søndag, januar 25, 2009

Ei gledeleg historie.

Det finnast forsatt "ærlege" mennesker der ute i verda.
Mobilen min har vore ute på eit lite eventyr. Eit litt lugubert med dog vakkert eventyr.
Eg fekk ein telefon frå ein mann med litt gebrokken norsk, dvs. Ragnar fekk telefon frå denne mannen. Han ba meg ringe oppatt på nr. han hadde ringt ifrå. Eg gjorde som han sa. Lett bytte som eg var etter å ha mista min kjære mobil.

Han hadde mobilen min. Fekk kjøpt min kjære gullklomp for 300 kr i Nygårdsparken! Men sidan eg sperra den, virka den beklaglegvis ikkje lenger. Beklaga for det altså junkie! Eg skal kjøpe ein ny mobil til deg... Eller not.

Kanskje det var ein av grunnane til at han kjende ærlegheita blomstre opp i han. I allefall, han ville gjerne gje mobilen tilbake te meg. Fordi, rakettforsker som han var skjønte at det var noko gale sidan der allereide var mange meldingar og komplett tlefonliste inn på den(!). Så eg fekk tilbodet om å hente den på andre sida av puddefjordsbrua. Eg tok føtene fatt. Tok med meg min mann som bodyguard(haha) og besøkte minibanken for å ta ut 300 kr. for å kjøpe attende mobilen min.

So no sitte eg her, gla og nøgd med mobilen i handa. Vel, heilt nøgd e eg ikkje sidan mobilen min ikkje kjem til lage før mandag når talkmore sitt kundesenter har opna. So Torbjørn på Nøstet, eller ka i faen du heite. IN YOUR FACE! Håpe rusen du fekk for mine 300 kr. va jævlig verdt det!

Ingen kommentarer: