eg skulle fryse meg i hel, gløymde eg kulden og dei forfrosne tena i små pumps. Eg var berre ifrå meg av kjærleik, lykke og barnseleg fryd. Og når rakettane glittra over himmelen i dei mest fantastiske fargar og formasjonar så håpte eg at eg ville kjenne det slik for alltid og at ingenting ville forandre seg. Eit fantastisk augeblikk som eg aldri kjem til å gløyme.

Ingen kommentarer: