torsdag, mai 20, 2010

Dagen i går-

Bør vere akkurat sånn som ein dag i resten av ditt liv skal vere. Ein dag fyllt med grilling, glede, spontan samling av mennesker som ikkje kjenner kvarandre, speling av fotball, triksing med basketball, badminton(-og shuttelcocks), barnslig leiking og sjølvsagt deilig musikk som strøymer ut av ipoden i dei seine nattetimar. Alt under vakker mai-himmel med stjerner og måne på. Gløymte eg å nemne korthusbygging?

Bergen er ekstatisk når det er fint veir. Mennesker ligg slengt over alt. På fortau, i grøfter, på hustak. Alt dette berre for å komme nærare sola. Utlendingane kallar det "sunchasing". Kanskje ikkje så rart sidan vi har fleire mørke dagar enn lyse. No. Ut og nyte kvar ein solstråle.

Ingen kommentarer: