fredag, januar 30, 2009

Voltarol og Nm......

Dårleg kombinasjon for dei som har prøvd. Eller, medisinen og Nm går fint ilag. Men det er vel sjølve grunnen til at eg tek Voltarol som ikkje heilt lar seg kombinere med Nm-øvingshelg..

Var til kiropraktor i dag tidleg. Denne gongen for å knekke nakken min opp. Holdt på å besvime på veg heimatt igjen, og måtte ha ei bytte nedafor senga som ein slags placebo-effekt for å lindre kvalmen. Trudde kanskje det var over med det. Men neida.

Har dei siste timane no før eg la meg sete stiv som ein pinne rett opp og ned i sofaen. Måtte ty til 2 glas med kahlúa for å lindre dei stive musklane mine. No har då Synnøve og Rune hjelpt meg i seng med tre varmeflaske, voltarol og pc'en til underhaldning.....Takk!!

Ser mørkt ut med tanke på Nm...

Og ja, eg synst synd på meg sjølv.

onsdag, januar 28, 2009

søndag, januar 25, 2009

Ei gledeleg historie.

Det finnast forsatt "ærlege" mennesker der ute i verda.
Mobilen min har vore ute på eit lite eventyr. Eit litt lugubert med dog vakkert eventyr.
Eg fekk ein telefon frå ein mann med litt gebrokken norsk, dvs. Ragnar fekk telefon frå denne mannen. Han ba meg ringe oppatt på nr. han hadde ringt ifrå. Eg gjorde som han sa. Lett bytte som eg var etter å ha mista min kjære mobil.

Han hadde mobilen min. Fekk kjøpt min kjære gullklomp for 300 kr i Nygårdsparken! Men sidan eg sperra den, virka den beklaglegvis ikkje lenger. Beklaga for det altså junkie! Eg skal kjøpe ein ny mobil til deg... Eller not.

Kanskje det var ein av grunnane til at han kjende ærlegheita blomstre opp i han. I allefall, han ville gjerne gje mobilen tilbake te meg. Fordi, rakettforsker som han var skjønte at det var noko gale sidan der allereide var mange meldingar og komplett tlefonliste inn på den(!). Så eg fekk tilbodet om å hente den på andre sida av puddefjordsbrua. Eg tok føtene fatt. Tok med meg min mann som bodyguard(haha) og besøkte minibanken for å ta ut 300 kr. for å kjøpe attende mobilen min.

So no sitte eg her, gla og nøgd med mobilen i handa. Vel, heilt nøgd e eg ikkje sidan mobilen min ikkje kjem til lage før mandag når talkmore sitt kundesenter har opna. So Torbjørn på Nøstet, eller ka i faen du heite. IN YOUR FACE! Håpe rusen du fekk for mine 300 kr. va jævlig verdt det!

laurdag, januar 24, 2009

Ps. Du e nr. 1 på mi hata intenst liste!!!!!
Måtte mannen brenne i helvete.

Mista mobilen min i dag. Min kjære mobil som eg har alle slags finurlege ting og tang inn på. Bilde av familien, bestemor som synge julesonga og rare opptak av min kjære voffs.

Snakka med tjuven på telefonen. Han sa han kanskje ville levere den tilbake te meg dersom eg ville møte han. Ikkje faen sa eg (på ein fin måte for å ikkje irritere han). Han sa han skulle levere den te kiwi'en på nøstet. Eg har vore der men han har ikkje lagt den ifrå seg der enda.

Håpe du ve føde melona og spy slanga i natt din drittsekk!!

torsdag, januar 22, 2009

Minner.

Då var vi attende i Bergen og beheld Krakow-turen som eit varmt minne i hjartet. For ein fantastisk by!
Det å gå gatelangs i Krakow trigga eit spekter av kjensler som strekke seg frå A til Å. Historia som ligg i sjela til byen er grusom. Å sjå bileter av store massegrave, høyre historia frå mennesker som fekk kjenne jødehatet på nært hald og sjå dei mange gravplassane som dukka opp med jamne mellomrom i gamlebyen får ein til å kjenne seg trist i sjela.
På same tid er byen full av glede, varme lune kaféar og fantastiske bygg så langt auget kan sjå!

Eg let att augene og drøyme meg tilbake til Camelot med sin varme lune atmosfære, kyrkjer klare til gudstjenete fyld av mennesker med ei oppriktig tru og lukta av stearinlys og røykelse. Klare og vakre tonar frå fiolinen som smyg seg inn i øyrene frå konserten i den nydelege kyrkja. Kjenne smaken av den varme vinen og dei sterke morella som røska i ganen og dei fine menneska eg delt alt det her med....:)

























































fredag, januar 16, 2009

Krakow!



Endeleg pakka ferdig og klar te å reise. Men ikkje klar for å stå opp kl. fem.... Gleda meg ellers!

Ha ei flott helg folkens!:)

tysdag, januar 13, 2009

Den jula eg fekk meg nytt speilreflekskamera med min kjære.








Kafé-besøk nr. 2.
Kafé-besøk nr.1 etter ei mislykka visning på ei godt innrøykt leilighet.Elg i solnedgong.Bergen ein kald fin vinterkveld. Ein av dei få.Kald i kjaken og full av faen.Deilig med avislesing 1. nyttårsdag etter ein fin tur i kvelden.Bergen pynta til jul.Månen gav Bergen eit vakkert slør av lys.
Ragnar baka dei beste bollane.
No more champagne, and the fireworks are through...

Godt nyttår kjære folk! Burde vel strengt tatt hatt ei oppdatering for lenge sidan, men kan ikkje seie det e so lett når eg ikkje har maskin tilgjengeleg til alle døgnets tider. Men akkurat i dette øyeblikk sitt ei lite opplagd Jeanette i morgenkåpa og prøva å kurere infulensaen sin. DÅ passa det perfekt å oppdatere bloggen.

Trist jula ikkje hadde tid til å besøke oss (meg) lenger enn berre ei veke. Jula vart feira som seg hør og bør heime i Kjølsdalen på ekte tradisjonellt vis. Ikkje eit avvik ifrå tidlegare julefeiringar! Vel, det er ikkje heilt sant. Therese, som er blitt ei gift kvinne og skikkelig seriøs måtte feire jula i Oslo med Jens Marius sin familie. Makan te frekkheit spør du meg.

Eg fekk ete mi kvote med ribbe(altså pinnekjøt). Arrangert den obligatoriske julelunchen med familien på pappa si side 1. juledag. Besøkt galne tante Else m/fam. i Stryn 2. juledag. Slosting, fyll, fanteri og kjolen oppunder armane på bygdafest 3. juledag. Og ikkje minst teke del i overnattig på Alexandra ilag med sønskenbarn og bestemor. Med påfølgande spa.

Då vart saknet etter min kjære for stort. Og eg reiste nedatt til Bergen for å ynskje det nye året velkommen! Eg fekk den store opplevinga av å vere vertinne i nyttårsfeiringa. På menyen stod det kalkun, og fire middagsgjesta gjorde sitt beste for å få plass rundt eit vakkert lite bord som Jeanette (meg, red. anm.) hadde pynta i sølv kvitt og svart for anledninga! Vakkert spør du meg, men upraktisk spør du Ragnar.

Då va vi her. 2009. Alle har store forventningar til året 2009. Etter horoskopet mitt å bedømme ser ikkje det nye året til å bli so aller verst! Eg vil oppleve mykje reising på eksotiske stadar. Noko som passar meg utmerket sidan eg skal til Krakow i helga! Eg vil møte mykje spennande folk og vil ikkje minst oppleve kjærleik ved fyrste blikk i juni. "Denne personen vil ta meg med overraskande storm". Litt dumt i grunn......sidan eg allereide har møtt Ragnar.

So vi får då berre sjå ka det nye året bringe. Foreløpig har ikkje 2009 ført med seg so mykje anna enn regn her i Bergen. Men det nye i 2009 er at eg mest sannsynleg skal bli sambuar. Grunnen til at eg skriv mest sannsynleg er at det tek si tid med å finne passande stad å bu. Anten er det for dyrt, for stor trapp, for innrøykt, for dårleg plassering på badet...osv. osv. No har vi vel ikkje akkurat leita so alt for lenge etter leilighet. Men eg ve jo helst at det skal skje ganske fort. Utolmodige sjela som eg er.

2009! Bring it on!