tysdag, november 17, 2009

Jeanette.

Og transemålaren. Kjenner på kroppen at hausten set sine spor i tankar, fysikk og sinn. Aktivitetar eg gjer no utførar eg som i ein transe. Står opp, et frukost, måla, spring og treff folk på kveldstid. Deretter måla eg igjen. Har sett meg som mål å lage ei utstilling før jul eller berre selge mange bileter gjennom forskjellige kanalar. Og då treng eg vel ca. 10-15 bileter. Har no komt opp i 5. So eg skal faen meg stå på uansett om regnet kjem til å pøse ned i enorme mengder i løpet av dei neste dagane. Dessuten har det blitt ein del bestillingar dei siste dagane, og då kan eg ikkje skuffe folk.

Ser fram til dagen i måra. Då blir det bikini og oppvarma vatten i det nye bassenget i Sandviken! Deilig å få ein liten smakebit på sommar og sol:)

Ingen kommentarer: