onsdag, mai 17, 2006

17. mai og "kåneemne"



Gratulerer me dagen godtfolk!

I dag har eg og Synnøve, bortsett frå å ha vore ute å traska, vore skikkelige "kåneemne"!

Dagen starta med potetskrelling, husvask og stryking av bunadskjorte. Stryking av bunadskjorte må uten tvil vere ein syssel som e funne opp ev djevelen sjølv!!

Etter ei runde rundt i byn, eting av vaffel, underhaldning av Handelhøgskulen sitt korps som bada i ei fontene- vendte vi nasa heim for å stelle i stand ein ekte bondelunsj!

Vi dekka på me potetsalat, loff, mårpølse, lefse, flytande sjokoladekake, is,smågodt, kjeks og ei deilig kake Elin kom med!

Både Elin, Synnøve, Vegard, Jon Dale(fann deg i årbokji), Maria, Ane og meg åt so vi trilla!mmmmmm.....

For dei som ikkje veit det hadde me juksa litt, for vi hadde ei flintsteik på lur, som vi meska oss med etter alle var vekk!;).... vel, vi måtte selvfølgelig ta eit par timars pause før vi fortærte den!

No e vi godt nøgde me dagen. Og rundar det heile av med fyrverkeri på festplassen!

Lenge leve Noreg og fedrelandet!!!!!


Ingen kommentarer: