tysdag, september 19, 2006

Forsatt syk og svak, derfor tok eg turen heim te Kjølsdalen for å slappe av. Har vore med mamma og pappa på hytta i Stryn i dag. Medan dei målte "kjellarbod" og hengde opp nye gardiner, so satt eg godt inntulla i eit pledd framfor ovnen og las i hytteboka. Det e jammen mykje rart som er blitt skreve i den opp gjennom tidene. Medan mamma og den eldre garde prøva å halde nivået noko lunde seriøst (matreferat.... kva ein åt, kven ein åt med og kva hadde ein opp i maten), so kjøyre den yngre garde på med terningkast og diplom både for dagens gullkorn og kven som har inngått fiktive ekteskap....

Nokon står mest sannsynleg ikkje for det dei har skreve, andre skulle kanskje ønske dei hadde skreve litt meir og spenstigare, medan andre angra sikkert på at dei vart med på hytta i det heile tatt;) Uansett, moro er det å lese hytteboka.

3 kommentarer:

Monica sa...

Hytteboka er ei god oppfinning. Vi har to på vår hytte med interessante opplysningar, ordspel og merkverdige historiar som ikkje alltid stemmer. Eg slår eit slag for å endre det gamle slagordet "Ja til boka".

Ja til hytteboka!

jeanette_s sa...

heilt einig. folk endra seg til det positive når dei e på hytta. utan jag og mas frå tv, bilar, ting og tang ein skulle ha gjort.... ja hytta e ein fin plass..

Sasi sa...

Saft med sprit og hyttebok:) Hyttebok er kjekt!