fredag, januar 08, 2010

Gamle steg.


Bergen er dekka i snø. Kvit deilig snø som ligg som eit lunt teppe over ein grå kvardag. Eit teppe som lettar sinnsstemninga og som reflekterar det etterlengta lyset frå det runde gule på himmelen. Sola helsar på oss. Og når natta kjem er himmelen stjerneklar og frostrøyken vitnar på at vi pustar og lev. Vi kjenner at fingrar og tær er der under alle laga av stoff. Anten nummen av kulde eller klamme av ull mot hud.

Alle ventar på at regnet skal komme, stirrande mot himmelen og med forundring i blikket over fråværande fall av vatten. Dei som brøyter er meir forarga. Irritert inn i sjela over at ikkje vattenet gjer jobben for dei. Dei ventar og ventar. Eit miniatyr-landskap av Nordpolen er planta på bakken. Kald, isete og klar for å ta imot varmande mennesker som plutselig ligg der.

I Same augeblikk går to gamle føter over landskapet. Små korte steg og med ein spenst som gammalt morkna gummistrikk. Fortviling i blikket over svunnen ungdom og hjelpelause. Ingen er der for å hjelpe. Urinstinktet er ute på jaktar etter mat. Mat for å overleve. Survival of the fittest. Mat må ein ha sjølv om kvikksølvet kryp forbi den nedre bottenen av termometeret.Dei gamle føtene tek steget trygt over dørstokken der heime. Gleden over å ha kryssa Nordpolen gjev føtene ein varm lunk. Så var denne dagen redda utan broten lårhals.

Ute klør brøytemannskapet seg forsatt i hovudet over manglande regn. Ein av dei kjem med ein lys idé. Kva med å måke vekk snøen frå vegar og fortau? Dei andre nikkar seg einige over professoren sitt glimrande påfunn. Dei skal berre drikke opp kaffien sin fyrst...

Ingen kommentarer: